Universitetsstyremøte på UiB, Margareth Hagen, Petter Bjørstad og Kjell Bernstrøm nærast kamera. Bjørstad er skeptisk til at rektor er styreleiar. Foto: Dag Hellesund
Universitetsstyremøte på UiB, Margareth Hagen, Petter Bjørstad og Kjell Bernstrøm nærast kamera. Bjørstad er skeptisk til at rektor er styreleiar. Foto: Dag Hellesund

Styret i Bergen vil ikkje diskutera vald eller tilsett rektor

Vald leiing. Universitetsstyret ønskjer ikkje ein ny runde om leiingsform. — Eg lever godt med at ein ikkje tek den debatten, sa styrerepresentant Jørgen Melve.

Publisert   Sist oppdatert

«Rekruttering av ny universitetsdirektør» var ei av sakene på sakskartet då Universitetet i Bergen (UiB) hadde styremøte torsdag.

Fakta

Ledelsesmodeller

OsloMet inngang campus Pilestredet. Foto: Nils Martin Silvola

Av de største institusjonene i Norge har NTNU, OsloMet, Nord universitet, Universitetet i Sørøst-Norge, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet alle enhetlig ledelse på toppnivå. Det samme gjelder BI.

Mens NTNU og BI har hatt enhetlig ledelse i mange år, har de andre institusjonene byttet i løpet av de siste fem årene. Universitetet i Agder, Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo og UiT Norges arktiske universitet har valgt å beholde sin ordning med valgt rektor og delt ledelse på toppnivå.

fakultets- og instituttnivå ser det annerledes ut.

En gjennomgang NHH har gjort av utdanningsinstitusjonenes ledelsesmodeller på fakultets- og instituttnivå viser at de aller fleste har ansatt dekan og instituttleder, og at de har hatt dette i lengre tid.

Som eksempel innførte Høgskolen i Bergen enhetlig ledelse på institutt- og avdelingsnivå allerede i 2006, og NMBU i 2003. NTNU vedtok å avskaffe ordningen med valgte instituttledere i 2012.

Ved UiB, UiO og UiT er ansatt instituttleder normalen, men med mulighet for å kunne ha valgte instituttledere hvis ønskelig.

Kilde: Saksframlegg til styremøtet 12/9-19 på NHH

Men var dette eigentleg ei sak der ein skulle diskutera om UiB skal ha vald eller tilsett rektor? Dette spørsmålet kom etter at Petter Bjørstad, som er ny i styret etter at Alf Erling Risa gjekk av med pensjon i vår, mellom anna sa at det hadde vore ein fordel om rektor ikkje sat i styret.

— Eg synest at dét ikkje burde vore ein vesentleg skilnad for rektor si rolle og funksjon. Ein vald rektor burde ha same rolla som ein annan rektor som er tilsett. Det er rimeleg pussig om heile skildringa av arbeidet er avhengig av om ein har fått jobben på den eine eller andre måten, sa Bjørstad.

Dersom ein skal ta den debatten må ein starta han ut mot resten av universitetet, og me må mellom anna ha ein høyringsrunde.
Jørgen Melve
Styrerepresentant

Dei eksterne ville debattera

Bakgrunnen for saka er at universitetsdirektør Kjell Bernstrøm sitt åremål går ut om 15 månader, altså ved inngangen til 2021. Styret skulle diskutera om ein skulle setja ned ei gruppe som skal jobba fram ei ny arbeids- og ansvarsfordeling mellom rektor og universitetsdirektør. Den arbeidsfordelinga UiB i dag har, er frå 2007.

— Ønskjer me å ta diskusjonen om leiingsform, spurde ekstern representant Bjørn K. Haugland.

— Det vil ha konsekvensar for direktøren. Eller ønskjer me ikkje den diskusjonen?

— Det er eit premiss i saka at valt leiing vert vidareført. Men eg synest det er på sin plass at styret diskuterer dette, sa Bjørn Østbø.

Også han er ekstern representant i styret. Men dei to fekk ikkje støtte frå dei interne styrerepresentantane.

— Eg lever godt med at me ikkje tek den debatten. Dersom ein skal ta den debatten må ein starta han ut mot resten av universitetet, og me må mellom anna ha ein høyringsrunde. Dette har me gjort i kvar styreperiode, og me har landa på vald leiing. Det er det brei konsensus om, sa Jørgen Melve, som representerer dei teknisk og administrativt tilsette.

Arbeidande rektor

Rektor Dag Rune Olsen peika på rollefordelinga mellom rektor og direktør.

— Stillinga som direktør skal lysast ut som administrerande direktør. Eg gjekk til val på at eg ønskjer vald rektor, men eg sa òg at eg ønskjer å vera ein arbeidande rektor. Det er viktig at rektor har daglege arbeidsoppgåver knytt til fagleg leiing, sa Olsen.

Han sa òg at UiB no har eit rektorat som er meir operativt på faglege ting, men at ein treng å få ei avklaring av i kor stor grad faglege fullmakter kan ligga i eit rektorat.

Kjell Bernstrøm vart først konstituert som universitetsdirektør. Det skjedde etter at det var ein konflikt mellom Kari Tove Elvbakken og Dag Rune Olsen, som enda med at Elvbakken gjekk av. Nokre år tidlegare var det ein konflikt mellom dåverande rektor Sigmund Grønmo og dåverande direktør Kåre Rommetveit. Rommetveit slutta.

— Det har vore ein del konflikt og ein del friksjon i forholdet mellom rektor og direktør. Eg meiner det er uheldig at vald rektor skal vera styreleiar, eg har aldri skjøna logikken i det. Ein treng eit godt samarbeidsklima og ei god forståinga av den rolla ein har. Eg føreslår at ein ser på ei nærare presisering før ein tilset ny direktør, sa Bjørstad.

Rektor kjem med forslag

Styret vedtok at prosessen med å rekruttera neste direktør vert sett i gang, og at det samstundes vert sett ned ei gruppe som ser på forholdet mellom rektor og direktør. Rektor Olsen skal koma attende med eit forslag til gruppesamansetjing til neste styremøte, som er 31.10.