EUs generaldirektør Jean-Eric Paquet og statsråd Iselin Nybø treftes i Kunnskapsdepartementet i Oslo i går. Foto: KDP

Nybø vil ha meir havforsking og likestilling i EUs rammeprogram

Dialogmøte. Hovudbodskapen frå Norge til EUs nye rammeprogram er klar: Full tilgang til Horisont Europa. Du kan følge dialogkonferanse direkte her.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Forskings- og høgare utdanningsminister, Iselin Nybø, tjuvstarta i går, tysdag, med å gi sine førebelse råd og innspel til EU om det nye rammeprogrammet for forsking, Horisont Europa.

På ettermiddagen hadde ho besøk i Kunnskapsdepartementet av EUs generaldirektør Jean-Eric Paquet. Og den viktigaste bodskapen var «full tilgang» for Norge i det nye rammeprogrammet. For EØS-landet Norge er det ikkje gitt.

Eg meinte at likestillingen må bli styrka, det er vikitig, og er noko som må gjennomsyre alt vi jobbar med.

Islein Nybø

Dialogmøte i dag

I dag, onsdag 5.september, blir det arrangert dialogmøte om Norges innspel til Horisont Europa.

Du kan følgje dialogmøtet direkte på strømming her:

Målet med onsdagens møte er å drøfte EU-kommisjonene sitt forslag til neste rammeprogram med sentrale aktørar i forskingssektoren, mellom anna Universitets- og høgskolerådet, ulike forskingsinstitutt, næringslivet, helsesektoren og offentlig sektor.

Likestilling og hav

Innspela som kjem fram på møtet vil bli ein del av arbeidet med å utvikle Norges offisielle posisjon som sendes til EU-kommisjonen i høst.

— Men du tjuvstarta med innspel allereie tysdag?

— Generaldirektøren hadde hatt møte med fleire aktørar tidlegare på dagen, så han hadde motteke den viktigaste bodskapen i fleire kanalar allereie: Full tilgang til Horisont Europa. Så han var godt førebudd på det, seier Nybø til Khrono rett etter møtet.

Statsråd Nybø ønsker ikkje å refere til kva som blei sagt mellom dei to, og heller ikkje kva slags respons ho fekk på innspela sine.

— Kva meir gav du han innspel på?

— Eg meinte at likestillingen må bli styrka, det er vikitig, og er noko som må gjennomsyre alt vi jobbar med, seier ho.

I tillegg fortel Nybø at ho tok opp at satsinga på havforsking bør bli sterkare og at nyvinningen «missions» (store prosjekt retta mot å løyse konkrete globale utfordringar, som f. eks. plast i havet) må få skikkelege budsjett.

Rektorar vil ha meir humaniora og kvalitet

Nybø understreker at dette er ein prosess som skal gå sin gang før departementet kjem med sine endelege innspel.

Fleire har allereie sagt kva dei ønsker seg. Tidlegare rektor ved Universitetet i Oslo, Ole Petter Ottersen, og no rektor ved Karolinska Institutet, seier at det viktigaste no er at EU ikkje berre held fram som før, men på alvor tar innover seg dei nye utfordringane Europa står framfor.

Åtte av landets universitetsrektorar har tidlegare kome med to innspel, eller position paper til det nye rammeprogrammet, seinast i april 2018.

Det første kom allereie i januar 2017 der dei same rektorane ba EU satse på humaniora og kvalitet.

Fem punkt frå rektorane

Gjennom fem punkt peikte universitetstoppane på kva dei meiner er viktig i EUs forskingssatsing:

  • Europe will benefit if Excellent Science continues to be a cornerstone of Horizon 2020 and future framework programmes
  • Europe will benefit from a better balance between basic research and innovation
  • Europe will benefit from sufficient and sustainable funding levels of collaborative science
  • Europe will benefit from a better integration of the social sciences and humanities disciplines in Societal Challenges
  • Europe will benefit from more international collaboration with the best researchers in the world



FAKTA

Horisont Europa

I 2021 vil Horisont Europa ta over for dagens rammeprogram for forskning og innovasjon, Horisont 2020.

Kommisjonens forslag lyder på 97.6 milliarder euro, en økning på hele 40 prosent, uten bidrag fra Storbritannia.

Det er ventet at både Norge og Storbritannia og en rekke andre land vil knytte seg til programmet. Dette vil øke budsjettet ytterligere.

Et europeisk innovasjonsråd (EIC) er et av flere nye elementer i det kommende rammeprogrammet.

Kilde: europalov

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS