Ordførar med breidside mot UiB-rektor

«Ei av dei mest oppstylta argumentasjonsrekkene sidan Erasmus Montanus»

«Meld flytting til Bergen!» oppfordra Dag Rune Olsen studentane. No får den «bråkjekke» rektoren ved Universitetet i Bergen svar på tiltale frå ordførar i Stad kommune, Alfred Bjørlo (V).

Ordførar i Stad, Alfred Bjørlo (V) meiner rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, manglar «tidsmessig syn på verda utanfor eigen navle».
Ordførar i Stad, Alfred Bjørlo (V) meiner rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, manglar «tidsmessig syn på verda utanfor eigen navle».
Publisert

Borte bra, heime best? Kanskje, men kva er heime?

Ordførar i Stad kommune, og cand.scient. frå Universitetet i Bergen (UiB), Alfred Bjørlo, har skrudd opp temperaturen i diskusjonen om kor studentane bør ha bustadadresse.

«Om rektor sitt bråkjekke innlegg er representativt for universitetsleiinga i Bergen sin manglande refleksjon rundt rolla som ein institusjon for heile Vestlandet, er vi ille ute å køyre», skriv Bjørlo i eit debattinnlegg i Bergens Tidende.

Han skuldar rektor ved Universitetet i Bergen (UiB), Dag Rune Olsen, for både å svikte sitt ansvar, stire mot eigen navle og mangle evne til refleksjon.

Bakgrunnen for salvene frå det vêrharde Stadlandet er eit anna innlegg i BT der Olsen slår fast at det er urimeleg at studiekommunen — i dette tilfelle Bergen kommune — skal bli sitjande med rekninga, medan kommunen studentane har reist ifrå får alle inntektene. Statlege inntekter til kommunane er knytt til innbyggartal.

Olsen meiner også studentar bør kunne ha røysterett der dei faktisk bur.

«Grunne resonnement»

Men rektorens idear om kvifor studentane bør fylle ut flytteskjema går altså ikkje heim hos Bjørlo:

... «ei av dei mest oppstylta akademiske argumentasjonsrekkene med utspring i Bergen, sidan Ludvig Holberg i 1731 lét Erasmus Montanus gjere Mor Nille til ein stein», konluderer han i eit svarinlegg i BT.

Han legg til at han er «skuffa og overraska over UiB-rektoren sine grunne resonnement og manglande evne til å sjå fleire sider ved ei sak» i det han omtalar som Olsens «god dag mann økseskaft»-logikk.

Olsen viser i sitt innlegg til at studentane nyt godt av det «lokale kollektivtilbudet, de er brukere av kommunale helsetjenester og byens kulturtilbud, og en del eldre studenter med barn er avhengige av det kommunale barnehagetilbudet». Studentane utgjer i underkant av 15 prosent av innbyggarane i Bergen, ifølgje Olsen, ja reint bortsett frå at dei ikkje er registrerte innbyggarar.

Erasmus Montanus? Dag Rune Olsen, rektor ved UiB, synest ikkje han fortener karakteristikken.
Erasmus Montanus? Dag Rune Olsen, rektor ved UiB, synest ikkje han fortener karakteristikken.

Ikkje noko av dette imponerer ordføraren i Stad kommune i Vestland fylke.

«Då er det på tide for oss i kommunar i Vestland som ikkje har eigne studiestader, å finne ut om andre akademiske samarbeidspartnarar har eit anna og meir tidsmessig syn på verda utanfor eigen navle», held Bjørlo fram.

«Heilt ute å køyre»

Ifølgje Bjørlo reduserer Olsen universitetet til ein institusjon for snevre lokalinteresser med brodd mot det store fleirtalet av kommunar som ikkje har eige universitet. Slik sviktar dei sitt nasjonale og regionale ansvar, ifølgje ordføraren.

Han innrømmer rektor dette: «Resonnementet gjev ei viss meining i ein snever kommunal årsbudsjettkontekst ...» Men utover dette er Olsen «heilt ute å køyre». Studentane er «eit økonomisk gode og ein stor ressurs for Bergen. For bysamfunnet i stort, og dermed også for kommunebudsjetta», skriv Bjørlo.

Bakgrunnen for diskusjonen er ei NRK-sak der det kjem fram at ei rad kommunar lokkar studentar med premiar om dei melder flytting. Volda kommune vil dele ut 5000 kroner til dei som satsar på registrere seg i sunnmørskommunen. Fleire andre lokkar med gratis busskort. I Bergen får studentar som flyttar, som ei prøvordning, eit aktivitetskort til kultur på 2000 kroner.

I NRK gjekk stortingsrepresentant for Senterpartiet, Heidi Greni, ut mot dette, som ho meiner skaper uheldig konkurranse og gjer særleg små kommunar til taparar.

Olsen: Meir nøktern enn Erasmus

Dag Rune Olsen seier til Khrono at innlegget frå Bjørlo, som reagerer på mangelen på «vidsyn», ikkje har endra eller utvida synet hans på saka.

— Dersom eg hugsar min Erasmus Montanus rett, er resonnementet der vesentleg lenger og langt meir innfløkt enn mitt. Mitt er kort og nøkternt, seier Olsen.

Han seier han slett ikkje stirer inn i storkommunens eller sin eigen institusjons navle, og han seier han heller ikkje har brodd mot småkommunar, slik Bjørlo hevdar.

— Eg har brodd mot dei som meiner at dei unge er på utlån ein eller annan stad eller på eit universitet. Folk lever ikkje på utlån frå ein kommune, vi lever i eit land der ein kan busette seg fritt, heldigvis. Eg forstår Bjørlos behov for å trekke til seg kompetanse og innbyggarar, men alle må kjempe for å legge best mogleg til rette for sine eigne innbyggarar, seier Olsen.

Også på ordførar Alfred Bjørlos Facebook-vegg går debatten om kor studentane bør høyre heime. Der har Olsen meldt seg på:

«... dersom du og din kommune ønsker å komme i kontakt med studenter fra din kommune, eller andre, som studerer ved UiB, tar vi mer enn gjerne i mot dere på våre rekrutterings- og karrierearrangementer», skriv rektoren til ordføraren.

Powered by Labrador CMS