rektorval
Danka ut sitjande rektor. Ny valrunde i Molde
Valet ved Høgskolen i Molde enda med exit for sitjande rektor og kandidat Steinar Kristoffersen.

Dermed
blir det ny valrunde på høgskulen, då med dei to attverande kandidatane, Johan
Roppen og Elin Mordal. Ifølgje regelverket må det omval til dersom ingen av
kandidatane får meir enn 50 prosent av stemmene.
Prorektorvalet er derimot avgjort.
Svein Bråthen blir ny prorektor frå 1. august i perioden som varer fram til 1. juli 2027. Han kapra vervet hårfint med om lag 52 prosent av stemmene, mot motkandidat Jeanette Varpen Unhjems 48 prosent.
I første valrunde var det outsider Johan Roppen, som har snart åtte år bak seg som rektor ved Høgskulen i Volda, som fekk flest stemmer. Men også her var skilnaden hårfin: 260 stemte på Roppen, 249 på Elin Mordal — knappe 39 mot 37 prosent. Mordal er tilsett ved høgskulen.
Steinar Kristoffersen har vore rektor i Molde i snart seks år, og var klar for nye år i jobben, med ambisjon om arbeide for universitetsstatus.
Det ville ikkje fleirtalet på Høgskolen i Molde.
Kristoffersen måtte nøye seg med 24 prosent av stemmene.
217 teljande stemmer vart avgitt frå dei tilsette, 214 av dei teljande og tre blanke. Studentane leverte 168 teljande stemmer.
Datoar for runde to av rektorvalet er sett til 25. og 26. april.
Nylige artikler
Sit har et ansvar som boligutvikler – også for kulturmiljøet
En historisk mulighet for kunstnerisk utviklingsarbeid
Fann orsakingar for kvifor ho ikkje skulle fullføra
Beata går rettens vei for å få betalt for 567 timer overtid
Harvard bak fasaden
Mest leste artikler
Mangfold-forskeren skulle til Norge. Trump-administrasjonen sa nei
Foredragene til denne professoren koster tusen kroner minuttet
Studentavis sendte Musk-inspirerte spørsmål til ansatte. Da ble det bråk
Slik skal KI-milliarden brukes. Her er de nye KI-sentrene
Nå fjernes den omstridte Linné-benken