Kortnytt

Faddersjef trekkjer seg

Publisert Oppdatert

Faddersjefen i Stavanger trekkjer seg. Det kjem fram i ei pressemelding frå StOr, Studentorganisasjonen ved Universitetet i Stavanger.

Ei faddergruppe frå hausten 2020. Neste års faddersjef ved UiS har no trekt seg.
Ei faddergruppe frå hausten 2020. Neste års faddersjef ved UiS har no trekt seg.

Gila Hotek hadde vervet som faddersjef for Fadderfestivalen 2021, men på studentparlamentsmøtet førre veke valde ho å trekka seg. Bakgrunnen for valet er utfordringar knytt til samarbeid, heiter det i pressemeldinga.

No vil stillinga som faddersjef verta lyst ut på nytt, seier StOr-leiar Philip Lundberg Jamissen i pressemeldinga.

(Hilde Kristin Strand / Khrono)

Kortnytt
Powered by Labrador CMS