Mellombelse leiarar i vest

Publisert - Sist oppdatert

Fretland får tilbod om jobb som studieprogramleiar på HVL.

Styret ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) vedtok torsdag å tilsette folk i tre nye mellombelse leiarstillingar ved høgskulen. 

Mannen som berga eit fleirtal for heile fusjonen gjennom å røyste ja, medan ha var prinsippiell motstandar av fusjon, Jan Olav Fretland, tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane, har fått tilbod om mellombels stilling som studieprogramansvarleg.

Jan Helge Kallestad, tidlegare Høgskolen i Bergen, har fått tilbod om mellombels stilling som studieleiar for den nye lærarutdanninga, for trinn 5-10, medan Britt Teodorsen, tidlegare Høgskolen Stord/Haugesund, har fått tilbod om  mellombels stilling som studieleiar for den nye lærarutdanninga for trinn 1-7.

Rektor Berit Rokne ved Høgskulen på Vestlandet orienterte styret etter tilsetting om at dei tre søkjararane er orienterte om at dei vil få tilbod om stillingane. Rokne presiserte at ingen av dei tre har takka ja eller nei til stillinga, men at dei er orienterte om at dei vil få eit tilbod, skriv På Høyden.

 

Artister. Musiker og billedkunstner Magne Furuholmen er utnevnt til æresdoktor ved Universitetet i Agder, som også har knyttet til seg flere andre kjente artister.