Tuastad: Valparodi i Stavanger
Styreval. 22 kandidatar stiller til val til 5 styreplassar ved Universitetet i Stavanger, med minimalt med valkamp. — Ein parodi av eit val, seier Svein Tuastad. Han er bekymra for universitetsdemokratiet.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Førsteamanuensis Svein Tuastad har snart lagt bak seg ein periode som tilsettrepresentant i styret ved Universitetet i Stavanger (UiS). Han stiller til val for ein ny periode frå hausten, men reagerer på gjennomføringa av valet som vert avslutta tysdag.
Det er på sin plass å rope eit varsku om at fagleg tilsette på alle våre universitet må vere med å halde oppe velfungerande demokratiske ordningar – både ved deltaking, men også ved å sjå til at valprosessane er gode.
Svein Tuastad
— I alle val må to omsyn sikrast – likebehandling av kandidatane og at kandidatane kan nå ut til sin veljarkrets. Når den tidlegare tradisjonen med debattmøte uventa vart avvikla, og når det ikkje er lov av kandidatane å fremje synspunkt under valperioden, blir det i praksis ingen debatt. Då er risikoen at det blir ein parodi av eit val, seier han til Khrono.
Ifølge leiar i valstyret, førsteamanuensis Ivar Austevoll, har 22 kandidatar meldt seg til dei fem styreplassane: 10 vitskaplege tilsette, 10 teknisk/administrativt tilsette og to kandidatar for dei mellombelse tilsette.
På UiS sine interne debattsider har det kome kritikk frå fleire mot årets valopplegg, mellom anna at det ikkje blir halde valmøte og at presentasjonen av kandidatane berre skjer på nett.
Tuastad viser til at det berre gjekk ei veke frå alle kandidatane var klare, til valet starta. Og i den veka valet pågår er det ikkje lov å drive valkamp.
— Eg var ikkje klar over at valreglementet var slik. Og eg går ut frå at mange av dei andre nye kandidatane heller ikkje visste at ein for eksempel ikkje kan drive valkamp i den veka valet pågår, seier Tuastad.
— Difor er det i framtida viktig at det skjer ei erfaringsoverføring til kandidatane slik at val og valkampar vert meir reelle.
Opplagt å streame valmøta
— Men folk er ikkje interesserte? Dei kjem ikkje på valmøta?
— Men det er viktig å gjennomføre møte likevel, for at folk skal kunne vite kven dei røystar på. Det er store kommunikasjonsavdelingar på universiteta og dei kan streame møta. Dette er viktigare enn mange trur. Demokrati er ikkje betre enn det folk gjer det til. Det gjeld i kommunestyra som på universiteta, seier Tuastad.
— Då eg sjølv var ny i universitetspolitikken var det nesten eit sjokk å erfare kor svekka den faglege medverknaden hadde blitt. Det trur eg mange vitskapleg tilsette ikkje er klar over. Difor er det på sin plass å rope eit varsku om at fagleg tilsette på alle våre universitet må vere med å halde oppe velfungerande demokratiske ordningar – både ved deltaking, men også ved å sjå til at valprosessane er gode. Ein opplagt ting vil vere å streame debattmøte mellom kandidatar i forkant av val. Her tenkjer eg det kan trekkjast ein lærdom av dette UiS-valet for andre universitet òg for UiS, seier han.
Kandidatane har også sjølve eit ansvar for å drive valkamp.
Ivar Austevoll
Det er ei eiga side på UiS sine nettsider der kandidatane er presenterte, men det er lite debatt.
— Det har vore 3700 klikk på sidene. Det vitnar etter det eg skjønar om stor interesse, seier Tuastad.
Få på valmøta
Leiar i valstyret ved Universitetet i Stavanger, førsteamanuensis Ivar Austevoll, seier at det er universitetsstyret som for lenge sidan har bestemt at det ikkje skal drivast valkamp i den veka valet pågår.
— Så det får vi ikkje gjort noko med, seier han.
— Men nokon meiner at det er kort tid til valkamp og at det er udemokratisk at det ikkje er valmøte?
— Det har jo vore bestemt lenge at de skal vere val til universitetsstyret i år, seier Austevoll, og legg til:
— Det var ikkje så veldig demokratisk val når det berre var eit lite mindretal som møtte opp på valmøta heller. Kandidatane har også sjølve eit ansvar for å drive valkamp, seier Ivar Austevoll.
Desse 22 stiller til val ved Universitetet i Stavanger. Valet blir avslutta tirsdag 12.mars.
Fast vitenskapelig tilsette:
- Ingrid Carita Augustsson, (førsteamanuensis, Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet, Institutt for energiressurser)
- Hans Borge (førsteamanuensis, Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora, Institutt for barnehagelærerutdanning)
- Kolbjørn Kalleste Brønnick (professor, Det helsevitenskapelige fakultet, Avdeling for folkehelse)
- Sigrun Karin Ertesvåg (professor, Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora, Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning)
- Aksel Hiorth (professor, Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet, Institutt for energiressurser)
- Harald Nils Røstvik (professor, Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet, Institutt for sikkerhet, økonomi og planlegging)
- Jon Tømmerås Selvik (førsteamanuensis, Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet, Institutt for sikkerhet, økonomi og planlegging)
- Svein Erik Tuastad (førsteamanuensis, Det samfunnsvitenskapelige fakultet, Institutt for sosialfag)
- Tor Yttredal (professor, Fakultet for utøvende kunstfag, Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon)
- Nadine Zoghbi (førsteamanuensis, Det samfunnsvitenskapelige fakultet, Institutt for medie- og samfunnsfag)
Mellombelse vitskapeleg tilsette:
- Stig Bjønnes (stipendiat, Det helsevitenskapelige fakultet, Avdeling for kvalitet og helseteknologi)
- Geir Sverre Braut (professor II, Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet, Institutt for sikkerhet, økonomi og planlegging)
Teknisk/administrativt tilsette:
- Anne Marit Aspenes (rådgiver, Utdanningsavdelingen, Enhet for studentservice)
- May Irene Furenes (rådgiver, Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora, Fakultetsadministrasjonen)
- Kjersti Gjerdrem (rådgiver, Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora, Fakultetsadministrasjonen)
- Helene Gram (seniorrådgiver, NettOp UiS)
- Tore Klepsvik (seniorrådgiver, Utdanningsavdelingen)
- Kristin Mæland (seniorrådgiver, Avdeling for økonomi og virksomhetsstyring, Enhet for virksomhetsstyring)
- Hilde Norheim (rådgiver, Avdeling for økonomi og virksomhetsstyring)
- Aslaug Margareth (Lunde) Vasshus (seniorrådgiver, Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora, Fakultetsadministrasjonen)
- Tuan Williams (sjefingeniør, Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet, Laboratorium IDE)
- Kyrre Ås (seniorrådgiver, Forsknings- og innovasjonsavdelingen
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!