Først eit alvorleg dataangrep. Så eit svært koronautbrot. Og så eit tragisk dødsfall. Ved Noregs Handelshøgskole har utfordringane stått i kø dei siste månadane. No bankar koronaviruset på døra igjen.

Noregs handelshøgskule

Den vanskelege hausten

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Det første eg tenkte då eg forstod kva som var i ferd med å skje førre veke, var at dette berre er veldig leit. Og trist. Og dumt.

Kommunikasjonsdirektør Geir Mikalsen likar ikkje utviklinga. Sidan førre fredag er 40 nye NHH-studentar bekrefta koronasmitta. Virusbølgje nummer to er i ferd med å velta innover Eidsvågsneset like nord for Bergen sentrum.

Skal den tøffe hausten vara evig?

Då dei første smittetilfella dukka opp, visste me ikkje kor svært dette kom til å bli. Så small det.

1. august hadde Geir Mikalsen (55) sin første arbeidsdag som kommunikasjonsdirektør ved NHH. Fire dagar etter blei skulen ramma av eit kraftig dataangrep, der det mellom anna viste seg at tilsette og studentar sine brukarnamn og passord låg ope ute på eit hackarforum.

Angrepet fekk nasjonal merksemd og NHH fekk kritikk for å ha slurva med datatryggleiken.

— Me fekk rydda opp i problemet før det fekk utvikla seg. Den saka var eigentleg raskt ute av verda, seier Mikalsen.

Men hausten var enno ung. Eit par veker etter dataangrepet, blei NHH angripen på nytt. Denne gongen var det ein heilt annan fiende skulen stod overfor.

Korona. Covid-19. Pandemihelvetet var laust på Eidsvågsneset.

— Då dei første smittetilfella dukka opp, visste me ikkje kor svært dette kom til å bli. Så small det, minnest Mikalsen.

I løpet av fire intense veker, fekk 150 NHH-studentar påvist smitte. No, i slutten av oktober, er eit nytt utbrot i emning.

— Ein tenkjer litt sånn; ikkje no igjen, kjem det frå Mikalsen.

På tampen av det første koronautbrotet, kom det ei ny trist melding frå Noregs Handelshøgskole. Ei ung kvinne på 20 år var funnen død i ei leilegheit nær skulen.

Først nokre dagar etter dødsfallet blei det stadfesta at kvinna var student ved NHH. Dødsfallet blir i skrivande stund etterforska som drap, og ein mann på 19 år er sikta for ugjerninga.

— Det var ei forferdeleg trist hending, og det var også ekstra krevjande å handtera kommunikasjonen. Rykta gjekk om at kvinna studerte ved NHH, men dette ville ikkje politiet stadfesta, seier Mikalsen.

Forståing og empati

Eit dataangrep, eit koronautbrot og eit tragisk dødsfall. Midt i ein verdspandemi, som aukar i omfang. I verda, men også ved NHH. Førre veke måtte skulen igjen avlysa all fysisk undervisning.

— Dei siste vekene har eigentleg vore rolege her ute, og situasjonen har byrja å normalisera seg. Me hadde eit håp om at det skulle bli betre og betre framover, seier Mikalsen.

Sjølv for ein røynd kommunikasjonsdirektør kan det vera vanskeleg å vera 100 prosent trygg på at det ein gjer og seier alltid er det rette.

— Når det dukkar opp hendingar og situasjonar som det me har opplevd her i haust, er den første tanken min ofte at dette er noko som blir vanskeleg og utfordrande for mange menneske, fortel Mikalsen, og held fram:

— Samstundes byrjar eg automatisk å legga planar for korleis me skal handtera situasjonen, og korleis det heile skal organiserast. Då handlar det ikkje berre om det strategiske, men også om å forstå og tolka situasjonen.

— Kan du utdjupa det?

— Eg har stor tru på at ein tener på å visa forståing og empati for dei involverte, også i møte med media. Den største feilen ein kan gjera, er å stå fram som påståeleg og lite forståingsfull, svarar Mikalsen.

Me må vera i beredskap. Det er ikkje enkelt å måtta ta avgjersler som kanskje kan vera upopulære eller vanskelege å forstå. Av og til gjer me feil òg.

Psykisk helse

Lise-May Sæle (23) er student ved NHH, og eksternansvarleg og styremedlem i studentforeininga (NHHS) på Noregs Handelshøgskole. I haust har Sæle stått bak initiativa «Koronahjelpen NHHS» og «NHHS blir kjent», som begge er støttetiltak retta mot studentar.

Sæle fortel om ein spesiell NHH-haust, som nok har vore meir krevjande for studentane enn det folk kanskje er klar over.

— Psykisk helse må vera eit stort fokusområde i tida som kjem. Det handlar ikkje berre om NHH, men om studentar og unge menneske generelt, seier Sæle til Khrono.

Under det første koronautbrotet ved NHH var det nettopp studentane som fekk skulda. Eit par sosiale samankomstar i kjølvatnet av fadderveka var alt som skulle til for at smitta fekk bein å gå på.

Sæle vedgår at merksemda det første utbrotet fekk i lokale og nasjonale media, prega miljøet ved NHH. Når det no igjen har dukka opp nye tilfelle av korona ved skulen, tenkjer Sæle at det er viktig å fokusera på det som kan gjerast noko med.

— Me skal gjera det me kan for at dette ikkje blir like svært som i august og september. Førre veke hadde me møte med byrådsleiaren og dei lokale helsemyndigheitene om korleis me skal handtera dette. Kort fortalt handlar det om smittevernreglar, restriksjonar og den felles dugnaden.

— Har de teke lærdom av det som skjedde i august og september?

— Oppfatninga mi er at dei aller fleste gjer det dei kan for å unngå smitte. Samstundes er det viktig å hugsa på at Bergen er ein svær studentby. Mange bur i kollektiv, og det å gardera seg hundre prosent mot smitte, er nærast umogleg, svarar Sæle.

Ho fortel vidare at det framleis er restriksjonar når det gjeld til dømes alkoholservering på NNHS sine sosiale arrangement.

— Tiltak og restriksjonar er noko som no blir følgt opp veldig tett. Igjen vil eg understreka at det er viktig å fokusera på det me kan gjera noko med – og ikkje det andre måtte tenka og meina om oss, seier Sæle, og held fram:

— Utbrot som det me hadde i august og september kunne skjedd kor som helst. Det som er litt skummelt er at veldig mange av dei unge som blir smitta har milde eller ikkje nokon som helst symptom. Det fører til at ein kan vera smitta utan å vita om det.

Sæle føler på eit ekstra ansvar når det kjem til å stilla opp for dei studentane som måtte trenga det. Ho meiner det er svært viktig at både studentleiinga og skuleleiinga er tydelege i kommunikasjonen overfor studentane.

— Me må vera i beredskap. Det er ikkje enkelt å måtta ta avgjersler som kanskje kan vera upopulære eller vanskelege å forstå. Av og til gjer me feil òg.

— Kva er den viktigaste erfaringa du har gjort deg dei siste månadane?

— Viss eg må velja éi erfaring så må det vera dette som har med kommunikasjon å gjera. God kommunikasjon er heilt avgjerande, uansett kva situasjon ein står i, sluttar Sæle.

Det er berre heilt ufatteleg tragisk og trist. Ei slik hending har sin heilt eigen dimensjon. Det dukkar opp kjensler som ein dreg med seg vidare.

NHH-maskineriet

Rektor Øystein Thøgersen. 56 år gammal. Øvste leiar. Sjef.

— Det har vore ein spesiell haust. Det har det.

NHH-rektoren snakkar med Khrono om korleis det har vore å vore overhovud for ein institusjon som har hatt det ekstra tøft dei siste månadane.

— Dataangrepet, koronautbrotet og det forferdelege dødsfallet er tre veldig ulike saker. Men dei har kome tett. Når det gjeld denne unge kvinna...

Thøgersen tek ein kort pause.

— Ein student som plutseleg døyr. Det er berre heilt ufatteleg tragisk og trist. Ei slik hending har sin heilt eigen dimensjon. Det dukkar opp kjensler som ein dreg med seg vidare.

Dataangrepet i august fekk NHH raskt kontroll på. Det fekk, som Thøgersen seier det, heldigvis ikkje alvorlege konsekvensar.

— Men det kunne fått det, poengterer rektoren overfor Khrono.

Så kom koronautbrotet, og for Thøgersen sin del toppa det seg då han midt i den verste perioden uttalte til Bergens Tidende at han ikkje angra på at fadderveka ved NHH hadde blitt arrangert. Sitatet fekk mange til å rista på hovudet.

— Realiteten er at utbrotet starta etter fadderveka. Men lat følgjande vera sagt; som institusjon seinka me nok garden for langt ned i etterkant av fadderveka. Det angrar me på i dag. Me er ikkje i posisjon til å sitja på ein høg hest, og me skal vera veldig audmjuke, seier Thøgersen.

— Korleis er det eigentleg å vera rektor i ei tid som dette?

— Det er krevjande. Samstundes som det dukkar opp hendingar som dei me har vore innom, skal hjula haldast i gang. Som leiar og sjef blir eg kraftig minna om at me ikkje hadde kome nokon veg utan alle som jobbar rundt meg. Då siktar eg til både administrasjonen, til dei som føreles og til resten av NHH-maskineriet, svarar Thøgersen.

For berre eit par veker sidan avslørte 56-åringen at han igjen vil søka om jobben som rektor ved Noregs Handelshøgskole, denne gongen for åremålet 2021 til 2024.

Ein tøff haust har ikkje skremt rektoren. Tvert om.

— Denne jobben er noko ein har med seg heile tida, sjølvsagt særleg i periodar som dette. Samstundes er det også slik at ein over tid er nøydd til å læra seg å kopla av. Viss ikkje nyttar det ikkje. Ein kan ta seg ein treningstur eller vera med vener, for eksempel. Det gjer at ein får overskot til å stå distansen på jobb når det er behov for det, seier Thøgersen.

— Eg skal ikkje legga skjul på at koronatida har vore – og framleis er ekstra krevjande. Det blir ofte til at eg tenkjer på jobben heile døgnet. Og denne perioden er langt frå ferdig. Han er som eit langdistanseløp, og det kjem stadig nye hinder. Som rektor må eg syta for å ha overskot til å fungera på best mogleg måte når det stormar som verst.

Geir Mikalsen, Øystein Thøgersen og Lise-May Sæle fortel om ei krevjande tid ved Noregs Handelshøgskole.
Powered by Labrador CMS