Løgn eller sannning, Randi Marie Sjøholt?

Georg Arnestad ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, meiner direktøren i Samskipnaden, Randi Marie Sjøholt, prøver å stakkarsleggjere han, i eit innlegg om fusjon på Vestlandet. Han oppmodar direktøren til å svare på kva som er løgn og sanning i saka.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Direktør ved Samskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), Randi Marie Sjøholt, har visst hatt det tungt siste tida. Renomméet til organisasjonen ho leiar, er dalande, tilliten er svekka og utviklinga går henne i mot.

Forsøket hennar på å gjere om SISOF til ein politisk kamporganisasjon mot fusjon, enda med tap. No brukar ho dei siste krampetrekningane til å skjelle meg ut og seie at eg fer med løgn, eller «gørr», som ho kallar det i Sogn Avis 19. oktober (også publisert i Khrono). I innlegget prøver ho elles, så godt ho kan, å stakkarsleggjere meg.

Lat dette vere tindrande klart: Under siste året til det tidlegare (nei, nei, nei)-styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) 2014/15, var det heilt naudsynt å bruke «innestemme» om ein ved høgskulen ville uttrykkje at ein var open, ikkje berre for ein fusjon, men for å opne for ein fusjon.

Eg var på ingen måte aleine om å oppleve det slik. Dette er ingenting å le av eller gjere narr av. Det er eit noko trist kapittel i HiSF-soga. Men eg forstår at ein SISOF-direktør med eit no frynsete rykte når det gjeld ytringsfridom, ikkje er i stand til å skjønne slikt.

Eg må også spørje SISOF-direktøren rett ut: Stemmer det ikkje at Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) har rimelegare studentbustader og ei meir velutvikla barnehageteneste enn SISOF? Stemmer det ikkje at Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) har det beste studenthelsetilbodet i landet og eit langt betre treningstilbod enn SISOF? Eller fór den tidlegare studenttillitsvalde ved Universitetet i Bergen, Sindre Dueland, som skreiv om dette i eit lesarinnlegg i Sogn Avis, med løgn?  For liksom å gjere både meg og Dueland til lått, skriv Sjøholt nedlatande at ein Bergens-student «tydelegvis har forska på studentvelferden».  Ingen har gitt uttrykk for noko slikt.

Dette er ingenting å le av eller gjere narr av.

Georg Arnestad

På tide no at du svarar på påstandane til Dueland: Løgn eller sanning, SISOF-direktør?

Til slutt: At direktøren ved Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane, var, og ville vere, «overredaktør» av Røynda, er godt dokumentert. Direktøren som på grunn  omdømet til SISOF ville kontrollere det skrivne ord, har sjølv klart å redusere SISOF-omdømet. Godt gjort. Anna er det ikkje å seie.

Les også:

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS