Gløym Facebook! Her er sosiale media for forskarar!

Om du ønskjer å bli meir lest og sitert av andre forskarar, er det heilt andre sosiale media enn Facebook du må velje, skriv professor Arne H. Krumsvik.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Mange av mine kollegaer brukar mykje tid på å lære seg bruk av Facebook, Twitter og LinkedIn, og det svermar av konsulentar og informasjonsmedarbeidarar som gjerne vil hjelpe til. Forskingskommunikasjon har blitt eit eige fag.

Dette er heilt greitt om målet er å formidle forskingsresultat til folk flest. Men om du ønskjer å bli meir lest og sitert av andre forskarar, er det heilt andre sosiale media du må velje. Her er dei tre viktigaste:

  • Google Scholar: Alle forskarar brukar denne søkemotoren, men få har oppdaga at du kan opprette din eigen profil og enkelt få oversikt over kven som har sitert arbeida dine. Dei som søker vil finne lenke til profilen, og kunne orientere seg om kva du elles har publisert. Google tipsar deg også om nye relevante publikasjonar.
  • Academia.edu: Her kan du laste opp eller lage lenkar til tekstane dine. Ein fersk studie viser at publikasjonar som vert lasta opp på Academia.edu får ein auke i siteringar på 73 prosent over fem år.
  • Research Gate: Det mest avanserte sosiale nettverket for forskarar akkurat no. Har all funksjonalitet du finn på Academia.edu, og meire til. Mellom anne koplar dei deg til alle du har sitert og alle som siterer deg. Det er også enkelt å spørje kollegaer om å få tilsendt ferske tekstar som på grunn av copyright ikkje kan lastast opp.

Skal du velje eit eller to? Nei! Det krev ikkje store innsatsen å lage profilar på alle tre. Om du vil bli lest og sitert, er det ikkje så mykje å lure på. Gløym Facebook! Dette er  relevante sosiale media for forskarar!

Gløym Facebook! Her er sosiale media for forskarar!

Arne H. Krumsvik

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS