Inger-Lise Bråthen er ein av 163 studentar som no går til sak mot staten i håp om å få anerkjent sine kvalifikasjonar. Ho har venta på rettsaka i tre år og føler seg klar. Foto: Privat

163 studentar saksøker staten — håper ein dom kan endre norsk godkjenningspraksis

Autorisasjon. I dag startar rettsaka mellom staten og psykologistudentane frå ELTE-universitetet i Ungarn. Slik skal saka gå føre seg i Oslo tingrett.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Dagen er komen der 163 psykologistudentar frå Eötvös Loránd University (ELTE) i Ungarn møter staten i retten. Det er sett av åtte dagar til behandling i Oslo tingrett.

Fakta

Søknadar om autorisasjon som psykolog

Frå 1. januar 2018 til 27. september 2019 mottok Helsedirektoratet 504 søknader om autorisasjon som psykolog frå personar som hadde fullført utdanninga utanfor Noreg.

Søknadane spreier seg over 32 land. Over halvparten kjem frå søkarar som har studert i Danmark. Ungarn er neste land på lista, med 106 søknader.

Av alle dei 504 som søkte, fekk berre 36,35 prosent innvilga autorisasjon. 32,12 prosent fekk avslag på autorisasjon, men fekk innvilga lisens. 31,54 prosent fekk avslag.

Kjelde: Helsedirektoratet

Dei 163 kjempar ein kamp for å få anerkjent sine kvalifikasjonar. I 13 år før desse studentane vart uteksaminerte, har psykologar utdanna ved ELTE-universitetet hatt rett til å jobbe i Noreg på lisenstid i eit eller to år, for så å bli autoriserte.

Eg føler meg klar for rettsaka, det har bygd opp til dette i tre år no. Og eg er sjølvsagt veldig spent.

Inger-Lise Bråthen

I 2016 endra alt seg. Helsedirektoratet endra brått praksis på bakgrunn av ny informasjon om utdanninga og masteren i psykologi frå Ungarn var ikkje lenger tilstrekkeleg for å få innvilga verken lisens eller autorisasjon i Noreg.

Sidan har over hundre studentar fått avslag på sine søknadar om lisens og autorisasjon for å jobbe som psykolog.

Samstundes som studentane gjekk til gruppesøksmål mot staten, klagde dei inn saka til EFTA sitt overvakingsorgan ESA i januar 2017. ESA opna i juni 2018 traktatsbrotssak mot Noreg, fordi dei meinte styresmaktene hadde brote EØS-reglane ved å nekte studentane autorisasjon. Overvakingsorganet har enno ikkje konkludert i saka, ifølgje E24.

Stridens kjerne

Målet til saksøkarane er å få retten til å slå fast at avslagsvedtaka er ugyldige. Alexander Lundgreen er en av dei 163 saksøkarane.

— Eg håper ein dom kan bidra til ei opprydning i norsk godkjenningspraksis, sa han til Khrono førre veke.

Fakta

Dette skjer i rettsaka dag for dag.

Mandag 14. okt til og med onsdag 16.okt:

Innleiingsforedrag frå saksøkarane og staten

Torsdag 17. oktober:

  • 09.00 - 10.30: Partsforklaring Tor-Arne Haugland, ein av saksøkarane
  • 10:30 - 11:30: Partsforklaring Alexander Flottorp Lundgreen, ein av saksøkarane
  • 12.15 - 13.15: Partsforklaring Håkon S. Nordnes, ein av saksøkarane
  • 13.15 - 14.15: Vitneforklaring Jarle Eid, instituttleiar ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen. Vitnar for staten.
  • 14.30 - 15.30: Vitneforklaring Bente Wold, dekan ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen. Vitnar for staten.

Fredag 18. oktober 2019:

  • 09.00 - 10.00: Vitneforklaring Rasmus Dynna (per telefon), psykologspesialist ved Sjukehuset-Innlandet, DPS Gjøvik. Har vore rettleiar for ELTE-studentar og vitnar for saksøkarane.
  • 10.15 - 11.15: Vitneforklaring Christer Gavén (per telefon), spesialist i klinisk psykologi, Helgelandssykehuset. Har vore rettleiar for ELTE-studentar og vitnar for saksøkarane.
  • 12.00 - 13.15: Vitneforklaring Anne Farseth, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, Divisjon helseøkonomi og kompetanse, avdeling autorisasjon. Vitnar for staten.
  • 13.30 - 14.45: Vitneforklaring Zsolt Demetrovics, fakultetsleiar (dekan) for utdanning og psykologi ved ELTE-universitetet. Vitnar for saksøkarane.
  • 14:45 - 15:30: Vitneforklaring Tamás Fehér, advokat ved Jalsovszky law firm, Budapest, Ungarn. Vitnar for staten.

Mandag 21. oktober 2019:

  • 09.00 - 10.30: Vitneforklaring Arne Holte, tidlegare visepresident for Psykologiforbundet. Vitnar for saksøkarane.
  • 10.30 - 11.30: Vitneforklaring Roar Solholm, universitetslektor ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen. Vitnar for staten.
  • 12.15 - 13.00: Vitneforklaring Christian Zimmermann, forhandlingssjef i Psykologforeningen. Vitnar for staten.
  • 13.15 - 14.15: Vitneforklaring Per-Einar Binder, professor og visedekan for utdanning ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen. Vitnar for staten.
  • 14.15 - 15.00: Vitneforklaring Per M. Aslaksen (per telefon, muligens frafalles), professor ved UiT-Norges arktiske universitet, forskingsgruppe for kognitiv nevrovitenskap.

Tirsdag 22. okt til og med onsdag 23. okt:

  • Prosedyrer frå saksøkarane og staten.

Stridens kjerne er tolkinga av EU-direktivet om yrkeskvalifikasjonar, som Noreg er forplikta til å følgje gjennom EØS-avtalen. Partane er usamde om saksøkarane har utdanna seg til deg same yrket som ein norsk psykolog.

Saksøkarane og deira advokat Per Andreas Bjørgan meiner ELTE-studentane er utdanna til same yrke, men er innforstått med at Noreg kan pålegge dei såkalla kompenserande tiltak. At studentane tidlegare måtte jobbe eitt eller to år på lisens, før dei fekk autorisasjon, meiner Bjørgan er eit vanleg og akseptabelt kompenserande tiltak.

— Det er noko vesentleg anna å stille tilleggskrav og hjelpe ein kandidat enn å slenge døra i trynet på folk og seie at det femårige løpet deira er heilt irrelevant. Det er ganske drøyt, og det meiner vi staten skal få ein tøff jobb med å dokumentere i rettssaka, sa Bjørgan til Khrono førre veke.

Staten meiner på si side at ELTE-studentane ikkje har utdanna seg til det same yrket som ein norsk psykolog. Etter å ha fått ny informasjon frå ungarske styresmakter om at dei med masteren i psykologi ikkje hadde rett til å yte helsehjelp i Ungarn, var dei nøydde til å endre praksis, ifølgje avdelingsdirektør Anne Farseth i Helsedirektoratet.

Regjeringsadvokat Torje Sunde representerer Helse- og omsorgsdepartementet i søksmålet.

— Når dei då ikkje kan utøve same yrkesaktivitetar som ein norsk klinisk psykolog, kan dei heller ikkje få autorisasjon som psykolog i Noreg. Noko anna ville undergrave autorisasjonsordninga og omsynet til pasienttryggleiken, seier Sunde til Dagens Medisin.

Inger-Lise Bråthen er ein av saksøkarane og er no nestleiar i Psykologiforbundet. Ho syns det er spesielt at staten no plutseleg hevdar at ho og hennar medstudentar ikkje kan jobbe med pasientar i Ungarn.

— I prosesskriva til retten anerkjenner dei at vi kan det. Det er også stadfesta frå ungarske styresmakter ei rekke gonger, seier Bråthen til Khrono.

— Kompenserande tiltak ikkje naudsynt

Saka til ELTE-studentane fekk mykje merksemd både i media og i Stortinget våren 2018. Det førte til utvikling i saka. Helsedirektoratet utvikla eit kompenserande tiltak som skal gjere studentane som har fått avslag, kvalifiserte til å få autorisasjon. Det er no eit 14 månader langt program: to månader med kurs og forelesningar og 12 månader med praksis.

Bråthen fortel at det berre er kulla som vart uteksaminerte i 2016, 17 og 18 som har fått tilbod om det 14 månader lange programmet. Ho er ein av fleire som ikkje er nøgd med opplegget:

Per Andreas Bjørgan er ELTE-studentane sin advokat. Foto: Lund & Co

— Store delar av kurset har vore repetisjon. Dette er også stadfesta av ELTE, etter gjennomgang av kursplanen. Det var mange interessante forelesningar, men var det nytt for meg? Nei. Repetisjon er fint det, under normale omstende, men var det naudsynt? Nei. Ein må skilje mellom kva som er nyttig og kva som er naudsynt, seier Bråthen og legg til:

— Eg meiner framleis at det her kunne ha blitt tatt hand om av ein lisens — altså ved å halde fram med den gamle ordninga.

Bråthen vart sjølv uteksaminert i 2016 og skal etter planen vere ferdig med det kompenserande tiltaket som første pulje i januar 2020. Ho har til saman brukt 10 år på utdanninga si.

— Eg føler meg klar for rettsaka, det har bygd opp til dette i tre år no. Og eg er sjølvsagt veldig spent, seier Bråthen.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS