Vil ha fleire til å evaluere EU-søknadar
Universitetet i Bergen ønsker at fleire av dei ansatte ved universitetet skal bidra til å evaluere EU-søknadane til sine kollegaer. Det gjer ein betre rusta til å skrive eigne søknadar, ifølge universitetet.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Universitetet i Bergen (UiB) si satsing på å få folk til å melda seg som «indipendent expert» er eit konkret tiltak for å få høgare gjennomslag i EUs forskings- og innovasjonsprogram, Horisont 2020.
Arbeidet går ut på å vurdera andre sine søknadar til EU-programma, og nokre gonger vera med å diskutera søknadane i eit panel i Brussel, ifølge På Høyden.
Må bli betre på å forklara «impact»
Leiar for teamet som jobbar med å auke bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA) ved UiB, Beatriz Balino, meiner det er ei svært viktig og nyttig erfaring for dei som sjølv sender søknadar.
— I EU-programma legg dei like mykje vekt på eksellense som på «impact» og innovasjon – på kva betyding forskinga har for samfunnet. Viss du har vore gjennom ein diskusjon med ekspertar i eit panel som vurderer søknadar, så byrjar du å forstå kva dei legg vekt på. Mange forskarar sliter med å skriva desse delane av søknaden som går på impact og innovasjon. Det gjeld særleg innan grunnforsking, seier Balino.
Det å evaluera andre sitt arbeid kan vera ein inngangsport for unge forskarar som treng erfaring med å skriva.
Bodil Holst
Les også: Bekymra for låg vekst i eksterne inntekter
Ho opplever at forskarane har veldig mykje å henta på nettopp dette punktet.
— Impact er å bidra med meir kunnskap, det er opplagt, men ein må spørja seg om forskinga får konsekvensar for nokon eller noko i det lange løp. Ikkje berre i forbindelse med teknologisk utvikling, men også for utviklinga i samfunnet.
Til saman er det 36 UiB-tilsette som har evaluert søknadar under Horisont 2020-programmet.
— Hatt mykje å seia for karrieren
Professor ved Institutt for fysikk og teknologi, Bodil Holst, har vore med å evaluert søknadar i over 20 år - frå ho var 25 år gamal.
— Eg synest rett og slett at det er kjempeinteressant. Det gjev innsikt i område som eg kanskje ikkje hadde fått innsikt i elles. Mykje av evalueringsarbeidet gjer eg heime i frå, det er kjekt når ein har familie og ikkje kan reisa så mykje. Personleg synest det har vore svært gjevande med evalueringane me gjer i Brussel. Ein får reisa å møta så mange spennande menneske. Eg har funne partnarar til eigne EU-prosjekt på den måten, seier Holst, og legg til:
— Eg har også koordinert to EU-prosjekt. Eg kan med sikkerheit seie at det å ha mykje erfaring med å lese søknadar var ein viktig faktor når eg fekk desse prosjekta. Ein blir mykje betre til å skriva sjølv når ein les andre sine søknadar.
Ho trur det kan vera smart å byrja tidleg i karrieren.
— Det har vore veldig bra for min karriere, eg fekk mitt første EU-prosjekt ganske tidleg. Det ville ikkje skjedd om eg ikkje kunne skriva søknadar. Det å evaluera andre sitt arbeid kan vera ein inngangsport for unge forskarar som treng erfaring med å skriva. Ofte i nasjonale program er det meir etablerte forskarar som blir spurde om å evaluera, men EU har ein politikk om at ein ikkje treng å vera professor for å gjera jobben, seier Holst.
— Mange synest det tar for mykje tid
Balino seier ei utfordring er at mange synest det tar for mykje tid å evaluera.
— Ein må kanskje vera ei veke i Brussel for å vurdera søknadar med panelet, det er ganske krevjande. Det er også moglegheit for å evaluera heime i frå. Men det kjem i tillegg til det ein vanlegvis driv med, og difor er det mange som vegrar seg, fortel Balino.
Ho trur instituttleiarane har ei nøkkelrolle i det heile.
— Det er viktig at også instituttleiarane oppmodar forskarane til å delta i dette. Det blir ei investering for forskaren, men også for instituttet på sikt. Instituttleiar kan legga forholda til rette for at forskarane kan få tid til å gjennomføra det. Kanskje dei kan få undervisningsfri i perioden det gjeld, eller få færre andre oppgåver. Ein må freista folk, og visa omsyn til personen som skal yta noko ekstra, avsluttar Balino.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!