Nokre fleire enn 2600 personar har skrive under på oppropet mot regjeringsframlegget om at tilsett rektor med ekstern styreleiar skal bli normalordninga for universitet og høgskular. (Illustrasjonsfoto: Hann Utigard, UiO)
Nokre fleire enn 2600 personar har skrive under på oppropet mot regjeringsframlegget om at tilsett rektor med ekstern styreleiar skal bli normalordninga for universitet og høgskular. (Illustrasjonsfoto: Hann Utigard, UiO)

Sterke krefter for både vald og tilsett rektor

I dag får Stortinget vel 2600 underskrifter overlevert til forsvar for ordninga med vald rektor ved universitet og høgskular. Tre valde UiO-dekanar går for tilsett rektor.

Publisert Oppdatert

Saksordførar for strukturmeldinga i utdanningskomiteen, Sivert Bjørnstad (FrP) vil i ettermiddag stå utanfor Stortinget og ta imot 2500 protestunderskrifter frå akademikarar og studentar frå heile landet. Dei krev at ordninga med vald rektor på universitet og høgskular og med rektor som styreleiar blir normalregelen, og ikkje ei ordning med tilsett rektor med ekstern styreleiar.

(Foto: Ola Sæther, Uniforum)

Leiaren for Studentparlamentet, Marianne Andenæs vil overrekkja underskriftene saman med professorane Knut Kjeldstadli , Camilla Serck-HanssenKristian GundersenJan Helge Solbakk og Olav Gjelsvik, forskar Maja van der Velden og fagforeiningsleiarane Ellen Dalen og Kristian Mollestad.

Arbeidarpartiet støttar regjeringa

Før helga var det klart at Arbeidarpartiets Marianne Aasen og heile partigruppa hennar støtter regjeringas forslag om å innføra ei normalordning med tilsett rektor med ekstern styreleiar utnemnt av Kunnskapsdepartementet.

Les også: Ap støtter Isaksen om ledelse i akademia

Det skal likevel vera mogleg for institusjonane å ha vald rektor dersom deira eige styre går inn for det. Sivert Bjørnstad frå FrP og heile partigruppa hans vil gå endå lenger og tvinga alle institusjonane til å innføra ei ordning med tilsett rektor og ekstern styreleiar.

Underskrivarane av protestoppropet viser til at forslaget frå regjeringa også går inn for at Kunnskapsdepartementet skal utnemna alle eksterne styremedlemar, inkludert styreleiaren. Etter deira oppfatning vil forslaget i praksis også føra til alle nye eller samanslegne institusjonar er avskorne frå å velja leiaren sin. Underskrivarane oppfordrar difor Stortinget til ikkje å vedta forslaget.

Valde dekanar for tilsett rektor 

Det står også sterke krefter bak dei som ynskjer at tilsett rektor med ekstern styreleiar skal bli normalordninga for alle universitet og høgskular.

(Medisindekan Frode Vartdal (biletet) går saman med SV-dekan Fanny Duckert og odontologidekan Pål Barkvoll inn for tilsett rektor med ekstern styreleiar ved UiO. Foto:Ola Sæther)

I ein kronikk i dagens utgåve av Aftenposten argumenterer både SV-dekan Fanny Duckert, medisindekan Frode Vartdal og dekan Pål Barkvoll ved Det odontologiske fakultetet for å tilsetja rektor ved Universitetet i Oslo og andre universitet og høgskular. Saman med pedagogikkprofessor Peter Maasen meiner dei at ei slik ordning vil bringa universitetet eit stort steg framover.

Punkt for punkt går dei gjennom argumenta motstandarane av tilsett rektor har brukt, og tilbakeviser dei. Dei viser mellom anna til at dei aller fleste internasjonale universitetsleiarar stort sett blir rekrutterte via tilsetjingar.

Det finst også eit studentopprop liggjande ute på facebook, som seier ja til tilsett rektor,  men dette oppropet har så langt berre fått 89 signeringer.

Viser til NTNU og HiOA

UiO-dekanane peikar også på at argumentet om at det ikkje er relevante kandidatar utanfor institusjonen ikkje stemmer. Som bevis på det trekkjer dei fram at både NTNU og Høgskulen i Oslo og Akershus har tilsett rektorar som både kjem innanfrå og utanfrå.  Dei peikar på at universitetsdemokratiet ved fleire val ikkje har fungert slik det skal. Heller ikkje dei vil avskaffa demokratiet ved institusjonane, men fornya det, understrekar dei:

 «En ansettelse av rektor vil gjøre universitetsstyret , der de ansatte fortsatt har flertall, til en viktigere arena for strategiske beslutninger, samtidig som vi med større sikkerhet får kandidater som kan leve opp til de store krav dagens universitetshverdag stiller.»

Stortinget vil ta ei endeleg avgjerd i dette spørsmålet under handsaminga av Strukturmeldinga den 11. juni.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!