Kjersti Brevik Møller (28) legg partipolitikken på hylla og blir nytt studentombod ved Høgskulen på Vestlandet. Foto: Venstre

Blir nytt studentombod på Vestlandet

Studentombod. Kjersti Brevik Møller er tilsett som nytt studentombod ved Høgskulen på Vestlandet.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Gjennom politikken har eg jobba mykje med studentar sine rettar, noko eg syns er kjempespennande. Då eg fekk denne sjansen, så måtte eg ta den, seier Brevik Møller til Khrono.

FAKTA

Studentombod

Eit studentombod er ein uavhengig aktør med juridisk kompetanse som kan gi studentane juridisk rådgjeving og bistand, og som kan følgje opp saker som angår studentar sine rettar og plikter i studiekvardagen.

«Ombod» stammer frå norrønt og betyr fullmakt.

Universitetet i Oslo var først ute med eige studentombod i 2013. No er det studentombod ved mange av dei store utdanningsinstitusjonane i Noreg.

Stortinget vedtok 1. mars 2018 å be regjeringa om å lovfeste studentombodsordninga for alle universitet, høgskular og fagskular i Noreg. Lova har no tredd i kraft.

Brevik Møller er 28 år og kjem frå Raufoss i Vestre Toten.

Eg vil arbeide for å synleggjere studentombodsstillinga og gjere det naturleg for studentane å kome til meg.

Kjersti Brevik Møller

Berre for to dagar sidan var ho ferdigutdanna jurist ved Universitetet i Bergen. Ho har vore aktiv både i Unge Venstre og i moderpartiet Venstre. Ho har hatt verv som internasjonal leiar i Unge Venstre sitt sentralstyre og ho har vore leiar og kommunestyrerepresentant i Vestre Toten Venstre.

Vil synleggjere studentombodsstillinga

No har ho tenkt å legge partipolitikken på hylla og gler seg til å ta til i den nye rolla som studentombod ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

— I denne stillinga kan eg kombinere jussen med mine andre interesser. Det er veldig spennande. Eg gler meg til å jobbe opp mot høgskuleliinga, til å fremje saker for styret, i tillegg til å vere ein god og trygg person for studentane i deira kvardag, seier Brevik Møller.

Ho gler seg til å bli meir kjend med verksemda til HVL.

— Eg vil arbeide for å synleggjere studentombodsstillinga og gjere det naturleg for studentane å kome til meg. Det er særleg viktig fordi HVL har fleire campusar og det er store avstandar, seier Brevik Møller.

Det nytilsette studentombodet på Høgskulen på Vestlandet byrjar i stillinga på nyåret. Ho tek over for Sindre Rødne Dueland, som no er studentombod ved Universitetet i Bergen.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS