Theresa May har så langt ikkje klart å få til ei mjuk utmelding frå EU. Fredag kan det vere over, med ein hard utgang. Norske forskarar håper på løysing. Foto: NTB Scanpix/Christof Stache

Norske forskarar kryssar fingrane for at Theresa May får til mjuk brexit

Brexit. Finansieringa av felles forskingsprosjekt kan stoppe opp i palmehelga dersom det blir ein hard brexit. Norske forskarar held pusten i spenning, mens i Brussel er ein meir opptekne av om Storbritannia blir med i EUs neste rammeprogram, Horisont Europa.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Ein hard brexit er det mest dramatiske scenariet vi kan sjå for oss, seier spesialrådgivar Tom-Espen Møller i Forskingsrådet.

12. april går fristen for å vedta utmeldingsavtalen ut, og dersom det britiske underhuset ikkje har godtatt avtalen til då, blir det ein hard brexit – med mindre Storbritannia trekker EU-utmeldinga eller får utsetjing i siste sekund.

Ein hard brexit er det mest dramatiske scenariet vi kan sjå for oss

Tom-Espen Møller

— Om det blir ein hard brexit opphører alle avtalar. Då vil EU slutte å betale midlar til britiske prosjektdeltakarar, seier seniorrådgjevar Berit Sundby Avset i Forskingsrådet.

Fakta

Brexit

  • 23. juni 2016 stemte 51,9 av de 72 prosent fremmøtte britene for å forlate EU.
  • Opprinnelig skulle Storbritannia forlate EU 29. mars 2019, men datoen ble utsatt av EU.
  • 12. april er ny dato for å tre ut av unionen: Dersom det britiske underhuset ikke har vedtatt utmeldelsesavtalen innen denne fristen, går Storbritannia ut uten noen form for avtale.
  • Dersom den fremforhandlede avtalen derimot blir vedtatt, vil EU utsette utmeldingen til 22. mai, og fortsette arbeidet med å lage handelsavtaler med Storbritannia.
  • Hvis det blir en hard brexit 12. april vil støtten fra EU til britisk forskning falle bort over natten. Men britiske myndigheter har lovet å erstatte støtte som bortfaller med britisk finansiering. Det er likevel stor usikkerhet rundt hva som kommer til å skje.

Britiske styresmakter har gitt garantiar for at dei vil gå inn med pengar om betalinga frå EU fell bort. Men det gjeld berre finansieringa som skal brukast i Storbritannia, ikkje pengar som skal gå til samarbeidspartnerar i andre land.

— Eg skjønar at der er ei viss uro, for det heile er usikkert, seier Møller til Khrono.

Vanskeleg med koordinator

Dersom eit norsk universitet er med på eit felles EU-prosjekt som eit britisk universitet er koordinator for, kan konsekvensane bli særleg store. Då har det britiske universitetet ansvaret for å sende pengane vidare til samarbeidspartnerar.

— Ved ein hard brexit vil Storbritannia gå frå å vere eit medlemsland til å bli eit tredjeland i avtalane. I praksis er det veldig uvanleg at tredjeland koordinerer prosjekt. Det er berre rundt ti av meir enn tjue tusen prosjekt som blir koordinerte av tredjeland, seier Møller.

Her vil nok truleg fleire prosjekt endre kven som er koordinator og få ny kontrakt med Kommisjonen, noko som er arbeidskrevjande, men muleg å gjennomføre.

Ein annan konsekvens ein har vore opptatt av er prosjekt der det berre er tre deltakarar, og ein av dei er Storbritannia. Det er eit krav at det skal vere med minst tre deltakarar frå EU-land, og dersom Storbritannia er ute, vil kravet ikkje lenger vere oppfylt. I slike tilfelle må ein ny prosjektdeltakar takast inn for at prosjektet skal kunne vidareførast.

Mest snakk om Horisont Europa

Men ifølgje Kristof Vlaeminck, kontorsjef ved Brussel-kontoret til Universitetet i Bergen, er dette noko som ikkje er særleg aktuelt:

— Eg kjem ikkje på nokon prosjekt med berre tre partnerar. Små prosjekt pleier å ha 7 til 12 partnerar, mens større prosjekt har opp til 20, forklarer Vlaeminck.

Utover prosjekt der ein britisk institusjon er koordinator, ventar han ikkje store problem, sjølv med ein hard brexit.

— Det blir snakka ein del om det, men den store diskusjonen i Brussel no er førebuingane for Horisont Europa, seier Vlaeminck.

Det noverandre forskingsprogrammet, Horisont 2020, blir avslutta i 2020. Det skal erstattast av Horisont Europa, men det er enno ikkje avtalt om Storbritannia skal vere med.

— Fleire og fleire blir forsiktige med å skaffe seg britiske partnerar. Og det kan bli mindre mulegheiter for å samarbeide med særs gode britiske forskarar, fortel Vlaeminck.

Britiske forskarar har tatt ein særleg stor del av potten i mange tildelingar av forskingsmidlar frå EU. I 2018-runden av ERC Advanced Grant fekk dei tildelt 47 av 222 stipend.

Dersom Storbritannia held seg ute av EU-programma kan det bli litt lettare for norske forskarar å nå opp, men på same tid vil den totale ramma minke.

— Det kan bli lettare å få ut pengar for andre forskarar. Men samtidig vil det bli færre høve til å samarbeide med svært gode britiske forskarar, trur Vlaeminck.

Saumlaus mjuk brexit

Ein hard brexit denne veka er det verste scenariet ein kan tenkje seg. Men det finst òg to andre: Soft brexit og inga utmelding.

Dersom utmeldingsavtalen som er framforhandla blir vedteken i underhuset, blir det ein mjuk brexit. I avtalen ligg det at Storbritannia held fram i Horisont 2020 til programmet går ut.

— Avtalen sikrar at britiske partnerar kan delta fullt ut, så for Horisont 2020 er det ingen dramatikk i det heile tatt, seier Tom-Espen Møller.

Men dersom Storbritannia ønskjer å vere med i Horisont Europa, må det forhandlast om det. Fleire land som ikkje er EU-medlem, som Norge, Israel og Sveits, er med i dag. Men prislappen for Storbritannia kan bli høgare, ettersom dei no hentar meir pengar ut enn dei gir inn.

Uansett negativt

Det har vore diskutert om brexit kan få ein spillover-effekt, ved at EU endrar vilkåra for ikkje-medlemmer.

— Men Norge er assosiert med EU sine forskings- og innovasjonsprogram gjennom EØS-avtalen, og det er ingen grunn til å tru at det vil få ei spillovereffekt for oss. Men kanskje for land som Israel og Sveits, seier Møller.

Grafikken frå svenske Vinnova viser fordelinga mellom dei ulike pilarane i EUs forskingsprogram. Sjå klikkbar versjon på https://h2020viz.vinnova.se/#/ Grafikk: Vinnova

I det siste scenariet, der Storbritannia likevel blir i EU etter ei ny folkerøysting, blir det ikkje særleg endringar frå i dag. Men dei to andre utfalla, som kan innebere at Storbritannia ikkje lenger deltek i Horisont 2020, er ikkje gode for Norge, meiner Forskingsrådet:

— Totalbiletet er absolutt negativt. Forsking byggjer på samarbeid, og nest etter Tyskland er Storbritannia det landet vi samarbeider mest med. Vi vil sjølvsagt uansett halde fram med å samarbeide tettast mogleg med Storbritannia det, men dersom samarbeid med britane blir vanskeleg gjennom Horisont Europa, vert det meir krevjande å oppretthalde volumet på samarbeidet det vil gjerne bli mindre. I verste fall reduserer det kvaliteten på og relevansen til prosjekta. Vi må berre kryssa fingrane for at dei får til ei regulert utmelding, og Norge håper at Storbritannia vert samd med EU om britisk assosiering til òg vil delta i Horisont Europa, seier Møller.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS