Universitetet i Stavanger

Brukar fadderoverskot til sydentur. Pris: 165.000 for ni personar

Ni studentar svir av 165.000 på fly og femstjerners hotell. Pengar som skulle gått til neste års fadderveke, meiner studentpolitikar.

Søndag reiser ni studentar frr Stavanger til Rhodes Hotel & Spa på Rhodos. Prisen for fly og hotell er 18.000 kroner per person.

— Dei har gått bak ryggen på oss, seier medlem av Studenparlamentet ved Universitetet i Stavanger (UiS), Isak Molnes, til Khrono.

Det var Stavanger Aftenblad som først fortalde om turen som styret for fadderveka ved universitetet har kosta på seg. Søndag set fadderstyret seg på flyet med kurs for Rhodes Bay Hotel & Spa.

Det går med 18.000 kroner per person på den vekelange sydenturen, totalt 165.000 kroner. Pengane er tatt frå eit solid overskot frå årets fadderveke i Stavanger. Leiar for fadderstyret, Leiv Kåre Larsen, forsvarar turen og pengebruken. Han viser til det han kallar «eksepsjonelt» gode resultat og at styret fortener turen for den store innsatsen som er lagt ned.

— Vi har tidobla overskotet i forhold til det budsjett som var sett opp, seier han.

Leiv Kåre Larsen, leiar av fadderstyret UiS
Leiv Kåre Larsen, leiar av fadderstyret ved UiS, viser til at dei har tidobla overskotet og fortener turen.

Den forklaringa er ikkje Isak Molnes fornøgd med. Han seier overskotet frå faddervekene tradisjonelt har gått til neste års fadderstyre.

— Dette er misbruk av fullmakter styret har fått i sommar, seier han.

Fullmakta går ifølgje Molnes ut på at styret kan regulere pengebruken utan at det er stempla gjennom i parlamentet på førehand, dersom det er nødvendig og hensiktsmessig for å få fadderfestivalen til å fungere.

— Dette er pengar som skulle gått til neste års fadderveke. Det burde blitt øyremerka til neste års fadrar, seier han.

Tradisjon for tur

Fadderstyret i Stavanger har tradisjon for å reise på tur, som ein slags premie, etter at arbeidet er fullført. Det heller ikkje første gong det stormar rundt pengebruken til faddersjefane i Stavanger. 

I 2018 gjekk arrangementet med 600.000 kroner i underskot, ifølgje NRK. Etterpå reiste fadderstyret på tur til Gran Canaria for 60.000 kroner.

I fjor gjekk turen til Malta, med vesentleg lågare kostnader. I 2022, året Molnes var i styret, reiste dei til Danmark på helgetur til 40.000 kroner.

Isak Molnes, medlem av studentparlamentet ved Universitetet i Stavanger
Isak Molnes er sterkt kritisk til at det ikkje blei informert om sydenturen, til ein pris fire gonger over budsjett.

Budsjettet for årets tur var på same nivå. Men rekninga på 165.000 blir fire gonger over budsjett.

I tillegg til turane får leiarane av fadderstyret eit honorar på 100.000 kroner, nestleiaren 50.000 og ordinære styremedlemmer 10.000 kroner kvar. 

Kritisk til hemmeleghald

Det mest problematiske, seier Molnes, er ikkje at dei reiser på tur og brukar pengar på det — men at det ikkje vart informert om overforbruket.

— Hadde dei kome til parlamentet og argumentert, kunne parlamentet gått med på det, og sikkert fint dobla budsjettet til turen. No er ei firedobling gått under radaren, og det er ikkje greitt, seier Molnes.

Leiv Kåre Larsen meiner saka blir feil framstilt av Molnes, og viser til at styret har levert frå seg eit stort overskot. Problemet var at desse pengane kom inn heilt på tampen av styret sin periode, forklarer han.

— Det er ikkje slik at vi ønskte å hive vekk pengar, seier Larsen.

Han avviser også at dei har misbrukt fullmakta frå parlamentet, sidan det ikkje er lagt konkrete avgrensingar på beløp i fullmakta.

Gløymt sponsoravtale

— Hadde eg visst i dag at vi kom til å ha eit så stort overskot, ville vi putta pengane inn i festivalen, men det er ikkje mogleg når det kjem så seint inn.

— Men det kan vel setjast på ein konto?

— Ja. Men eg vil vise til at vi har tidobla overskotet, i forhold til budsjettet, og sletta gjelda. Då er det naturleg at dei som fått dette til får ei påskjønning.

— Korleis har de klart å tidoble?

— Vi har kutta utgiftene der det har vore mogleg. Vi har inngått sponsoravtalar. For eksempel fekk vi hundre gratis pizza til styret og frivillige, og vi har fått gratis avslutningslunsj for styret.

Larsen seier dei også oppdaga ein sponsoravtale som alt var inngått, men ikkje tatt i bruk, som gav inntekter på cirka 80.000 kroner. Totalbudsjettet til fadderveka var ifølgje Larsen på om lag 3,8 millionar — inntektene på 4,3 millionar.

— Du blir også kritisert for å halde turen hemmeleg. Kvifor informerte de ikkje om dette?

— Det er rett at eg ikkje kalla inn til noko ekstraordinært parlamentsmøte, seier Larsen, som stadfestar at det ikkje er gitt nokon skriftleg informasjon om at turen kjem til å koste fire gonger meir enn det som først var gitt godkjenning for. 

— Eg har nemnt dette, munnleg, til fleire, seier han.



Powered by Labrador CMS