forskingsinstitutt

Dette instituttet vil klara seg åleine

Medan mange andre forskingsinstitutt vurderer fusjon, meiner Vestlandsforsking i Sogndal at dei har det bra som dei har det.

Anders-Johan Almås leiar Vestlandsforsking i Sogndal. Han meiner instituttet står støtt på eigne bein.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Sogndal (Khrono): Dei fire institutta med forkortingane NGI, NILU, NIVA og EFE har bestemt seg for å greia ut om dei skal samarbeida - eller om dei skal inngå ein fusjon. Dersom det siste vert resultatet, vert dette eitt av dei største forskingsinstitutta i Noreg. I dag er Sintef i Trondheim definitivt størst, med 2 000 tilsette. Norce, med hovudkontor i Bergen, har 700.

Vestlandsforsking i Sogndal har vel 30.

— Spanande og utfordrande, seier direktør Anders-Johan Almås.

— Det er jo ekstremsport. Me har ei regional plassering, me skal vera internasjonalt relevante, få høgthengande prosjekt, og samstundes vera relevante for regionen.

Fem EU-prosjekt

Vestlandsforsking held til i Sogndal, eit steinkast unna Høgskulen på Vestlandet sin campus i saftbygda. Instituttet vart oppretta på 1980-talet, som eitt av fleire regionale forskingsinstitutt.

«De fleste av dem ble startet på 1980-tallet med en regionalpolitisk begrunnelse, og mange med finansiell støtte fra det daværende Kommunal- og arbeidsdepartementet. Man ønsket å gjøre forskningsressurser mer tilgjengelig for fagmiljøer utenfor storbyene, og de nye instituttene ble etablert rundt i hele landet. Lokaliseringen ble i stor grad bestemt ut fra hvor de tidligere distriktshøgskolene ble etablert». Det heitte det i ei evaluering av dei regionale forskingsinstitutta som Forskingsrådet gjennomførte i 2012.

Den gongen var konklusjonen at ein del av institutta var for små. Og sidan den gong har fleire av dei fusjonert med andre. Den siste samanslåinga som var planlagt, var i Trøndelag, mellom NTNU Samfunnsforskning og Trøndelag Forskning og Utvikling. Fusjonen vart avlyst nærast på målstreken, skriv Universitetsavisa.

I Sogndal har Vestlandsforsking ei omsetjing på om lag 40 millionar kroner i året. Om lag ein av millionane kjem frå fylkeskommunen, og instiuttet har òg ei grunnløyving frå Forskingsrådet. Men dei andre midlane har dei henta inn sjølve.

— Me er inne i fem EU-prosjekt og koordinerer eit av dei, seier Almås.

Rajendra Akerkar leiar eit stort prosjekt med partnarar frå mange land. Han seier dette er eit bra prosjekt - så lenge ein vert kvitt covid-19.

Skal forska på falske nyhende

Rajendra Akerkar er professor og forskar på stordata («big data»). Han har leia eit EU-prosjekt, og skal no leia det heilt ferske «Transnational Partnership for Excellent Research and Education in Disruptive Technologies for a Resilient Future». Forskingsrådet og Diku finansierer prosjektet, som mellom anna skal sjå på korleis ein kan fanga opp og avsløra falske nyhende, ofte kalla fake news. Forskarane skal mellom anna betra metodane for å analysera trekk ved avsendaren, og kan til dømes sjå på følgjarskaren til profilen som spreier falske nyhende gjennom sosiale media.

— Me har med forskarar frå både Japan, USA, India, Kina og Hong Kong, seier Akerkar.

Han seier at noko av det forskarane vil finna metodar for, er å skjøna intensjonen bak det som vert publisert i sosiale media.

—Vil forskarar frå Kina ha akademisk fridom innan dette emnet?

— Det veit eg ikkje. I dette samarbeidet er det rett og slett slik at det var ein forskar som har flytta frå Japan til Kina, seier Akerkar.

Prosjektet er i kategorien «etablera, bygga og halda ved like «strategiske partnarskap av framifrå kvalitet», og professoren seier at noko av målet er at ein skal læra av kvarandre.

Ein flytur unna Oslo

Studentar frå både HVL og Universitetet i Bergen skal òg vera med i prosjektet, og Akerkar seier, noko tørt, at dette er eit bra prosjekt dersom ein berre vert kvitt covid.

— EU-prosjektet eg nett koordinerte, koordinerte eg frå kontoret eller heimen min. Me plar ha ein stor konferanse for stordataforskarar kvart år. I år var denne digital, men det vert på ingen måte det same. Det var ingen interaksjon, berre presentasjonar.

For sjølv om Sogndal er ei lita bygd på Vestlandet i eit lite land, er det ikkje problem å få forskarar til å flytta hit - og heller ikkje noko problem å koma seg ut. Vegen til både Oslo og Bergen er kort med fly.

— Eg kan vera i Oslo klokka 9, seier Almås.

Han fortel om ei bygd i vekst, og om tett samarbeid med høgskulen. Nokre tilsette har allereie delte stillingar mellom forskingsinstituttet og høgskulen. 60 prosent av dei tilsette ved Vestlandsforsking har doktorgrad.

Direktøren er ein av dei. Han har utdanning frå NTNU og Sintef, og har særleg forska på klimaomstilling. Men no vert forskinga lagt til side, bortsett frå litt rettleiing.

Han tok med seg kone og barn og flytta heim.

— Ho jobbar på høgskulen. Sogndal er ein plass det er mogleg å få relevant jobb til begge i eit par med høg utdanning, seier Almås.

Powered by Labrador CMS