Samarbeid med Kina skal halde fram, men Konfutse-institutta er for tett på maktaapparatet til at Høgskolen i Innlandet vil bli med på å opprette institutt hos seg, ifølge rektor Kathrine Skretting på Kontaktkonferansen. Foto: Skjalg Bøhmer Vold
Samarbeid med Kina skal halde fram, men Konfutse-institutta er for tett på maktaapparatet til at Høgskolen i Innlandet vil bli med på å opprette institutt hos seg, ifølge rektor Kathrine Skretting på Kontaktkonferansen. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Seier nei til Konfutse — vil ikkje risikere den akademiske fridomen

Kinasamarbeid. Høgskolen i Innlandet skrotar planar om Konfutse-institutt. Det passar ikkje med våre verdiar, seier høgskuleleiinga.

Publisert   Sist oppdatert

— Vi har vurderte dette grundig og konkludert med at vi seier nei til å etablere Konfutse-institutt hos oss. Det at Konfutse-institutta ligg så tett på maktapparatet i Kina, gjer at vi ikkje går for den løysinga, seier rektor ved Høgskolen i Innlandet, Kathrine Skretting,

Fakta

Konfutse-institutt

Kinesiske kultursenter oppretta som samarbeid mellom Hanban (hovudkvarter for Konfutse-sentra i det kinesiske utdanningsdepartementet), ein kinesisk institusjon og ein vertskapsinstitusjon.

Er oppretta ved fleire hundre universitet verda over sidan 2004.

Noreg har eitt Konfutse-senter, i Bergen, som samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Beijing Sports University.

Føremålet er ifølgje senteret å auke kompetanseniåvet om Kina, språket og kulturen her i Noreg, i tillegg til å promotere utveksling innan utdanning, vitskap, sport, kunst og næringsliv.

Det er Beijing Sports University som har kome med førespurnad om å opprette eit Konfutse-institutt i samarbeid med Høgskolen i Innlandet. Beijing Sports University har vore partnar i Noregs einaste Konfutse-institutt saman med Universitetet i Bergen og Høgskolen på Vestlandet sidan det vart oppretta i 2007. Instituttet er omdiskutert, og kritikarar har hevda at dei norske partnarane set den akademiske fridomen på spel. Dette er er blitt avvist av Universitetet i Bergen.

Nettopp spørsmålet om akademisk fridom er ein vesentleg årsak til at Høgskolen i Innlandet no har konkludert med at dei ikkje ønskjer seg eit Konfutse-institutt i institusjonen.

For tett på makta

— Samarbeid med Kina som ein stor og viktig kunnskapsnasjon, vil vi fortsetje med. Men fordi Konfutse ligg fjernt frå våre verdiar, ønskjer vi ikkje å gå inn på ein avtale. Det dreier seg om ytrings- og talefridom, studentane sin fridom og akademisk fridom generelt, seier Skretting.

Ho peikar også på at Konfutse-institutta arbeider med språk og kultur, og at dette ikkje passar i profilen til høgskulen.

— Vi som høgskule har ikkje språk- og kulturstudiar på planen, og det er derfor uaktuelt for høgskulen å gå inn i eit samarbeid åleine.

Rektoren fortel at høgskulen alt samarbeider med Beijing Sports University, og held fram med det.

— Samarbeid med Kina som ein stor og viktig kunnskapsnasjon vil vi fortsetje med, seier rektoren.

Fylkespolitikarane i Oppland har ivra for etablering av eit Konfutse-institutt. Oppland fylke har sidan 2017 hatt ein samarbeidsavtale med Heibei-provinsen i Kina.

«Berikelse»

Som ledd i ei opptrapping av kinasamarbeidet vedtok eit samrøystes fylkesutval å jobbe vidare for etablering av Konfutse-institutt i regionen. I saksframlegget frå møtet 22. mai heiter det at eit Konfutse-institutt «vil kunne være en berikelse for vår region med tanke på næringsliv, idrett og utdanningsmiljøer (…)». Pågangen frå kinesiske aktørar har vore stor dei siste to åra, heiter det i notatet.

Men no seier altså høgskulen nei til å huset instituttet.

— Vi har gitt beskjed til fylket at vi ikkje er interessert i å vere med på ein søknad om å få Konfutse-institutt, seier Innlandet-rektoren.

Dermed blir Innlandet, etter det Khrono kjenner til, den fjerde forskings- og utdanningsinstitusjonen som takkar nei til kinesiske initiativ om å opprette Konfutse-institutt. NTNU, Universitetet i Oslo har tidlegare avvist invitasjonar om oppretting av Konfutse-institutt av liknande grunnar som Høgskolen i Innlandet. Det same har Universitetet i Sørøst-Norge og Høgskolen i Østfold. I 2013 kom spørsmålet opp ved Universitetet i Tromsø, som også sa nei.