Rektorvalet er avgjort i Volda, med ein kandidat, men no skal det veljast og oppnemnast styremedlemmar. Foto: HiVolda

Gi meg styremedlemmar som veit kva ein høgskule er

Det er mange flinke leiarar frå privat næringsliv og politikken som sikkert kan gjere ein ypparleg jobb i mange forskjellige slags styre, men om dei ikkje forstår hovudoppgåva til akademia, har dei ikkje noko å tilføre eit styre i sektoren vår.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Å få innspel utanfrå er heilt naudsynt. Dette ser vi med eigne akademiske arbeid. Tilbakemeldingar frå nokon med ekspertise frå eige fagfelt gir unike perspektiv på problemet, og kommentarar frå nokon frå ein annan disiplin kan hjelpe å gjere artikkelen meir tilgjengeleg for eit breiare publikum. Av og til er ein so uheldig at ein ber om tilbakemeldingar frå nokon som ikkje har noko å tilføre. Det tek tid å motta og ta omsyn til dei innspela ein får. Det er difor viktig at ein vel kven ein ber om innspel frå med omhu.

Likeins er det viktig med eksterne stemmer som kan hjelpe leiinga ved høgskulane og universiteta våra. Det er mykje som må bestemmast på styrenivå, og det er viktig at dette ikkje vert gjort i eit ekkokammer. Men kven dei eksterne stemmene er, er ikkje likegyldig. Det er berre eit avgrensa tal på eksterne medlemar i kvart styre i universitets- og høgskolesektoren-sektoren. Det er difor veldig viktig at ein berre tek inn stemmer som kan berike styrearbeidet. Om ein får inn feil person, betyr det at ein har kasta vekk moglegheita til å ha ei fornuftig stemme i styret i årevis.

Det er mange forskjellige personar ein kan ta inn i eit styre, personar med ulike bakgrunnar og styrkar, som kan belyse institusjonen sine utfordringar med sine perspektiv. Men på same måte som ein ikkje spør kven som helst om tilbakemelding på akademiske tekster, er det ikkje alle det er like klokt å ta med inn i eit styre.

Som øvste faglege leiar på høgskulen har rektor sjølvsagt lov å ytre seg med sine faglege vurderingar og eigne meiningar, sjølv om dei går aldri so mykje på tvers av det styret har vedtatt.

Eg trur dei fleste styra rundt om i landet vil fungere best om ein får inn styremedlemmar som forstår kva eit universitet eller ein høgskule er for noko. Det er mange flinke leiarar frå privat næringsliv og politikken som sikkert kan gjere ein ypparleg jobb i mange forskjellige slags styre, men om dei ikkje forstår hovudoppgåva til akademia, har dei ikkje noko å tilføre eit styre i sektoren vår.

Sidan eg tok til på Høgskulen i Volda, har vi hatt for mange episodar som har vist tydeleg at fleire av dei eksterne medlemmane våre ikkje har noko forståing av kva ein høgskule er eller korleis den bør fungere. Dette kokar i hovudsak ned til eitt tema som er for heilagt å rekne for oss i UH-sektoren: Akademisk fridom. Eg er redd mesteparten av våre eksterne styremedlemmar ikkje forstår kva akademisk fridom er og då heller ikkje kvifor den er viktig.

Ei av dei store sakene for det noverande styret ved høgskulen var om ein skulle ha tilsett eller vald rektor. Dette vart avgjort med knappast mogeleg fleirtal på styremøtet 8. mars 2017. Då denne saka var oppe, tok eine eksterne styremedlemen etter den andre til ordet for å fortelle at dei ikkje ser poenget med argumentasjon som har si rot i akademisk fridom. Èin var til og med freidig nok til å seie at dette med akademisk fridom visste han ikkje kva var, so det kunne det nok ikkje vere viktig.

Det er nok mogeleg å finne argumentasjon for den eine eller den andre rektor-ordninga utan å ta omsyn til akademisk fridom, men å sitte i eit høgskulestyre og utbasunere at akademisk fridom ikkje er viktig, kvalifiserer i mine auge til at ein burde miste vervet. Det er som å sitte i styret til Equinor og seie at avkastning til aksjehalderane er noko ein ikkje forstår, so det kan neppe vere viktig. Der er sjølvsagt lov å argumentere for at andre omsyn må kome først i denne saka, men å avfeie det som heilt uviktig er på grensa til utilgiveleg. Den akademiske fridomen er den viktigaste valutaen til ein akademisk organisasjon. Utan den er vi ikkje ein høgskule.

Hadde dette vore eit eingongstilfelle so hadde det kanskje vore ein ting, men i heile styreperioden har dette vore eit problem. På eit tidspunkt skreiv dåverande førsteamanuensis Per Halse i Khrono at han var bekymra for den politiske overstyringa av institusjonane sine ynskje om eksterne medlemmar. I neste styremøte tok ein nyoppnemnt ekstern medlem til orde for at det ikkje var greitt at tilsette ytra seg på ein slik måte. Det var illojalt og gjorde at nye styremedlemmar ikkje følte seg velkomne på høgskulen. Sjølvsagt har ein fagleg tilsett lov å ytre seg om høgskulestyret si samansetjing. Det er heller ikkje openbert at ein fagleg tilsett på ein høgskule alltid skal vere lojal overfor arbeidsgivaren sitt omdøme eller kjensla til styremedlemmar.

I førre styremøte tok ein ekstern styremedlem til orde for å irettesette rektor for å ha uttalt seg om ynskje for framtidig åleinegong for Høgskulen i Volda, både under valkampen og i ettertid. Dette er galskap. Sjølvsagt har ein rektorkandidat lov å ytre seg om kva han tenker høgskulen skal jobbe mot. Kva med i tida etter valet? Skal ein vald rektor berre vere ei papegøye for det som er vedtatt i styret? Sjølvsagt ikkje.

Som øvste faglege leiar på høgskulen har rektor sjølvsagt lov å ytre seg med sine faglege vurderingar og eigne meiningar, sjølv om dei går aldri so mykje på tvers av det styret har vedtatt. Men dette visste styremedlemmen, sidan ein liknande uttale frå same styremedlem på styremøtet 25. september 2014 førte til at det måtte protokollførast at «[r]ektor har både ein rett og ei plikt til å uttale seg på høgskulen sine vegner, og til å delta i offentleg debatt». Sjølv etter to periodar i styret har det vore fullstendig uråd å ta innover seg at tilsette, inkludert rektor, ved ein høgskule har, og skal fortsette å ha, akademisk fridom.

Dette bekymrar meg. Når eksterne styremedlemmar gong etter gong viser at dei ikkje veit kva ein høgskule er, eller kva det er som gjer ein høgskule til ein høgskule, har vi eit problem. Når vi ser at sjølv etter to periodar har enkelte framleis ikkje fått det med seg, kva kan vi gjere då? Dessverre er det ikkje opp til oss.

Eg har belyst tre graverande døme frå mitt eige styre. Eg redd for at denne haldninga hjå enkelte eksterne styremedlemmar ikkje berre er farleg når den er so tydeleg som i desse døma. Det som er mykje verre, er at den gjennomsyrar heile arbeidet til styret. Kva omsyn tek desse styremedlemmar når ein må gjere vanskelege avvegingar mellom strategiske satsingar og dei tilsette si plikt til å forske på det som gagnar disiplinane dei sit i på ein best mogeleg måte? Kva tankar har dei gjort seg om kvaliteten før dei vedtek korleis høgskulen skal hente inn fleire publiseringspoeng neste år?

Eg tør knapt tenke på det. Dette gjeld ikkje berre hjå Høgskulen i Volda. Det er symptomatisk i sektoren. Men det treng ikkje vere slik. No er det mange styre som skal få nye eksterne medlemmar. Vi treng kloke, erfarne styremedlemmar som forstår sektoren. Eg ber difor innstending til våre styrande makter: Lytt til sektoren. Gi oss alle styremedlemmar som forstår kva høgskular og universitet er til for. Det er faktisk ein god del der ute som veit det, og mange av dei står på listene med forslag til styremedlemmar som høgskulane og universiteta har levert.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS