Tore Furevik vil ha meir forsking om klimaomstilling, og om korleis ein få folk med på ei slik endring. Foto: Gudrun Sylte

Klimarapporten: — Vi treng forsking på korleis samfunnet skal innrette seg

Vi har stor kunnskap om klimaendringar, men bør forske meir på prosessane som gjer at dei går fortare, og korleis ein skal få folk med på klimaomstilling, meiner klimaforskar Tore Furevik.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Rapporten viser klart at ting går fortare enn det vi trudde for berre nokre få år sia. Så for oss vil det vere vkitig å studere nøye det som skjer i Arktis, og spesielt desse prosessane som gjer at ting går fortare og fortare, seier Tore Furevik, som er direktør for Bjerknessenteret.

Onsdag kom spesialrapporten om hav og is frå FNs klimapanel. 104 forskarar har bidratt til rapporten. På kapittelet om polare regionar har sju norske forskarar deltatt.

Krev raske kutt

— Det er ein god del uløyste forskingsspørsmål der, som vil kreve ein veldig stor forskingsinnsats framover. Rapporten viser veldig tydelig er at det er behov for utsleppskutt, og det må skje veldig raskt, seier Furevik.

FAKTA

FNs klimapanels spesialrapport om hav og is

Verdens hav dekker 71 prosent av jordoverflaten, mens 10 prosent er dekket av is. Både hav og kryosfære er sentrale deler av klimasystemet. Alle mennesker er avhengige av disse elementene, som også er hjem til uerstattelige økosystemer. Klimaendringer gir uunngåelige konsekvenser for hav og is, både på kort og lang sikt. Ambisiøse utslippskutt og klimatilpasning er nødvendig for å redusere risiko.

  • Kryosfæren krymper. Med fortsatt høye utslipp vil reduksjonen akselerere. I høyfjellet og polare områder vil verdifulle arter gå tapt, og tilgang på ferskvann kan bli kritisk når kryosfæren forandres.
  • Alle verdens hav varmes opp fra overflaten og ned til dypet. Oppvarmingen av havet skjer nå dobbelt så raskt som for 25 år siden. Marine hetebølger blir kraftigere og forekommer nå dobbelt så ofte som i 1982. Havet er på vei inn i en ny tilstand med mindre oksygen, lavere pH, endringer i havsirkulasjon og høyere havnivå. Mange endringer er ikke lenger til å unngå og kan ikke reverseres på århundrer.
  • Med fortsatt høye utslipp vil store havområder bli ubeboelige for mange arter, og økosystemene vil oppleve store ødeleggelser. Kystøkosystemer er viktige karbonlagre. Sjøgressenger og tareskog kan gå tapt ved mer enn to grader global oppvarming. Så godt som alle tropiske korallrev vil miste leveområder og stedvis utryddes, selv ved 1,5 grader global oppvarming.
  • Havnivåstigning og tap av økosystemer i havet og langs kysten utgjør en stor risiko for mange menneskers livsgrunnlag. Mange lavtliggende millionbyer og små øystater vil oppleve årlige ekstreme havnivåhendelser i 2050, selv med lave utslipp.
  • Risiko for konflikt øker når ressursene i havet flytter på seg, kryosfæren endres og leveområder for mennesker og dyr forsvinner. Både ambisiøse utslippskutt og klimatilpasning er avgjørende. Økosystemer kan beskyttes gjennom vern, restaurering og reduksjon av forurensning og andre stressfaktorer, så som fiske.

Kilde: Miljødirektoratet

Men kunnskapen om klimaendringar er etterkvart omfattande, at det er på andre felt det trengst aller mest forsking, meiner Furevik:

Det er behov for å auke forskinga på dette området

Fridtjof Unander

— Det krev veldig mykje forsking, ikkje berre på teknokolgiuvilkeing, men og på korleis samfunnet skal innrette seg. Vi har jo sett at klimatiltak ofte får motstand i befolkninga, så det er behov for å forske slik at samfunnet kan omstille seg utan at protestane blir så store at ingenting skjer. Vi har jo sett at populisme, antivitskap og klimaskepsis kan vekse fram og få utviklinga til å gå i feil retning, seier Furevik.

Nedsmelting av polis

Områdedirektør Fridtjof Unander i Forskingsrådet har særleg ansvar for forsking på hav, polar og klimaløysingar:

— Det er behov for å auke forskinga på dette området, seier han til Khrono.

Spesialrapporten frå FNs klimapanel legg vekt på utfordringar verda vil ha i tiåra som kjem, som endringar i fiskebestandar og nedsmelting av polis.

— Dette er svært viktige problemstillingar når det gjeld korleis vi innrettar satsingane våre rundt hav- og polarforsking. Vi må tenke på kva konsekvensar endringane får, og korleis vi kan tilpasse oss desse, seier Unander.

Oppside for Norge

I 2021 byrjar det internasjonale tiåret for havforsking, noko det er viktig å mobilisere norske forskarar til, meiner Unander.

Ein annan rapport, frå det internasjonale havpanelet, kom mandag, og fokuserer på korleis havet kan bidra til å redusere CO2-utsleppet med fire milliardar tonn innan 2030, ved å gjere tiltak på fem felt:

På sikt vil det bli negative konsekvensar fordi vi får eit samla påtrykk av både for høge temperaturar, redusert planktonproduksjon slik at det blir mindre mat, reduserte ph-verdiar, og mindre oksygen

Frode Vikebø

  • Fornybar energi til havs, ved å bruke energi frå vind, sol og bølger.
  • Få maritim sektor over på fornybare energikjelder
  • Hauste berekraftig sjømat.
  • Lagre karbon i havbotnen.
  • Verne økosystem som mangrove, korallrev, sjøgras og saltmyrer, slik at havet kan halde på karbonet.

    — Dei fire første av dei fem områda som blir løfta fram er heilt sentrale for Norge. På alle desse felta ligg vi langt framme, og kan utvikle næringslivet. Vi er nøydde til å utvikle ein næringsstruktur som kan levere klimaløysingar i internasjonale marknader, seier Unander.

    Mindre liv nær ekvator

    Norge er likevel ikkje det landet som kjem verst ut av rapporten. I ein periode kan til dømes fiskeressursane i norske farvatn auke, fortel forskingssjef Frode Vikebø ved Havforskingsinstituttet.

    På sikt vil det bli negative konsekvensar fordi vi får eit samla påtrykk av både for høge temperaturar, redusert planktonproduksjon slik at det blir mindre mat, reduserte ph-verdiar, og mindre oksygen
    Frode Vikebø
    forskingssjef ved Havforskingsinstituttet

    Nærare ekvator vjil det bli mindre liv i havet, på grunn av høgare temperatur og meir lagdeling i vassøyla.

    — Generelt vil det bli mindre planteplankton. Men lengst mot nord vil vi kunne sjå ei auke, fordi isen trekk seg tilbake. Ei slik endra fordeling av planteplankton vil òg få konsekvensar for artar som er høgare i næringskjeden, seier Vikebø.

    Skrei lengre nord

    På kort sikt vil det bli eit oppsving i ein god del av de kommersielle fiskebestandene, særlig fordi det blir opna opp areal nord i Barentshavet for arter som skrei.

    — Men på sikt vil det bli negative konsekvensar og for fiskeria i nord dersom utslippa held fram uforandra fordi vi får eit samla påtrykk av både for høge temperaturar, redusert planktonproduksjon slik at det blir mindre mat, reduserte ph-verdiar, og mindre oksygen. Resultatet av den samla påvirkinga vil bli negativ, men kanskje vi ikkje ser dette før mot slutten av århundret, seier Vikebø.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS