Terje Knutsen Foto: Kim E. Andreassen
Terje Knutsen Foto: Kim E. Andreassen

Forskar trur at Brexit vil vere bra for EU på sikt

EU treng eit eksternt sjokk. Eg trur Brexit på sikt vil vera bra for EU, seier førsteamanuensis Terje Knutsen ved Universitetet i Bergen, og legg til at synspunktet hans skil seg frå mange andre statsvitarar.

Publisert   Sist oppdatert

– Det har vore ein frustrasjon blant mange britar. Mange har nok kjent at «ingen representerer meg, no kan eg slå knyttneven i bordet og seia nei», seier Terje Knutsen til På Høyden.

Han er førsteamanuensis ved Institutt for samanliknande politikk, og har EU og internasjonal politikk som to av sine spesialområde.

Som resten av verda vakna Knudsen fredag til nyheita om at det vert Brexit.

– Er dette sett på som negativt blant dykk statsvitarar?

I Europa i dag ser ein eit folkeopprør mot eliten, og røystinga i Storbritannia er det første resultatet av det folkelege opp-røret.

terje Knutsen
Førsteamanuensis, Universitetet i Bergen

– Fleirtalet av statsvitarane hadde nok rekna med Bremain. Men då eg la meg tenkte eg på at valdeltakinga var høg. Det tyda på at det kunne gå mot Brexit, seier Knudsen, og dreg ein parallell til den norske røystinga om EU-medlemskap i 1994. Då var valdeltakinga svimlande 89 prosent.

Brexit bra på sikt

– Eg trur Brexit på sikt vil vera bra for EU, seier Knutsen, og legg til at synspunktet hans skil seg frå mange andre statsvitarar.

– EU treng eit eksternt sjokk, dei må ta seg saman og diskutera realitetar. I Europa i dag ser ein eit folkeopprør mot eliten, og røystinga i Storbritannia er det første resultatet av det folkelege opprøret. Eg meiner at EU må setja seg ned og diskutera kva ein eigentleg driv på med. Kva skal EU og Europa vera?

– Ein merkedag i Europa, på linje med gjenforeininga av Tyskland i 1989, seier Stein Kuhnle, som er professor i samanliknande politikk.

Han sat oppe nesten heile natt til fredag for å følgja med på internasjonale nyheitssendingar.

– Då eg la meg i 3-tida leia «leave»-sida, men eg kjende meg ganske trygg fordi røystene frå Lonsdon ikkje var talde opp. Men då eg stod opp att 5.30 kunne eg konstatera at det hadde gått den galne vegen, seier Kuhnle.

Tidleg fredag kommenterte han saka for Bergens Tidende: 24. juni kan verta historisk: Dagen då EUstarta ein disintegrasjonsprosess.

Trur på ny røysting i Skottland

Eit av dei store spørsmåla no, er kva som skjer med resten av EU. Vil fleire land trekkja seg ut? Det er ikkje usannsynleg, meiner dei to sampol-forskarane.

– Skottland vil inn att i EU, så eg trur det er svært sannsynleg at dei kjem til å krevja ei ny folkerøysting om sjølvstende. Men kva så med til dømes Sverige og Nederland, der ein veit at det er mange EU-skeptikarar? Og kva med Frankrike, dersom Le Pen kjem til makta, spør Kuhnle.

– Danmark har reservert seg mot mykje i EU, og så har ein land som Spania, der Catalonia har vedteke at dei vil ut av Spania, men der dei spanske styresmaktene ikkje anerkjenner den folkerøystinga som har vore gjennomført. Det er ein del land som no sit stille og ventar på korleis det går med Storbritannia, seier Knutsen.

Kritiske til Cameron

Dagen derpå er det sjølvsagt mange spørsmål. Kva avtale kjem Storbritannia til å få med EU? Korleis går det med økonomien i landet? Korleis vil forhandlingane dei neste to åra til å verta? Kva skjer med den politiske utviklinga i Europa, til dømes med framvekst av nasjonalistiske parti? Og, på kort sikt: Kven tek over som statsminister i Storbritannia? David Cameron varsla fredag morgon at han kjem til å gå av.

– Det måtte han. No kjem han til å få ettermæle som ein like stor politisk tragedie som Tony Blair, seier Kuhnle.

Professoren seier at feilen Cameron gjorde, var at han spelte eit altfor høgt spel. Han ville redda partiet sitt, men hadde neppe rekna med at dei konservative kom til å få fleirtal åleine etter valet i fjor. Liberaldemokratane, som dei konservative tidlegare har samarbeidd med, er svært positive til EU, og ville truleg lagt ned veto mot ei folkerøysting.

– Det er umogleg å gå mot folket si meining no, seier Kuhnle.

– Dette var idiotisk av Cameron. Det er noko som heiter at «if it works, don’t fix it», seier Knutsen.

Kan ein ta ferie? 

Kuhnle seier humrande at i sommar er det ingen statsvitarar som kan ta ferie. Undervisninga frå hausten må naturleg nok leggast om.

– Litteraturen er alltid på etterskot. Men ein må naturleg nok oppdatera notat og førelesingsrekkjer, seier førsteamanuensis Jan Oskar Engene.

– Men noko av det som er interessant, er kva Brexit kjem til å seia for vår sektor. Kva vil til dømes skje med studentutvekslinga? Og kva mer det europeiske forskingsrådet? Storbritannia er eit av landa som har henta ut flest forskingskroner.