«Vestlandshøgskulen i gang med visjonsarbeidet. Ikkje berre UiO som strevar», skreiv dekan ved Høgskulen i Sogn og Fjordane på Twitter 1.april. 31.mars var det dekanmøte i vest, der aprilspøken blei fødd.

Aprilspøk om fusjon og visjonar på Vestlandet

Dekanane ved dei tre fusjonshøgskolane på Vestlandet inviterte 1.april alle sine tilsette og studentar til avstemming om ein ny visjon for Vestlandshøgskulen. «Sikt høgare, fyr laus!» vann.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Torsdag 31.mars var alle dekanar og fakultetsleiarar (biletet under) ved høgskulane i Bergen, Stord/Haugesund og Sogn og Fjordane samla til eit arbeidsmøte i Bergen i samband med fusjonsforhandlingane mellom dei tre. Forhandlingar om kan hende vil føre til éi stor vestlandshøgskule frå januar 2017. 

Den seriøse delen av møtet handla om fagleg profil, identitet, kva for område høgskulen skal vere nasjonalt leiande og tverrfaglege satsingar.

Snubletrådar

Men visjonar var ein av universitets- og høgskolenorges snakkis i går etter at UiO-professor Kristian Gundersen hadde slakta universitetets arbeid og forslag til ny visjon i eit intervju i Khrono. 

Det er vel eit godt teikn på stemninga i forhandlingane at dekanane tar seg tid til eit humoristisk
pusterom.

Elin Folgerø Styve

Les også: 

Dei snekra dermed saman eit visjonsforslag og inviterte dei tilsette og studentane til avstemming om to ulike forslag til visjon for den fusjonerte høgskolen. 

I ein infoartikkel på fusjonssida til høgskolane har dei lagt ut informasjon om «prosessen». 

Dei viser til at det at dei 10 dekanane ikkje blei samde om ein felles visjon kan vere første teikn på snubeltrådar i fusjonsarbeidet.

To alternativ 

Dei ber studentar og tilsette om å vere med og avgjere. Dei kan også opplyse om at dei har kjøpt rettane til begge forslaga i tilfelle Høgskulen i Volda skulle vere frampå for å sikre seg rettane, slik dei har gjort med Vestlandshøgskolen.no

Dekanane hadde kome fram til to forslag: 

  • Alternativ 1: «Vestlandshøgskulen – eit kraftfullt påfunn»
  • Alternativ 2: «Vestlandshøgskulen – sikt høgare, fyr laus» 

Alle blei bedne om å sende sms til eit telefonnummer og stemme på eit av forslaga. Alternativ 2: «Sikt høgare, fyr laus» vann avstemminga. 

Det kom også eit alternativt forslag frå ein innsendar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane: «Vestlandshøgskulen - staor pao for deg».

Kommunikasjonsdirektør ved Høgskolen i Bergen, Elin Folgerø Styve (biletet under), administrerte det heile og tok seg av telefon og epost. 

Mange reaksjonar

— Korleis var reaksjonane? 

— Vi fekk mange reaksjonar, men ikkje så mange stemmer. Resultatet blei 6-2 for «Sikt høgare, fyr laus», seier kommunikasjonsdirektøren til Khrono. Hon kan også fortelje at dei i tillegg fekk fleire seriøse meldingar om at ein kanskje skulle bruke litt meir tid på å finne fleire forslag. Og så var det også ein som ikkje syntes at det passa seg å fleipe med ei så viktig sak. 

— Men i det store og heile tok dei aller fleste aprilspøken med godt humør, ler ho på telefon frå Bergen. 

— Ein kan ikkje ta seg sjølv så veldig høgtideleg, og det er vel eit godt teikn på stemninga i forhandlingane at dekanane tar seg tid til eit humoristisk pusterom, seier ho. 

Det kom også inn eit alternativ forslag frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Innsendaren foreslo: «Vestlandshøgskulen - staor pao for deg».

Naustdal tvitra

Khrono ble klar over saken allereie tidleg morgon fredag etter at dekan ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Anne-Grethe Naustdal gjorde oss merksame på det:  

«Vestlandshøgskulen i gang med visjonsarbeidet. Ikkje berre UiO som strevar», skreiv ho på Twitter, med lenke til fusjonssida. 

Les også: Vestlandshøgskulen sin visjonære aprilspøk

Vestlandsspøken stoppar ikkje der - også internavisa på Høgskolen i Bergen hadde sin eigen aprilspøk der dei kunne presentere den nye og mellombelse logoen til den fusjonerte høgskulen, laget av det prisløna byrået Antidesign. Logoen skal tas i bruk med ein gong og hjartet symboliserar einskap og mangfold, mens hendene er symbol på at ein har praksisnære utdanningar.   

 

 

 




 

 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS