Keiserens nye kontorplass

Publisert - Sist oppdatert
Gamle kontorer må vike for åpentkontorlandskap, og førsteamanuensis Eidsvik er ikke videre fornøyd med det. Illustrasjonsbilde fra Høgskolen i Oslo og Akershus.

Gamle kontorer må vike for åpentkontorlandskap, og førsteamanuensis Eidsvik er ikke videre fornøyd med det. Illustrasjonsbilde fra Høgskolen i Oslo og Akershus.

Statsbygg sett premissa, og direktiva gir rammene for korleis kontorkvardagen til alle – uavhengig av stillingstype – skal vere. Leiinga ved Høgskulen på Vestlandet er lydige og gir begeistra tilslutning til departementale krav, skriv førsteamanuensis Erlend Eidsvik.

«Så, du trur du kan forske? Klart det, her er ein clean desk til deg!» Kven treng kontor når ein har skjerma aktivitetsbasert arbeidsplass? 

Orsak, det heiter «Skjerma aktivitetsbasert arbeidsplass». Det skal truleg bety nokolunde det same som kontor, men kontor er gamalt og latin og for lite spenstig til at det høver i eit nybygg. Dessutan er det eintydig.

Det skal rydjast og byggjast nybygg på Høgskulen, Campus Bergen, og vi skal inn, nissane på lasset som har nytt tilværet i alminnelege kontor der ein kan få gjort dugande arbeid, der ein kan veilede utan forstyrringar, der ein kan vere tilgjengeleg for studentar gjennom arbeidsdagen. Der ein kan late att kontordøra når søknadsfristar og tidsfristar nærmar seg, eller skal førebu forelesingar eller konsentrere seg over tid. Og, der ein kan ha ope dør om ein kjenner seg ein tanke ekstrovert og sprelsk.

Men no er det snart slutt. Og, med nytt bygg kjem budsjettrasjonering kamuflert som nyspråk – det sig inn som ein influensa smitta av sviktande dømmekraft og konsulenttenester på lavoktan. Dei nye orda tåkelegg sjølv klare haustdagar – no ser eg atter eit tåkehav av omgrep der enkle einingar som rom og kontor er gjort om til samhandlingsprosessuelle møteplassar.

Vi brukarar, eller kanskje heiter det samhandlingsentrepenørar, ikkje veit eg, er jo også blitt spurt om korleis vi ser for oss kontorframtida. «Eigne kontor», sa vi, ganske så samstemt. Jasså, aktivitetsbasert multirom med gjensidig møte- veilednings og forskingsfunksjonalitet, seier de, flott det fiksar vi.

Medverknad er så 1990-talls, det blir berre til bry i dag.

Erlend Eidsvik
Førsteamanuensis, Høgskulen på Vestlandet

Medverknad er så 1990-talls, det blir berre til bry i dag. For visjonane er visjonære, målet er hellig, og multiromma står snart klare til kreativ multitasking mellom reine linjer på tilmålte kvadratdesimeter.

Så, du trur du kan forske? Klart det, her er ein clean desk til deg. Svisj, her er ditt mobile skap, vent, eg skal plinge på til Samhandlingslaboratoriet nede i masterstudentfabrikken, så kan vi gå inn på eit operativt multihandlingsrom slik at det kan genererast nokre synergieffektar.

Kven treng lesesal når ein har samhandlingslaboratorium (det skal vissnok vere det same); kven treng kontor når ein har skjerma aktivitetsbasert arbeidsplass. Kjære vene.

Keiser, vi treng ikkje nye klær, vi treng fornuftige arbeidsvilkår som gjer at vi kan utføre jobben vår. Vi treng ein stad der vi kan jobbe konsentrert med forsking, søknader, god undervising og ‘kunnskapsproduksjon’. For universitetsambisjonane står vel ved lag, eller hur? Eller skal det skje på heimekontoret, helst? Vi treng, kort sagt, ein arbeidsstad og ei kontorløysing der vi blir respektert for den jobben som vi er satt til å gjere – og som vi elskar å gjere.

Diskusjonen om bygg og utforming rir universitets- og høgskulesektoren som ei mare. Eller diskusjon, i realiteten er det instruksar frå departementale krefter og byggherre Statsbygg. Leiinga høyrer ikkje det unisone koret frå dei tilsette og lograr med halen til departementet – hu hei, her blir det integrerte arbeidsplassar – integriteten får du med på kjøpet for ein neve bitcoins.

Post-politics tilbyr nokre interessante perspektiv: I forenkla ordelag er dette ei retning som studerer tilstanden der politiske avgjerder i stor grad er forma og avgjort av eit stadig sterkare teknokrati. Den er dermed post-demokratisk – din og min innflytelse er minimal. I dette tilfellet set Statsbygg premissa, og direktiva gir rammene for korleis kontorkvardagen til alle – uavhengig av stillingstype – skal vere. Leiinga ved Høgskulen er lydige og gir begeistra tilslutning  til departementale krav.

I Malmø har Malmö Högskola just gjort retrett på opent landskap etter to år med mistrivsel og dysfunksjon. Signalbygget Niagara fall med eit plask – dyrkjøpt erfaring og tilbake til start. Vi har enno tid til å snu ei varsla misère.  Å ta dei tilsette på alvor er første steg.

Innlegget ble først publisert hos På Høyden.

debatt

Har du noe på hjertet?

Send oss et debattinnlegg, en kronikk eller en meningsytring. Alle innlegg signeres med fullt navn og tittel.

Digitalisering. Det er dessverre flere eksempler på naiv digitalisering der en lar datasystemene bestemme rutiner og «policy», selv om disse er i konflikt med overordnede mål, regler eller sunn fornuft, skriver professor Kai A. Olsen.

Biblioteket. Læringssenterdirektør ved Høgskolen i Oslo og Akershus, Lars Egeland, skriver om biblioteksledelse.