Tilsette, studentar og andre som er glade i høgskulen i Sogndal laga onsdag 28. januar 2016 lenkering for å vise at dei vil hegne om studiestaden sin. Foto: Mats Jahn, Studentparlamentet

Akademiske springbrett eller regionale kraftverk?

Gunnar Yttri spør: Strukturreforma i historisk perspektiv. Dei nye høgskulane – akademiske springbrett eller regionale kraftverk?

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

(Innlegg på konferansen «Fusjoner i høyere utdanning – på bekostning av distriktene?», 29. mai 2017  ved Senter for profesjonsstudier, Høgskolen i Oslo og Akershus)

Lat meg få byrja med å takka Senter for profesjonsstudiar og Høgskulen i Oslo og Akershus for å stella til ein konferanse med det grunnleggjande viktige spørsmålet: Vil fusjonane i høgare utdanning i vår tid gå på kostnad av distrikta?

Les også: Yttri snakket om Vestlandet sammen med rektor Berit Rokne

Eg vil i mitt innlegg dra nokre historiske linjer i dette, og ikkje minst vera oppteken av dei nye høgskulane si samfunnsbyggjande rolle. Fusjonane kan nyttast til akademisk springbrett, der høgskulane får tyngde nok til å verta universitet. Men dei nye høgskulane kan også verta regionale kraftverk som spelar ei viktigare rolle lokalt, regionalt og nasjonalt enn tidlegare.

Tillat meg å gjera ein personleg avstikkar. Det er uråd for meg å ikkje nemna Harald Grimen når eg er ved Senter for profesjonsstudiar og Høgskulen i Oslo og Akershus. Den særmerkt fine filosofen, forfattaren og læraren Harald Grimen var frå Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Han arbeidde ved Senter for profesjonsstudiar fram til han døydde so altfor tidleg i 2011. Frå 2009 og fram til han døydde var Harald også  professor II Avdeling for samfunnsfag, Høgskulen i Sogn og Fjordane. Eg var dekan ved avdelinga på den tida. Me var mange som lærte  av Harald, ikkje minst kor viktig det var i profesjonsutdanningane å hausta frå fleire kunnskapsområde, og kunna handtera ulike former for kunnskap. Me kjem stadig tilbake til lærdommane og  forfattarskapen til Harald Grimen når viktige spørsmål skal drøftast. Det skjer ofte.

Det er i denne samanhengen forstemmande og skremmande at vår eigne universitet og høgskular i sine ordskifte og utviklings-strategiar ikkje klarar å handtera dette rike kunnskaps-tilfanget.

Gunnar Yttri

Dei rike distrikta. Lat oss bli kvitt førestillinga av distrikta som svake eller tilbakeliggjande. Tvert om vil store delar av distrikts-Noreg kunna visa styrke – sosialt, økonomisk, kulturelt og politisk. Og du som stiller deg tvilande til dette kan lesa ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, si vinterhelsing til finansbyråd i Oslo, Robert Steen. Ordførar Bjørlo med utsiktspunkt Nordfjord skildrar med tilvising til handfaste døme Noregs mest rurale fylke Sogn og Fjordane med eit næringsliv som er høg-teknologisk, kunnskapsdrive, internasjonalt og i brodden for det grøne skiftet i Noreg. Satsing på utdanning og kunnskap har skjedd gjennom mange tiår. 8 av dei 20 beste grunnskulane i Noreg ligg i Sogn og Fjordane. Ungdommen i Sogn og Fjordane ligg på topp i Noreg når det gjeld evna til å gjennomføra 12-årig skulegang.

Lat meg for eiga rekning føya til at dette skjer i eit fylke som framleis driv ein omfattande råvareproduksjon. Primærnæringane står sterkt, næringsmiddelindustri vert drive og utvikla i framhald av dette. Fiskeoppdrett og fiskeri, og industriell produksjon av aluminium og ferrosilisium har gitt landet viktige eksport-inntekter gjennom generasjonar.

Når det gjeld fornybar energi, Sogn og Fjordane er fylke nr. 2 i Noreg, etter Hordaland, i høve til produksjonsvolum for vasskraftbasert elektrisitet. Ikkje noko fylke har dei siste 10-15 åra bygd ut so mykje fornybar energi i form av nye småkraftverk.

Dette skjer i eit fylke med fjordar, fjell og isbrear, reisemål i verdsklasse, i eit fylke der reiseliv og turisme får stadig  meir heilårspreg, i spennet frå individualisert opplevingsturisme til større reiselag med cruiseskip eller buss-transport. Dette skjer i eit fylke  med 110.000 innbyggjarar, og der stadig fleire av desse er arbeidsinnvandrarar og andre innvandrarar.

Sogn og Fjordane og mange av distrikta treng universitet og høgskular til å utvikla dei ulike næringsgreinene, til å skapa heilt nye næringar, til å utvikla velferdssamfunnet, og i heile til å byggja og utvikla gode samfunn. Ikkje minst treng distrikta universitet og høgskular fordi lokaliseringa av desse i Noreg har vorte stadig meir bestemmande for kvar unge menneske ikkje berre utdannar seg, men også bestemmer seg for å leva resten av liva sine med arbeid, heim og familie.

Noreg er eit land der kunnskap i ulike former spelar ei auka rolle for samfunnsutviklinga. Eit sentralt kjenneteikn ved det moderne kunnskapssamfunnet er jo nett dette at det skjer eit skifte i økonomien: symbolske innsatsvarer vert viktigare, materielle innsatsvarer taper i verdi.

I det idealtypiske kunnskapssamfunnet vert vekst og konkurransefortrinn, innovasjon og endring, stadig meir avhengig av skaparkraft og kunnskap. Merk berre at i kunnskapssamfunnet so er det  «the human factor» – mennesket sjølv – som er omdreiingspunktet. Nøkkelen til skaparkraft og endring ligg i kunnskap og kapasiteten til einskildmenneske og samfunn til å ta i bruk kunnskap.

Merk også at dette i rikt monn opnar for ulike typar kunnskapsformer, der det føremålstenlege og meiningsfulle ikkje på nokon måte er avgrensa til målretta vitskap og vitskapleg rasjonalitet. Kunnskapar som kjem til i praktisk arbeid gjerne i utøvinga av eit fag eller handverk, gjennom erfaringar over tid og ikkje minst i samarbeid med andre, kan vera vel so viktige og samfunnsbyggjande som dei ein har lært seg i utdanning og i forsking.

Det er i denne samanhengen forstemmande og skremmande at vår eigne universitet og høgskular i sine ordskifte og utviklingsstrategiar ikkje klarar å handtera dette rike kunnskapstilfanget. To uttrykk er særleg tydlege: Med kvalitetsreforma og endringa i universitets- og høgskulelova, vart det gjort ei tett kopling mellom personleg akademisk karriere og institusjonell utvikling. Den vitskapleg tilsette fekk byggja seg sjølv til professor med publisering i internasjonale forskingsjournalar og bidrog samstundes til at eigen institusjon kunne tilby fleire mastergrader og doktorgrader, og i fleire tilfelle til at eigen institusjon kunne ta steget frå høgskule til universitet.

På hi sida har det vore klåre tendensar til at  kompetansen til førstelektorar og dosentar, kjernetroppane i dei gamle profesjonshøgskulane, har vorte systematisk devaluert. Dette trass i at regelverk/forskrift sidestilte førstelektor-kompetanse med doktorgrad, dette trass i at fleire førstelektorar og dosentar publiserte forskinga si i dei same journalar som førsteamanuensane og professorane.

Ein ting er at NOKUT-systemet ikkje krediterte institusjonar som satsa på førstelektorar og dosentar. Me har også sett korleis fleire av dei nye fusjonerte høgskulane, desse nye robuste einingane,  i ordskifte og tiltak har reservert både leiaroppgåver og utviklingsstrategiar for tilsette med doktorgrad, alt i strevet med å verta internasjonale forskingsuniversitet.

Det kunnskapsteoretiske grunnlaget for denne praksisen er i beste fall svak, som arbeidsgjevarpraksis er det sterkt klanderverdig, og sektoren har opplagt skusla vekk fine talent både innanfor fag og leiing. Konsekvensane for tilhøvet mellom dei høgare utdanningsinstitusjonane og det omkring-liggjande praktisk innretta norske samfunnet, kan me berre spekulera i.

What Are Universities For?  Kva føremål skal universitet- og høgskular tena? Spørsmålet må stadig stillast og svarast på.  For som samfunnsinstitusjonar er universitet og høgskular over tid avhengige av aksept frå større samfunnsgrupper. Universitet og høgskular er viktige og vert verande viktige i den grad samfunnet omkring finn noko verdifullt i desse institusjonane. Dersom Noreg med strukturreforma riggar seg med universitet og høgskular som ikkje byggjer og vidareutviklar distrikta, so har me ein universitets- og høgskulesektor som er i fullstendig utakt med sitt eige land.

I fotball-sporten snakkar ein om å passa på garderoben. Ein trenar som taper garderoben er ein trenar utan jobb. I Sogndal, som er Noregs, Europas og verdas einaste eliteserie-bygd, veit me litt om verdien av å kjenna, passa på og å vinna garderoben. Pass på garderoben, folkens!

Senter for profesjonsstudiar sine studiar svarar  på eit av dei viktigaste spørsmåla i universitets- og høgskulesektoren. Kvar tek dei utdanna kandidatane vegen og kvar kjem utdanninga til nytte?

Analysar av sambandet mellom geografisk lokalisering av høgare utdanning og faktisk geografisk rekruttering til arbeidslivet har vore mangelvare i det elles so gjennom-analyserte utdannings-Noreg.

For Vestlandet sin del stadfestar og dokumenter desse studiane det som folk i regionen gjennom åra har røynt og lenge har visst om høgare utdanning, Ungdom frå Vestlandet som tek utdanning i hovudstaden, flytter i liten grad tilbake til Vestlandet. Ungdom frå Oslo-området som tek utdanning i hovudstaden, vert verande der. Oslo-ungdom som tek utdanning utanfor Oslo, har hang til å flytta raskt heim etter siste eksamen.

Dermed er me tilbake til slutten av 1960-åra og det grunnleggjande viktige historiske omstendet at Stortinget valde å satsa på ei storstila utbygginga av distriktshøgskular i Noreg. Dette vart grunnlaget for den moderne høgskulesektoren. Universitetet i Tromsø sprang ut av det same ordskiftet. Dette var grunnlaget for at høgare utdanning i Noreg gjekk frå å vera eit gode for eit fåtal til å verta eit gode for mange. Ottosen-komiteen førebudde saka grundig i fleire år, Kjell Bondevik var ansvarleg statsråd i Borten-regjeringa frå 1965 til 1971. Det var brei semje i Stortinget om det nye tiltaket som lekk i ein meir aktiv distriktspolitikk.

Meir omstridd var spørsmålet om kvar dei nye distriktshøgskulane skulle lokaliserast. Men kyrkje- og undervisningsminister Bondevik losa vedtak gjennom i Stortinget om å lokalisera fleire av dei nye distriktshøgskulane i bygdemiljø, til bygda Volda i Møre og Romsdal i 1969, og til bygda Bø i Telemark i 1970.

Lokaliseringa av lærarskule i Sogndal i Sogn i 1972 var ein del av den same distriktspolitiske given. Sogndal lærarskule var nr. 18 i rekka av norske lærarskular, men var den første som vart lagt til bygdemiljø etter 1945. Då Sogn og Fjordane distriktshøgskule opna dørene i Sogndal i 1975, var dette den tredje distriktshøgskulen som var lagt til bygdemiljø.

Vestlandsbygdene Volda og Sogndal har mellom anna det felles at ingen av desse bygdene har storbyar innanfor eller nær fylkesgrensene. Eitt av funna i studiane frå Senter for profesjonsstudiar er at arbeids- og næringsliv i slike rurale område i fleire tiår har vore særleg avhengige av dei høgare utdanningstilboda som er lokaliserte i distriktet. Det gjeld heile spekteret av velferdsutdanningar og  næringsretta utdanningar.

Ser me på Sogn og Fjordane særskilt kan ein merka seg ei lenger historisk linje: Sogn og Fjordane er det fylket i landet som i høve til folketalet har rekruttert suverent flest ungdommar til læraryrket i Noreg. Slik er det ikkje berre på 2000-talet, slik har det vore i eit hundre år, mykje lenger enn det har vore lokalisert høgare utdanning i fylket. Men fram til ein fekk eiga lærarutdanning lokalisert til fylket i 1972, var Sogn og Fjordane fylket i Sør-Noreg som hadde størst mangel på kvalifiserte lærarar. Lokalisering av høgare utdanning gjorde og gjer ein skilnad for den som vil byggja samfunn.

Høgskulane som 1. januar 2017 vart slått saman i Høgskulen på Vestlandet har ulikt opphav, men oppgåva med å forsyna eige fylke og nærområde med arbeidskraft er tradisjonell felleseige. Høgskolen i Bergen, Høgskulen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane var alle i si verketid frå 1994 til 2016 kjenneteikna av å forsyna eige fylke og Vestlandet med arbeidskraft.

Det store fleirtalet av kandidatar frå desse høgskulane kom i arbeid på Vestlandet. Det gjeld grunnskule- og barnehagelærarar, sjukepleiarar, sosionomar, vernepleiarar og barnevernspedagogar. Og det gjeld heile spekteret av næringsorienterte utdanningar med økonomar og ingeniørar i frontlinja. Denne verdifulle arven fører den nye Høgskulen på Vestlandet vidare.

Me kan sjølvsagt gle oss over nasjonale satsingar som gir framifrå spissa fagmiljø, og over at einskilde institusjonar som Handelshøgskulen BI og Noregs handelshøgskule gjer det brukbart på internasjonale rangeringar. Men for Vestlandet og distrikta er det liten varme i at fagmiljøa er internasjonalt framifrå om kandidatane dei utdannar ikkje er tilgjengelege.

I mars i år melde Bergens Tidende at berre seks prosent av studentane ved Noregs Handelshøgskule sikta mot ei karriere i Bergen etter fullførte studiar. Resten av Vestlandet eller distrikta elles var ikkje nemnt.

For Handelshøgskulen BI sitt vedkommande kan ikkje ein gong det omstendet at institusjonen vert leia av sogningen  Inge Jan Henjesand, utdanna ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule midt på 1980-talet, endra på det faktum at BI-kandidatar ikkje gir grunnlag for å byggja distrikta.

Eit viktig vilkår for at Høgskulen på Vestlandet skal lukkast er at styre, leiing og tilsette er tru mot den avtala som ligg til grunn for samanslåinga. Det er ei særs god avtale, forhandla fram og vedteken av dei tre tidlegare høgskulane, stadfesta i kongeleg resolusjon.

Det er ein avtale som kombinerer ambisjonen om å verta universitet med ein profesjons- og arbeidslivsretta profil med høgare regionale mål. Høgskulen på Vestlandet skal ta betre vare på den regionale rolla enn det dei tre høgskulane makta kvar for seg. Høgskulen på Vestlandet skal ikkje berre vera eit springbrett for universitetsstatus, men har som mål å vera eit regionalt kraftverk på Vestlandet.

Sentrum-periferi problematikken gjeld sjølvsagt ikkje berre tilhøvet mellom hovudstaden og andre landsdeler. Den gjeld også innanfor det geografiske området der Høgskulen på Vestlandet er lokalisert. Bergen by har eit langt sterkare folketalsgrunnlag, ei heilt anna tiltrekkingskraft på unge menneske og har ein annan dynamikk enn mindre byar og bygdesamfunn. Det vert slik viktig at den nye institusjonen, med styre, leiing og tilsette, i all si ferd er medvitne om den store samfunnsrolla Høgskulen på Vestlandet har aksla. Det fordrar stor klokskap og kraft og vilje til endring.

Dette fordrar fagleg og strategisk satsing i tre nær-regionar og på fem ulike campus. Det vil seia at leiinga i høgskulen må vera på plass i Stord/Haugesund, i Bergen og i Sogn og Fjordane, og ha inngåande kunnskapar om utfordringar og moglegheiter i den einskilde regionen, og samarbeida godt med arbeids- og næringslivet der. Leiinga må vera kompetent, aktiv og nær.

På fem ulike campus, i Førde, i Haugesund, på Stord, i Bergen og i Sogndal, må fusjonen styrka fagmiljøa og studiegrunnlaget. Som me har lært her i dag: lokalisering av høgare utdanning gjer ein skilnad.

Universitetet som skal springa ut av Høgskulen på Vestlandet må slik ikkje berre løfta Vestlandet, men også verta sterkt forma av og få kjenneteikn frå dei rike ressursane på Vestlandet, naturlege og menneskeskapte. Truleg må det og kan det verta eit universitet av ein type Noreg tidlegare ikkje har sett maken til.

Først publisert på bloggen Khronoargument, bloggen til avdeling for samfunnsfag på Høgskulen på Vestlandet.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS