Redaktør Dag Hellesund i den uavhengige avisa På Høyden ved Universitetet i Bergen rigga opp kamera i styrerommet og sende onsdag direkte tv frå styremøtet ved UiB. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Styre-tv frå Bergen

Nettavisa På Høyden i Bergen overførte møte i universitetsstyret direkte på web-tv onsdag.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

På Høyden har tidlegare, på same måten som Khrono, dekt styremøtene via direkte tekst i Cover it live-versjon. Onsdag gjekk den uavhengige nettavisa ved Universitetet i Bergen (UiB) eit steg vidare og sendte direkte web-tv frå styremøtet, med to kamera og ein rekke mikrofonar i styrerommet.  

Styremøte sekund for sekund

Under tittelen «Styremøtet sekund for sekund» kunne sjåarane følge rektor og styreleiar Dag Rune Olsen si innleiing til strategidebatt og styret sin diskusjon om dette. Økonomisaker og framdrift for tilsetting av universitetsdirektør mellom anna, var andre saker. 

Det er første gong publikum kan følge toppleiinga ved universitetet så direkte. Til eiga avis før møtet sa redaktør Dag Hellesund at web-tv kan bli regelen og ikkje unntaket når det gjeld dekning av styremøta ved universitetet framover. 

Auka interesse

Venteleg vil dette auke interessa for   universitetsdemokratiet.

Dag Hellesund

— Venteleg vil dette auke interessa for universitetsdemokratiet, og synliggjere kva styret tenkjer, korleis dei argumenterer og røyster på møtene. Det er ikkje meininga at folk skal sjå på heile møtet, men kikke innom for å følge med på saker dei er opptekne av, seier Hellesund. 

Opptaket frå styremøtet - og Cover it liv-dekning - vil bli liggande ute slik at folk kan gå inn og sjå i etterkant også. 

Her kan du sjå sendinga frå styremøtet. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS