Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
USA
70 prosent av søkarane som har familieband som skyv dei fram i køen, er kvite. Denne gruppa har seks til sju gongar større sjanse for å få studieplass enn andre grupper.
Det er blant påstandane frå tre organisasjonar som har klaga det prestisjetunge universitetet inn for staten.
I 2019 vart lag 28 prosent av studentane på lågare grad tatt opp på grunnlag av familiebakgrunn, eller ‘legacy’. Tala er basert på Harvards eigen statistikk, ifølgje nyhendebyrået Reuters.
Fleire av eliteuniversiteta i USA, blant dei Harvard og Yale, praktiserer ‘legacy admission’, det vil seie, at søkarar med foreldre eller annan familie som har gått på universitetet før dei, blir prioritert. Det same gjeld medlemskap i lag og organisasjonar eller bindingar til bedrifter som donerer pengar til universiteta.
I praksis fører det ifølgje kritikarane til at ein vesentleg del av opptaket til universiteta held fram med å reprodusere gamle privilegium knytt til rasediskriminering.
Klagen, og no etterforskinga, er ein reaksjon på ei avgjersle i amerikansk høgsterett i juni. Der gjorde det konservative fleirtalet av dommarar ende på opptakskriteria ved mellom anna Harvard, som i fleire tiår har opna for kvotering av underrepresenterte minoritetar. Ifølgje høgsterett er praksisen ulovleg.
President Joe Biden var blant dei som raskt uttalte seg kritisk om avgjersla.
— Vi kan ikkje la denne
avgjersla bli siste ord, sa Biden, og la til at «retten kan komme med ei
avgjersle, men ikkje endre kva Amerika står for».
Harvard har endra opptakskriteria sine etter avgjersla i høgsterett.
Ein talsperson for universitetet forsikrar om at dei framleis vil arbeide for å halde dørene opne, og «gjere endå meir for å oppmode studentar med mange ulike bakgrunnar om å søke».
Ein fersk studie viser, ifølgje The Guardian, at studentar frå høginntektsfamiliar har dobbelt så stor sjanse for å komme inn på dei såkalla Ivy League eliteuniversiteta, samanlikna med dei som kjem frå familiar med låg eller middels inntekt.
Nylige artikler
Søknad klar. Kan bli landets første private universitet
Skulle se forelesninger og skrive oppgaver for studentene. Nå er «Einstein AI» lagt ned
To kulturer blant administratorene
Samme forskningssystem — men hvor er viljen til kompromiss?
Historielause namn på NTNU-bygg
Mest leste artikler
Nobelprisvinnar trekker seg etter Epstein-vennskap
Så mange fikk ikke godkjent doktoravhandlingen sin
Reagerer på kampanje mot «bachelor i irrelevans». — Rakker ned på andre
— Ærlig talt, reklamen fra NMBU er jo bare morsom
Politihøgskolen brukte falske KI-tall: — Jeg legger meg flat