Kamp mot 18.mai-eksamen og forelesing tidleg på morgonen

Publisert - Sist oppdatert
Roymond Olsen, er leiar  for Realistlista ved Universitetet i Bergen, og veldig nøgd med 16 prosent av stemmene. Foto: Toril Apelthun, Studvest Foto: Toril Apelthun

Roymond Olsen, er leiar for Realistlista ved Universitetet i Bergen, og veldig nøgd med 16 prosent av stemmene. Foto: Toril Apelthun, Studvest Foto: Toril Apelthun

Rekordhøg valdeltaking og politiske endringar i studentpolitikken ved Universitetet i Bergen. Nokre av kampsakane var nei til eksamen 18.mai og nei til forelesingar kl 08.15.

Fleirtalet av studentane ved Universitetet i Bergen stemmer ikkje ved studentval, men bergensstudentane må likevel gjere noko riktig. Under valet til nytt Studentparlament denne veka var det rekordhøg valdeltaking da 25 prosent av studentane deltok. Ved Høgskolen i Oslo og Akershus var valdeltakinga til samanlikning litt over 8 prosent ved siste val.

Studentpolitikarane i Bergen driv valkamp med politiske - og etterkvart også upolitiske lister.  Årets resultat viser endringar i samansetninga av Studentparlamentet.

Rektor på valvake

Universitetsrektor Dag Rune Olsen kunngjorde ifølgje avisa Studvest, valresultatet torsdag kveld: 

  • Sosialdemokratisk liste: 20,5% og 4 mandat
  • DERA (Det eneste reelle alternativ): 17,5% og 4 mandat
  • Realistlista (årets nykommer): 16% og 3 mandat
  • Venstrealliansen: 12,4% og 3 mandat
  • Grønn liste: 10,7% og 2 mandat
  • Liberal liste: 8,1% og 2 mandat
  • Blå liste: 5,0% og eitt mandat 

Grønn Liste halvert

Grønn Liste blei halverte frå ifjor og gjekk frå fire til to mandat. Sosialdemokratisk liste mista også to mandat, men er framleis størst. Ein av årets valvinnarar, med tre mandat, var nykommaren Reallista som mobilserte særleg på Det matematisk-naturvitkapelege fakultet (MatNat).

Roymond Olsen, er leiar  for Realistlista, og veldig nøgd med 16 prosent av stemmene.

No kan ikkje sosial-demokratane sitte og blokke våre saker lenger, og eg trur vi vil få større gjennomslag for sakene vi trur på, som å fjerne 18. mai-eksamen og 8.15-forelesingar.

Eirik Lie Reikerås
Vallista DERA (Det eneste reelle alternativ), UiB

– Vi er veldig nøgde. Vi har sett at mange på MatNat bryr seg, og no har dei eit parti som i stor grad rettar seg mot dei, seier han til Studvest.

Eirik Lie Reikerås, som fikk plass i studentparlamentet for Det Eneste Reelle Alternativ (DERA), var tidleg ute med å utnemne Sosialdemokratisk Liste til valets taparar, og gleda seg over hovedkonkurrenten sin tilbakegang.

– No kan ikkje sosialdemokratane sitte og blokke våre saker lenger, og eg trur vi vil få større gjennomslag for sakene vi trur på, som å fjerne 18. mai-eksamen og 8.15-førelesingar,  seier han. 

Venstrealliansen fram

Også Venstrealliansen gjekk fram og kapra eit nytt mandat og får no tre. Alliansen sin leiar, Andreas Sjalg Unneland lovar å jobbe hardt for studentane si psykiske helse, at UiB skal legge betre til rette for flyktninger og jobbe meir for studentkultur.

Unneland har sansen for den nye Realistlista og trur at han vil samarbeide med dei, og det same med Det eneste reelle alternativet (DERA) .

DERA sine forslag om 18. mai og fleire andre saker vil vi også støtte, seier Unneland til studentavisa.

(Foto: Privat/Montasje: På Høyden)

Vaagland og Mæland til styret

Torsdag blei det det også klart at Johanne Vaagland og Jin Sigve Mæland skal representere studentane i universitetsstyret. Dette meldte rektor Dag Rune Olsen på Facebook, skriv På Høyden.

Begge kandidatane vann med små marginar over motkandidatane Bendik Verlo Nes og Camilla Isabel Wetteland Kristiansen.


Tre hovudsaker

Dei vil betre undervisninga ved UiB gjennom «kontinuerlig kursing, statusheving og incentiver». Dei vil arbeide for at semesteret skal verte planlagt i god tid, og at informasjon og varslar skal vere lett tilgjengeleg via appen MittUiB. Dei vil også arbeide for at UiB skal satse på utdanning og forsking på fornybar energi og klima.

Valprogrammet til Jin Sigve Mæland og Johanne Vaagland kan du lese her.

Johanne Vaagland og Jin Sigve Mæland har røynsle frå mellom anna Studentparlamentet sitt Arbeidsutval (AU). Utvalet består av fire personar som arbeider fulltid med den daglege drifta av Studentparlamentet.

Ser til komande fusjon

Dei nye styremedlemmane trer inn i vervet 1. juli. Når universitetsstryet samlast etter sommaren, vil Johanne Vaagland og Jin Sigve Mæland ta plass ved bordet.

– Vi kjem til å ha stort fokus på den moglege fusjonen mellom UiB og Kunsthøgskolen i Bergen. Hovedprioritet blir å legge til rette for at studentane blir ivaretatt gjennom heile prosessen, sier Johanne Vaagland til Studvest.