UiT - Norges arktiske universitet. Foto: Lars Åke Andersen

Regional forvitring eller – fornying?

Viserektor i Tromsø, Sveinung Eikeland, seier at forskarane som er sentrale i konferansen distrikta og fusjonane som vert halde måndag 29. mai er for pessismistiske og legg fram fem erfaringar for å underbygga dette.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Oddgeir Osland, Håvard Helland (begge Høgskolen i Oslo og Akershus) og Kåre Heggen (Høgskolen i Volda) reiser i Khrono 26. mai  ein viktig debatt om tidlegare høgskolecampus i dei nye høgskole – og universitetsinstitusjonane. Det er lite erfaringar så langt på dette feltet, men forfattarane er likevel pessimistiske. Dei ser for seg  sentralisering innanfor den nye sektoren, om ikkje direkte forårsaka av viljen i dei store institusjonane, så i alle fall av ein pressa statsøkonomi.

Det kan sjølvsagt bli slik, men temaet har langt fleire dimensjonar. Hovudinntrykket er at forfattarane tek det utgangspunktet at staten gjennom direkte styring av høgskolane har halde ein akademisk kannibalisme i sjakk, men at distrikta i sektoren etter fusjonane framover blir servert som hovudrett. Eg trur ikkje det er slik, det er også ein for pessimistisk visjon på vegne av desentralisering og de facto regionalisering av beslutningar. Det finst også døme frå Danmark og Sverige på at det ikkje er enkle svar på statlege innstrammingar.

Det er som sagt lite erfaringar på temaet så langt, men det er noen utover dei forfattarane nemner som er viktige. Mine er farga av ein nordnorsk ståstad, men det er da også den norske erkeregionen.

Den eine erfaringa er at den gamle strukturen ikkje gjorde jobben. I perioden 2009-2015 auka skilnaden sterkt mellom Nord-Noreg og resten av landet når det gjeld delar av ungdom (under 30 år) som tok høgre utdanning. Dei nordnorske institusjonane var ikkje attraktive nok for den gruppa som var hovudrekrutteringsgrunnlaget. Det er mange grunnar til dette, og dei er både i og utanfor sektoren. Men konsekvensen er at potensielle nordnorske studentar blir heime hos ho mor. Ein annan konsekvens, nyleg dokumentert av OECD, er  ein landsdel som samanlikna med resten av landet  blir meir og  meir prega av lite innslag av høgre utdanning, lite teknologi og lite tilgang til kapital i næringslivet. Men som har ein relativt stor offentleg sektor – der mesteparten av høgt utdanna samlar seg. Eit døme er industrikommunen Sør Varanger som i dag har  47 %  av arbeidsstyrken i offentleg sektor og 78 % av dei med høg utdanning i kommunen arbeider i  denne sektoren. .

Den andre erfaringa er at regionane ikkje var høgre utdanningskartell. I Finnmark med «eigen» høgskole i Alta og Hammerfest til 2013 tok 60 prosent høgre utdanning ved det som i dag er UiT. Halvparten studerte i Finnmark og halvparten i Tromsø. I Aust-Finnmark som er utan ein stor campus, men der dei fysiske avstandane til andre campus i Finnmark er mindre enn til Tromsø, studerte 500 av studentane i Tromsø, 200 i Finnmark.  Det er  ikkje opplagt at ein flyttar kortast muleg. Det er imidlertid opplagt at ein slik situasjon ropar på samordning og koordinering, ikkje konkurranse.

Men konsekvensen er at potensielle nordnorske studentar blir heime hos ho mor.

Sveinung Eikeland

Den tredje erfaringa er at staten ikkje let høgskolane satsa. Etter 2013 har vi derimot gjennomført store satsingar i Finnmark innan alle faga ved det som var høgskolen. I tillegg gjer vi ei stor satsing på legeutdanning og på forskarutdanning (stipendiatar). Desse satsingane  kunne ikkje høgskolen  gjort åleine. Teoretisk kanskje, men aldri i  praksis.  Og vi ser at «marknadane» reagerer svært positivt. 

Den fjerde erfaringa, og den er generell, er korleis staten koplar høgre utdanning, forsking, regioninndeling og regionalpolitikk. Både region – og regionalmeldinga (St meld 22 2015-16 og St meld 18  2016-17 ) gir dei nye regionane ein posisjon i høve til høgre utdanning i den aktuelle regionen.  Denne posisjonen blir eksplisitt fastslått  av Kunnskapsdepartementet i regionmeldinga. I Stortinget si komittébehandling  av regionalpolitikkmeldinga går delar av komiteen endå lengre i å sikra regionane ein plass i forminga av regionalt innretta tilbod. Det er såleis svært sannsynleg at dei nye høgskolane og universiteta på leiarnivå i langt større grad enn før må forhalda seg til mange aktørar, også regionale. Det har  andre statlege institusjonar for lengst måtta gjort, da blir utfordringa å få etablert spelereglar, og legitimitet til desse, som styrer kven det er som bestiller og kven som gjer faglege beslutningar.

Den femte erfaringa er at fleircampus universiteta utfordrar også lause samansette organisasjonar som  universitet og høgskolar. Eg leia ei arbeidsgruppe ved UiT som slo fast at dei tidlegare høgskolecampusane må utviklast i tråd med ein styrevedtatt samla plan for desse, det enkelte campus må ha ei  fagleg forankra ko-ordinering av all aktivitet som er i tråd med UiTs plan, og campus må ta ein posisjon som døropnar utanfor hovudcampus til heile universitetet.  Samstundes var NIFU (rapport 2016:30) sitt hovudfunn etter å ha intervjua 100 personar i  nye UIT  at organisasjonen blir opplevd som delt i ein sentrum og ein periferidel. Og at denne inndelinga reproduserest i den daglege verksemda. Periferistatusen er knytt til mange forhold, også geografi – men langt frå berre det. Ei viktig utfordring er derfor å få til  campusar som blir meir og meir inkluderte i dei store institusjonane,  samstundes som dei snakkar godt med regionen. Lukkast sektoren der vil det  bety mye regionalt, både for konkret aktivitet og for regional forståing for rammene våre. Og framfor alt kan det gje hardt trengt fornying regionalt.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS