
Rektor Dag Rune Olsen etterlyser meir innovative innkjøp
Innkjøp. Dei fire eldste universiteta vil ha ein eigen reisebyråavtale fordi dei ikkje er nøgde med den staten har.
— Universitets- og høgskulesektoren ønskjer å ta klimavennlege val, skreiv Dag Rune Olsen, rektor ved Universitetet i Bergen, i eit debattinnlegg som er publisert i både Aftenposten og Khrono.
I innlegg peikar Olsen på at det er umogleg å bestilla togreiser gjennom den reisebyråavtalen staten no har. I tillegg stiller ikkje staten, ved Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi), krav om miljøsertifisering for dei selskapa som leverer tilbod. Dei såkalla Bott-universiteta, altså universitetet i Bergen, Oslo, Tromsø og NTNU, har difor varsla at dei ønskjer å trekkja seg frå avtalen.
Me har gjort ei anna vurdering enn Difi, og meiner at det er mogleg å stilla krav om miljøsertifisering.
Dag Rune Olsen
Men krav om miljøsertifisering vil vera eit brot på regelverket for offentlege innkjøp, skriv Kjetil Østgård i eit svarinnlegg i Aftenposten torsdag. Han er leiar for Statens innkjøpssenter. Østgård skriv at staten no brukar innkjøpsmakta til å krevja at det vert mogleg å bestilla togbillettar, og at det er beklageleg at nokre ønskjer å stå utanfor den felles avtalen.
Vil ikkje forlenga
— Tok du litt hardt i, Olsen?
— Me har gjort ei anna vurdering enn Difi, og meiner at det er mogleg å stilla krav om miljøsertifisering. Me vurderer òg å stilla krav om klimanøytralitet. Dette er noko eg har diskutert med vår statsråd Iselin Nybø, seier Olsen.
Han seier at Bott-universiteta ikkje ønskjer å forlenga den reisebyråavtalen dei no har, men finna ei anna løysing når avtalen går ut. Moglegheita for å forlenga vil dei altså ikkje nytta seg av.
Olsen viser elles til at både kommunalminister Monica Mæland og næringsminister Torbjørn Røe Isaksen har uttalt seg om innovative innkjøp.
Billegast å ikkje reisa
Østgård skriv i innlegget at den rimelegaste og mest miljøvennlege reisa er den ein ikkje gjennomfører. Staten reiser for 2,4 milliardar kroner i året.
Dag Rune Olsen reiser mykje – mest i sektoren – og skal no føra rekneskap over eigne reiser. Målet er å redusera eigne CO₂-utslepp knytt til flyreiser med ti prosent samanlikna med i fjor.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!