Gerd Kvale er kritisk til at to kommande visedekanar på Det psykologiske fakultetet går ut med mistillit midt i ein tilsettingsprosess.

Kritisk til visedekanar i ein tilsettingskonflikt

Psykologiprofessor Gerd Kvale reagerer på at to kommande visedekanar på Det psykologiske fakultetet er med blant underskrivarane på eit opprop mot ei av søkarane til ei instituttleiarstilling. Saka skal opp på fakultetsmøte onsdag 14. juni.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Eg har alltid tenkt at eit universitet skal ha takhøgd. Om ikkje vi kan ha det, så veit eg ikkje kven som skal kunne ha det, seier Gerd Kvale.

Men då 17 tilsette gjekk ut med eit opprop som uttrykker mistillit mot Åsa Hammar, som er ei av tre kandidatar til leiarstillinga ved Institutt for klinisk psykologi (IKP), blei ho overraska, skriv På Høyden.

— Eg er på ingen måte mot opprop. Men eg synest at det er overraskande at to personar frå det påtroppande dekanatet er med på det, seier Kvale.

Les meir: Opprop mot leiarkandidat

Kan komplisere

Eg er på ingen måte mot opprop. Men eg synest at det er overraskande at to personar frå det påtroppande dekanatet er med på det.

Gerd Kvale

— Eg veit ikkje kva som blir resultatet av tilsettingsprosessen, men  eg oppfattar det som underleg  at to av de kommande leiarane ved fakultetet  under ein tilsettingsprosess går ut og seier at dei ikkje har tillit til ein av  kandidatane. Om denne kandidaten skulle bli tilsett, vil det oppstå ein merkeleg situasjon mellom dekanatet og ein av instituttleiarane. Sjølv om eg sjølvsagt reknar med at komiteen handterer saken profesjonelt, vil eg  tru at mistillitserklæringa  potensielt sett kan komplisere det heile.

Noverande instituttleiar Per-Einar Binder og førsteamanuensis Helge Molde er begge blant underskrivarane på oppropet. Begge blir visedekanar i dekanatet til Bente Wold.

— Vi må ha openheit og diskusjon. Men eg synest det er ei spesiell rolleforståing at nokon går til val som eit dekanat med ryddige prosessar som kampsak, og deretter skriv under på eit slikt opprop.

Kvale har sjølv vore dekan på fakultetet, men gikk av etter ein prosess då ho ikkje fekk fakultetsstyret med seg på å gjere om opptaksordninga på profesjonsstudiet i psykologi i 2010. Opptaksordninga Kvale gjekk inn for blei gjennomført i 2016.

Går ut over Hammar

Professoren synest det er særleg trist at konflikten går ut over Åsa Hammar.

— Hammar har heile si yrkeskarriere stått på for UiB, og ho viste tidleg at ho var ei som både var villig og kompetent til å ta på seg oppgåver. Blant anna har ho tidlegare erfaring som styrar, og ikkje minst har Hammar god rolleforståing og er ryddig, noe som eg veit gjorde at hun valde å ikkje kommentere  oppropet. Ho har lenge tenkt på å søke jobben som instituttleiar ved IKP, men avsto frå å gjere det då ho tok del i valkampen, seier Kvale

Ho forstår godt at tilsette reagerer når dei opplever at det skjer uheldige ting i tilsettingsprosessar.

— Det er forståeleg at tilsette som reagerer på noko bruker retten dei har til å seie frå om det. Men folk som er valde inn i leiarposisjonar har eit litt anna ansvar, og ein kan forvente ein større profesjonalitet i rolleforståinga, tenker eg.

— Kunne reflektert meir

Avtroppande instituttleiar, Per-Einar Binder, gir langt på veg Kvale rett i kritikken.

— I etterkant har eg tenkt at eg lot meg rive litt med. Som avtroppande instituttleiar bør eg nok la vere å uttale meg om kven som skal bli etterfølgaren min uansett.

Han fortel at han skreiv under oppropet av lojalitet til fagmiljøet han leier.

— Det er heller ikkje optimalt at eg skriv under på eit slikt opprop når eg skal inn i dekanatet. Dersom Hammar får jobben må vi snakke ut om saka og få rydda opp i det. Men eg skulle nok reflektert meir over det i utgangspunktet.

Avgjerd i dag

Helge Molde ser òg at det var uheldig at han var med på oppropet.

— Det var litt dumt at vi skreiv under på dette, og vi gikk for fort fram. Vi må skille mellom prosess og person, og det er prosessen vi ikkje har tillit til, seier han til På Høyden.

Det skal vere styremøte om tilsettingane av instituttleiarar på fakultetet i onsdag 14. juni.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS