Skjebnetid for Athen-instituttet
Ny plan i Athen. Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo har blitt samde om ein ny plan og halvering av budsjettet for Det norske instituttet i Athen. Det vekker reaksjonar blant faglege tilsette både i Oslo og Bergen.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det norske institutt i Athen bør ikkje leggast ned. Men det skal vidareførast som ein rein infrastruktur knytt til arkeologi. Det har Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo blitt samde om. Styret ved Universitetet i Bergen har torsdag ei sak om instituttet på agendaen.
I sakspapira blir det tilrådd at senteret skal overleve, men at aktiviteten blir sterkt redusert. Og det har allereie kome kritiske merknader til saka både frå Bergen og Oslo.
Reaksjonar
Professor Einar Thomassen ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap ved Universitetet i Bergen reagerar i kommentarfeltet til På Høyden på at instituttet blir ei rein administrativ serviceteneste for arkeologiske prosjekt, styrt frå UiBs økonomiavdeling.
«Skal instituttet oppfylle sine oppgaver overfor de norske fagmiljøene, vil det være behov for et faglig tilsyn av ett eller annet slag. Universitetsstyret bør be om at det fremlegges forslag til hvordan dette behovet kan imøtekommes. Det trenger ikke være i form av en heltidsansatt styrer som i dag», skriv Thomassen.
Førsteamanuensis ved Institutt for arkeologi, konservering og historie ved Universitetet i Oslo, Knut Ødegård, meiner i same diskusjonstråd at det er høgst uklart om Athen-instituttet faktisk kan vere ansvarleg for søknadar om arkeologiske prosjekter til det greske kulturdepartementet utan ein fagleg leiar.
«Dessuten må man si at den skisserte planen om at arkeologiske prosjekter selv skal finansiere alt og at dette skal fremgå av prosjektkontraktene er høyst urealistisk. Ingen av de arkeologiske prosjektene ved Athen-instituttet gjennom 30 år har hatt slike muligheter. Dessverre er det også slik at vi som har faglige interesser i Hellas både ved UiO og UiB aldri har blitt involvert i denne prosessen. Dermed ser det også ut til at vi ender opp med en situasjon som kan paralysere all virksomhet i Hellas framover», skriv Ødegård.
Saknar fagleg styring
Og professor Thomassen I Bergen er også kritisk til at det ikkje blir lagt opp til noen form for fagleg styring av, eller tilsyn med , verksemda i Athen.
«Dette kan ikke være tilfredsstillende når instituttets formål er av faglig karakter – ikke bare med hensyn til arkeologi, men også fordi, som det står i saksforelegget, det må 'anses som både faglig og kulturpolitisk viktig å opprettholde den forbindelse til den antikke greske kulturen som instituttet representerer'».
Han meiner også at aktiviteten ved instituttet aldri har vore høgare enn no.
Instituttet i Athen blir no drive og finansiert av Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo og NTNU .
Den antikke kulturarven
Instituttet driv ifølge heimesida, undervisning, forsking, publisering og formidling av gresk kultur, historie, arkeologi og språk for det norske universitetsmiljøet. Hovedvekten av Instituttet sin aktivitet har vore retta mot den antikke kulturarven, men det mer moderne greske kulturlivet er også blant instituttets arbeidsoppgåver.
I tillegg har Athen-instituttet rett til å på vegner av norske universitetsmiljø søke om løyve til å drive arkeologisk feltaktivitet i Hellas.
Denne retten er hovudargumentet for at ein ikkje bør legge ned heile instituttet. I sakspapira blir det peika på at interessa for arkeologiske prosjekt i Hellas lita blant norske forskarar i dag, men at dette kan endra seg.
Instituttet skal vere eit ressurssenter for dei norske universitetsmiljøa i Hellas, heiter det. Det har mellom anna som oppgåve å legge til rette for vitskapelg diskusjon, utveksling og utdanning.
Først trekte Universitetet i Tromsø seg ut, og NTNU trekker seg frå hausten. Då blir det berre UiO og UiB av eigarar av Det norsk institutt i Athen . Instituttet fyller 30 år i år, og ser ut til å leve fram til jubileet – men berre så vidt.
Leggast ned, eller ikkje leggast ned...
På Høyden har dei siste åra skrive fleire saker om utanlandssentra. Det er fleire av dei, og dei er organiserte på høgst ulikt vis. I 2014 kom eit utval ved Universitetet i Oslo med framlegg om at universitetet skulle trekke seg frå samarbeidet om senteret i Caen. Året etter hadde fleire av universiteta sine eigne evalueringar av deltaking i dei ulike sentra. For UiB viste det seg at fleire av sentra er mindre brukt enn før.
I 2016 kom det ein rapport som sa at studiesentra ikkje burde leggast ned – enno. Men det blei tilrådd ei ny vurdering av sentra i Athen og St. Petersburg. I fjor vedtok styret for Det norske universitetssenteret i St. Petersburg at senteret skal leggast ned. Dette skjedde etter at russiske styresmakter kasta ut ni norske studentar i desember 2017.
Fem millionar i budsjett
Midt i januar hadde leiinga ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen eit møte. Der var det semje om at ein skal vidareføre senteret i Athen som rein infrastruktur. Det vil seie at ein får følgjande mandat:
- Naudsynt bistand for å oppnå løyve til utgravingar
- Tilgang til samlingar og museum for norske miljø
- Deltaking i det felles, nordiske biblioteket
Men ein skal ikkje lenger har ein eigen utsendt leiar ved senteret, slik ein har i dag. Perioden for sitjande senterleiar er forlenga ut 2020, deretter skal behova knytt til infrastruktur dekkast av lokalt administrativt tilsette, primært ei stilling, heiter det i referatet frå møtet.
Halvering av budsjettet
I dag disponerer instituttet to bilar, to leigde leilegheiter og to eigde leilegheiter. Ved å kvitte seg med dette er målet at instituttet skal kunne driftast med ei budsjettramme på 2-2,5 millionar kroner i året. I 2019 er budsjettet fem millionar, der UiB betalar 1,7.
UiB har hatt det administrative ansvaret og i tillegg hatt styreleiar for instituttet. UiO har formelt vore eigar av bygningane. No er planen at Universitetet i Bergen formelt skal overta eigarskap for senteret. UiO skal betala brukaravgift for å sikra tilgang for sine miljø, og UiB skal utarbeide brukaravgifter for eksterne institusjonar.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!