Trygve Slagsvold Vedum (Sp) sit i Finanskomiteen, og er tydeleg på at han meiner leiarlønene i staten er for høge. Arkivfoto: Siri Øverland Eriksen

Desse rektorane tener mest og minst: Sp-leiaren vil frysa løna til seks av dei

Rektorløn. Khrono har sjekka kva 20 rektorar ved statlege og nokre få private universitet og høgskular har i årsløn. Senterparti-leiar og finanskomitémedlem Trygve Slagsvold Vedum vil ha slutt på lønsfesten.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Leiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, melde via NRK i førre veke at Senterpartiet kjem til å foreslå at leiarar i staten som tener over 15 G i året, altså like under 1,5 millionar kroner, ikkje skal få nye lønsauke.

I samband med dette har Khrono sjekka kva rektorane ved i alt 20 universitet og høgskular i Noreg har i årsløn. Viss ein ser bort ifrå dei tre private institusjonane på lista, ligg rektorlønene på mellom ein million kroner og 1,65 million kroner.

Rektor ved den private høgskulen BI, Jan Inge Henjesand, toppar lista og tener over 2,5 millionar kroner i året. Bak han følgjer rektor ved den private Høyskolen Kristiania, Arne Krumsvik med 1.750.000 kroner.

Borg på topp

Anne Borg ved NTNU tener mindre enn forgjengaren sin, men er framleis i lønstoppen blant dei statlege rektorane. Foto: Thor Nielsen, NTNU

Av rektorane ved dei offentlege høgskulane og universiteta ligg nytilsett NTNU-rektor Anne Borg på topp, med si årsløn på 1.650.000 kroner. Deretter følgjer Curt Rice og Svein Svein Stølen som begge dreg inn om lag 1,6 millionar kroner som rektorar ved høvesvis OsloMet og Universitetet i Oslo.

Khrono presiserer at Anne Borg si nye løn som fast tilsett rektor enno ikkje er klar, og difor er det løna ho har hatt som konstituert rektor ved NTNU, som er brukt som utgangspunkt for denne artikkelen. Borg har som den første kvinnelege rektoren ved NTNU i perioden som konstituert, hatt ei lågare løn enn forgjengaren sin, Gunnar Bovim. Sist Khrono lagde ei oversikt over leiarlønningane, i oktober 2018, tente rektor Bovim 1.723.300 kroner, altså over 70.000 kroner meir enn Borg eit år seinare. NTNU-rektoren er saman med NHH-rektoren dei einaste av rektorane som er på staten si leiarlønsordning. Til desse to er det Kunnskapsdepartementet som avgjer nivået.

OsloMet-rektor Curt Rice har også fått eit lønnshopp inn i sin andre rektorperiode og har gått inn på andreplassen på lista, nokre få tusenlappar høgare enn rektor Stølen ved Universitetet i Oslo.

Sjå fullstendig oversikt over lønene nedst i artikkelen.

Slagsvold Vedum: — Høyrer ikkje heime nokon stad

Khrono sende oversikta over rektorløningane på e-post til finanskomitémedlem og Sp-leiarTrygve Slagsvold Vedum, og det tok ikkje lang tid før leiaren i Senterpartiet gav lyd frå seg.

— Eg synest at dette er heilt feil. At rektorar skal tena 200.000 meir enn sittande statsrådar høyrer ikkje heime nokon stad, poengterer ein bestemt Slagsvold Vedum i eit telefonintervju med Khrono.

At ein rektor skal tena opp mot ein million meir i året enn ein lektor, som tross alt er den som står og underviser studentane i det daglege, høyrest berre rart ut i mitt hovud.

Trygve Slagsvold Vedum

Han held fram:

— Universiteta og høgskulane er så godt som 100 prosent offentleg finansierte institusjonar. Det er mine, dine og alle andre som jobbar i dette landet sine skattepengar som finansierer desse institusjonane. Forskjellane i Noreg aukar, og difor meiner eg at dei stadig høgare leiarløningane er ei feil utvikling.

I Politisk kvarter på NRK førre veke møtte Slagsvold Vedum motstand frå blant andre finanspolitisk talsperson i Framstegspartiet, Sivert Bjørnstad, som meinte at Senterpartiet sitt forslag om lønsfrys er for rigid, og avgrensar rommet for å gi konkurransedyktige løner i staten. Heller ikkje kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland verka å sjå poenget til Slagsvold Vedum.

— Senterpartiet gir inntrykk av at det er vill lønsfest i staten. Slik er det ikkje. Det er mellom 600 og 700 leiarar i staten, og eit fåtal av desse tenar over 1,5 millionar kroner, understreka Mæland overfor NRK.

— Poenget er å snu trenden

Seks av rektorane ved dei offentlege universiteta og høgskulane tener over 1,5 millionar kroner. Slagsvold Vedum seier til Khrono at forskjellen på til dømes ei rektorløn og ei lektorløn kan vera forklaring nok i seg sjølv på kvifor han meiner leiarlønene er for høge.

— At ein rektor skal tena opp mot ein million meir i året enn ein førsteamanuensis, som trass alt er den som står og underviser studentane i det daglege, høyrest berre rart ut i mitt hovud. Sjølvsagt skal ei høgare utdanning og eit høgare ansvar føra til ei høgare løn, men at det skal vera så stor forskjell er faktisk gale, kjem det frå ein tydeleg Slagsvold Vedum.

Han legg til at dei høge leiarløner også er med på å «gira opp» dei andre lønene, og at dette også fører til større forskjellar i det generelle lønsnivået i Noreg. Om sitt eige forslag om å frysa alle leiarlønene i staten, seier han dette:

— Isolert sett er det eit ganske moderat forslag, som heller ikkje vil dra inn mykje pengar. Men det er heller ikkje det som er poenget. Poenget er å snu trenden. Det er faktisk i offentleg sektor at lønsforskjellane har auka mest dei siste åra. Det i seg sjølv er svært negativt, fastslår Senterparti-leiaren.

Han presiserer at han snakkar om dei offentlege lønene, og ikkje dei private.

— Det handlar om at risikoen er større der. Og der kjem jo pengane trass alt frå private. I staten har me gode ordningar når det gjeld velferd, pensjon og tryggleik generelt. Å vera i det private næringslivet inneber ein større risiko. Dei kan jo i teorien gå konkurs i morgon, poengterer Slagsvold Vedum.

Roppen om at han tener minst: — Ikkje urimeleg

— Det første eg vil seia er at dette er ei nyttig liste. No veit eg kven eg skal bomma kaffi av på det neste rektormøtet, seier ein smått flirande Johann Roppen, rektor ved Høgskulen i Volda.

Det første eg vil seia er at dette er ei nyttig liste. No veit eg kven eg skal bomma kaffi av på det neste rektormøtet

Johann Roppen

Blant dei 20 universiteta og høgskulane Khrono har sjekka, er det rektorløna ved Høgskulen i Volda som er lågast.

Johann Roppen har så vidt over millionen i årsløn, men grin ikkje av det.

— For å vera litt seriøs så trudde eg at forskjellane skulle vera større. Slik eg ser det er det naturleg at det er forskjell på store og små institusjonar, seier Roppen.

Han kallar lønsforskjellande blant rektorane for «relativt komprimert», og meiner det ville vore «litt feil» dersom rektoren ved ein liten institusjon skulle tent like godt som ein rektor ved ein større institusjon.

— Det er ikkje urimeleg at Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde er nedst på lista, seier Roppen, før han igjen dreg på smilebandet.

— I industrien i gamle dagar var det noko som heitte sunnmørstariff, og det betydde at arbeidarane her gjerne tente litt mindre enn andre stader i landet. No ser me den same tendens når det gjeld rektorløningane, seier Roppen humrande.

Artikkelen held fram under biletet.

Volda-rektor Johann Roppen trudde at lønsforskjellane mellom landets rektorar ville vore større. Foto: Øystein Torheim

Dette seier dei som tener mest

Khrono har sendt e-post til dei seks rektorane ved statlege institusjonar som har ei årsløn på over 1,5 millionar kroner med spørsmål om dei kan kommentera saka.

Rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, som har ei årsløn på like over 1,5 millionar kroner, ringer til Khrono like etter å ha motteke e-posten. Han fortel at han ikkje har reflektert noko særleg kring spørsmålet om dei statlege leiarlønene bør frysast.

Det er uansett eit stort privilegium å få vera rektor for eit leiande europeisk universitet.

Svein Stølen

— Men eg er samd med Slagsvold Vedum i at leiarar i det offentlege ikkje bør føra an i lønsfesten. Samstundes er det slik at det må vera mogleg å rekruttera dyktige leiarar også til dei offentlege posisjonane. Lønene må vera høge nok til å ha eit stort tilfang av kompetente folk å velja mellom, seier Olsen, som svarar følgande når han får spørsmål om han er nøgd med si siga løn:

— Eg er veldig nøgd! Ein kan leva godt på ei rektorløn i Noreg i dag.

Nyvald rektor ved NTNU, Anne Borg, svarar dette på e-post, via seniorrådgjevar Karianne O. Tung i kommunikasjonsavdelinga ved NTNU:

— Som konstituert rektor har eg ikkje sjølv vore involvert i fastsettinga av mi eiga løn. Det er det universitetsstyret som gjer. Når det gjeld det generelle lønsnivået, er det eit spørsmål for universitetsstyra.

Svaret frå Borg kom før ho blei tilsett som ny rektor ved NTNU. I ein kommentar til Khrono etter tilsettinga, seier Karianne O. Tung at universitetsstyret enno ikkje har sendt av garde forslaget om Borg si nye løn til Kunnskapsdepartementet, og at den nye løna ikkje vil vera klar før utpå nyåret.

Stølen: — Eit stort privilegium

Rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen, svarer at han er nøgd med løna si.

— Det er Kunnskapsdepartementet som har lagt rammene, og det heldt eg meg til. Skulle det koma endringar, så held eg meg også til det, skriv Stølen, før han understrekar:

— Det er uansett eit stort privilegium å få vera rektor for eit leiande europeisk universitet.

Rektor ved Universitetet i Sørøst-Norge, Petter Aasen, som går på sin andre rektorperiode frå og med 1. januar 2020, skriv følgande i en e-post:

— Eg har fått tilbod om ulike leiarstillingar sidan 1988. Eg har aldri fremma lønskrav i samband med stillingane eg har hatt eller som eg har fått tilbod om. Det er styra ved institusjonane som har stått for lønstilbodet og fastsettinga av løna.

Dei seks rektorane som tener over Slagsvold Vedum sitt lønsfrys-tak er: Anne Borg (NTNU), Curt Rice (OsloMet), Svein Stølen (Universitetet i Oslo), Øystein Thøgersen (NHH), Petter Aasen (Unviersitetet i Sørøst-Norge) og Dag Rune Olsen (Universitetet i Bergen).

OsloMet-rektor Curt Rice og NHH-rektor Øystein Thøgersen har førebels ikkje svart på e-posten frå Khrono.

INSTITUSJON REKTOR LØNN
Handelshøyskolen BI (privat)Jan Inge Henjesand2.531.869
Høgskolen Kristiania (privat)Arne Krumsvik1.750.000
NTNUAnne Borg1.650.000 ***
OsloMetCurt Rice1.604.384
Universitetet i OsloSvein Stølen1.600.000
NHHØystein Thøgersen1.585.000
Universitetet i Sørøst-NorgePetter Aasen1.560.000 **
Universitetet i BergenDag Rune Olsen1.533.500
UiT Norges arktiske universitetAnne Husebekk1.460.300
Universitetet i StavangerKlaus Mohn1.450.000
Nord universitetHanne Solheim Hansen1.445.913
Universitetet i AgderSunniva Whittaker1.414.000
Høgskulen på VestlandetBerit Rokne1.409.500
Høgskolen i InnlandetKathrine Skretting1.350.000
NMBUSjur Baardsen1.307.400
Samisk høgskoleLaila Susanne Vars1.267.750
Høgskolen i ØstfoldLars-Petter Jelsness-Jørgensen1.175.600
VID Oslo (privat)Bård Mæland1.158.250 *
Høgskolen i MoldeSteinar Kristoffersen1.083.100
Høgskulen i VoldaJohann Roppen1.024.800

*** Løna ho har hatt som konstituert rektor. ** Frå 1. januar 2020. * Førre rektor, Ingunn Moser, si løn. Bård Mæland si løn er ikkje ferdig forhandla.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS