stilling
Desse vil skriva rektor Rice sine talar
Avtroppande leiar i Norsk studentorganisasjon og ein ordførar-rådgivar er blant dei som ønskjer å verta ein strategisk kommunikasjonsrådgivar for NMBU-rektor Curt Rice.
Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) har nyleg lyst ut to stillingar knytt til kommunikasjon. Den eine stillinga har tittelen «senior kommunikasjonsrådgiver samfunnskontakt og lederstøtte», og skal altså jobba opp mot leiinga ved universitetet.
På søkjarlista står mellom anna namnet til fleire noverande og tidlegare studentpolitikarar:
Tuva Todnem Lund er avtroppande leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO). Line Willersrud er politisk rådgivar i same organisasjon. Det er òg Jørgen Aagedal Sundt - og begge desse har søkt stillinga.
Jin Sigve Mæland har tidlegare mellom anna vore studentrepresentant i universitetetsstyret ved Universitetet i Bergen og har site i arbeidsutvalet i studentparlamentet same stad. I dag er han politisk rådgivar for bergensordførar Rune Bakarvik.
Vil attende
— Eg er veldig glad i NMBU og gler meg til å koma attende, skriv Lund i ein sms til Khrono.
Ho har vore både student og studentpolitikar ved NMBU før ho vart nasjonal studentpolitikar.
— Det har skjedd mykje med universitetet dei siste åra, og eg har veldig lyst til å vera med og jobba for universitetet vidare. Eg har lært enormt mykje dei siste åra, og vil gjerne bruka den kunnskapen vidare òg, seier Lund.
Men om ho ikkje får jobben er det inga katastrofe:
— Eg har ein masterplass som ventar, som eg òg er veldig motivert for, seier Lund, som etter planen skal verta lektor.
Desse har søkt stillinga
Namn | Stilling |
Siv Henningstad | Arbeidssøkjar |
Hasina Zannat Nadia | Graduate |
Maria Fuglevaag Warsinka-Varsi | Koordinator, Samisk Hus/Formidlar Kunstnernes Hus |
Trond Larsen | Seniorrådgivar kommunikasjon |
Åsmund Lang | Nettredaktør og kommunikasjonsrådgivar Arbeidsgiverforeningen Spekter |
Dag H Nestegard | Kommunikasjonsrådgivar |
Mimmi Granli | Konsulent i Varte Hartmark |
Anette Alexandra Dey | Avdelingsleiar kommunikasjon og service |
Line Willersrud | Politisk rådgivar Norsk studentorganisasjon |
Sigvor Melve | Seniorrådgivar |
Jin Sigve Mæland | Politisk rådgivar |
Per Christian Langset | Kommunikasjonssjef i Arbeid & Inkludering i NHO |
Bjørn William Lindgren | Bildeprodusent og fotograf |
Tuva Todnem Lund | Leiar Norsk studentorganisasjon |
Jørgen Aagedal Sundt | Politisk rådgivar |
Laila Kjeldsen | Senior kommunikasjonsrådgivar |
Søknad trekt |
Kjelde: NMBU
Skal gjera NMBU meir synleg
Arbeidsoppgåvene vert mellom anna å skriva talar, innlegg og kronikkar på vegne av leiinga. Ein skal òg jobba strategisk for å gjera universitetet meir synleg og styrka berekraftsposisjonen deira. I tillegg skal ein følgja med på relevante politiske saker og prosessar, føreslå og utarbeida tiltak og utspel, heiter det i utlysinga.
I tillegg til tidlegare og noverande studentpolitikarar har fleire med kommunikasjonsbakgrunn søkt. Dag Nestegard er senior kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet, og Trond Larsen har same stilling i Helsedirektoratet. Laila Kjeldsen og Sigvor Melve kjem begge frå NAV, medan Åsmund Lang og Per Christian Langset kjem frå arbeidsgivarorganisasjonar.
Søkjer etter kommunikasjonssjef
Anette Alexandra Dey står òg på søkjarlista. Ho er kommunikasjonsrådgivar i bydel Frogner i Oslo. Dey har også søkt den andre kommunikasjonsstillinga ved NMBU: Kommunikasjonssjef. Her har òg mellom andre Pål Grandal og Silje Kjeseth-Wynter søkt. Dei kjenner forskings- og udanningssektoren; Grandal er i dag tilsett som kommunikasjonsrådgivar ved Universitetet i Agder og Kjeseth-Wynter er tilsett ved NMBU.
Malin Stensønes er konserndirektør i forlaget Aschehoug, mens Kjersti Oppen har bakgrunn fra Schibsted. Der var hun kommunikasjonssjef, før hun gikk til Virke Trening, har Medier24 tidligere skrevet.
Dette er søkjarane
Navn | Tittel |
Erhumu Agbude | |
Anette Alexandra Dey | Kommunikasjonsrådgiver/pressekontakt |
Lars Georg Fordal | Dagleg leiar |
Kenneth Vikse | Seniorrådgivar |
Søkjar unnteke offentlegheit | Mann |
Pål Grandal | Seniorrådgivar |
Søkjar unnteke offentlegheit | Mann |
Silje Kjenseth-Wynter | Senior kommunikasjonsrådgiver |
Stepanka Horakova | Sjølvstendig næringsdrivande |
Ingrid Trømborg | Avdelingssjef Sjukehuset Østfold |
Søkjar unnteke offentlegheit | Mann |
Søknad trekt | Kvinne |
Hege Sundquist | CEO |
Søkjar unnteke offentlegheit | Kvinne |
Anne Kirkhusmo | Kommunikasjonssjef |
Kjersti Oppen | Strategisk rådgivar |
Silje Bareksten | Medgründar og investor |
Malin Stensønes | Konserndirektør |
Kjelde: NMBU