Onsdag og torsdag arrangerer Kif-komiteen med Curt Rice i spissen nordisk konferanse. Foto: Nicklas Knudsen

Kan bli lettare for kvinner å bli professor

Skal undervisningserfaring vege like tungt som forskingserfaring for å bli professor, kan dette føre til at fleire kvinner får det ettertrakta opprykket, seier Curt Rice. 

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I oktober kom nyheita om at regjeringa vil stille større krav til pedagogisk kompetanse ved tilsettingar og opprykk i professor- og førsteamanuensisstillingar. 

Skal undervisningserfaring vege like tungt som forskingserfaring når ein førsteamanuensis søker om opprykk til professor, kan dette føre til at fleire kvinner får det ettertrakta opprykket. Ei slik endring vil gjere det lettare for kvinner å bli professor, meiner HiOA-rektor Curt Rice, i følge Forskarforum, som siterast av På Høyden.

Rice er også leiar i Kif-komiteen, som arrangerer nordisk likestillingskonferansen i Oslo 8.-9. november.

Opprykksreglementet kan endrast

Regjeringa har sett ned eit utval som skal sjå nærare på kva krav til kompetanse som skal leggast til grunn for opprykk til professor- og førsteamanuensisstillingar. I utvalet sit Anne Borg ved NTNU, Gunnar Grepperud ved (UiT) og Anne Julie Semb ved UiO. 

Noko av det som utvalet skal sjå nærmare på, er kva krav som bør stillast til kompetanse i forskrifta om tilsettingar og opprykk. Kunnskapsminister Henrik Asheim har gjort det klart at regjeringa vil styrke kravet til undervisningskompetanse når opprykk skal vurderast. 

Kan minke kjønnsforskjellane

Curt Rice, leiar i Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning (Kif-komiteen), meiner dette forslaget kan gjere det lettare for kvinner å bli professor.

— Vi veit at kvinner blir bedne om å gjere meir av det ikkje-meritterande arbeidet på jobb enn menn, som til dømes undervising. Difor kan krav om meir undervisningserfaring i opprykksprosessen til professor vere eit bidrag til å gjere kjønnsforskjellane mindre, seier Rice til Forskerforum.

Framleis er menn i fleirtal når landets professorar vert talde opp. Tal frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) viser følgande:

  • I 2016 var kvinneandelen blant professorar på 28,2 prosent. Kvart år aukar talet på kvinnelege professorar med om lag eitt prosentpoeng. Slik har et vore dei ti siste åra.
  • 53 prosent av stipendiatane er kvinner, viser tal frå 2016.
  • Blant førsteamanuensar er kvinneandelen 47 prosent.

«Ikkje nok tid og rom for publisering»

Reidun Kjome, førsteamanuensis ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen (UiB), trur kravet om pedagogisk kompetanse kan føre til at menn tek på seg meir undervisning. Dette kan i sin tur føre til at fleire kvinner får meir tid til forsking.

— Utfordringa mi er at eg har hatt svært høg undervisningsbelastning i mange år, og dermed har det ikkje blitt tid og rom nok til publisering. Slik sett hadde det vore bra for meg om undervisning hadde gitt utteljing ved søknad om opprykk. Men det spørst litt på kva du ønskjer at ein professor skal vere, for det skal jo også vere ein person med ei viss mengde publiseringserfaring. Og det skal vere samanliknbart med andre land, seier Kjome til Forskerforum.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS