Stipendiat ved høgskolen, men disputerar på universitetet
Therese Brovold er doktorgradsstipendiat ved høgskulen, men følgjer program på Universitetet i Oslo. Dei fleste av pengane og æra går til Universitetet.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Brovold følgjer doktorgrads-program ved Universitetet i Oslo (UiO), og er ei av om lag 50 kandidater ved Fakultet for helsefag som følgjer doktorgradprogram ved andre institusjonar enn høgskolen.
Disputerer ved UiO
Therese Brovold skal levere doktorgradsavhandlinga si om eldre og helse seinare i år. Disputasen skjer ved Universitetet i Oslo, der ho følgjer eit doktorgradsprogram ved Det medisinske fakultetet.
Etter disputasen vil 20 prosent av dei resultatbaserte forskingsmidla gå til HiOA, medan resten går til UiO.
– At berre ein femtedel av finansieringa tilfallar HiOA er kanskje litt urettferdig, meiner doktorgradsstipendiaten.
At berre ein femtedel av finansier-inga tilfallar HiOA er kanskje litt urettferdig.
Therese Brovold
– Eg har ei stipendiatstilling ved HiOA, og det er høgskulen som søkjer om finansiering til forskingsprosjektet og som stiller med utstyr og veileiar for meg. Nokre av dei valfrie studiepoenga tek eg òg her ved høgskulen, seier Brovold.
Meir relevant og sterkare tilknyting
– Eg opplever Det medisinske fakultet ved UiO som mest retta mot legar som tek doktorgrad. Å få eit eige doktorgrads-program innan helsevitskap her ved HiOA trur eg vil bety eit litt meir relevant program i høve til forskingsprosjektet den enkelte stipendiat arbeider med her ved Fakultet for helsefag, meiner Brovold.
Ho påpeker òg fordelen med at HiOA med et eige doktorgrads-program for helsefag vil få kreditt for eige forsking, og at dei som har stipendiatane vil bli sterkare knytt til høgskulen.
– Slik det er no, er eg knytt til tre ulike miljø – doktorgrads-program ved UiO, undervisning av fysioterapistudentar ved HiOA samt klinikk og forsking ved Oslo Universitetssjukehus. Eg håper for kommande doktorgradsstipendiatar si skuld at Fakultet for helsefag lukkast med å få eit eige doktorgrads-program i helsevitskap, seier Brovold.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!