— Til saman er det ein teknologisk tsunami som er på veg mot oss, seier Fry, som ikkje er in the mood for britisk understatement på The Big Challenge i samtale med Thomas Seltzer i Trondheim. Foto: Njord Svendsen

Vitskapsfestival: «Eg trur vi vil smelte som dinosaurane, og så kjem alt til å begynne på nytt»

The Big Challenge. Kloden er på veg inn i den sjette utryddinga. På vitskapsfestivalen i Trondheim er ingen utfordringar for store.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Trondheim (Khrono): I Olavshallen er nokon av dei skarpaste hjernene på planeten samla, frå NASA til NTNU. Edward Snowden har vore innom på storskjerm. Google og Facebook ser deg, stirer på deg, samlar data om deg på måtar George Orwell ikkje hadde fantasi til å førestille seg. SINTEF stiller på stand med det siste og beste i høgteknologiske løysingane.

Men nettet er nede.

Fakta

The Big Challenge i Trondheim

The Big Challenge er ein internasjonal vitskapsfestival som blir arrangert av NTNU 16.-19. juni.

Festivalen er i følgje arrangøren for «alle som er interessert i utfordringene vi står overfor i framtida, med mål om å dele kunnskap og inspirere neste generasjon.

Programmet framhevar tema som helse og berekraft, vitskap og berekraft, sanning og politikk og den digitale framtida.

Kjelde: The Big Challenge

Ein time tidlegare er Fylkesmannens representant inne på det same. Men som Sara frå Slottet påpeikar, medan dei venter på at kronprins Haakon Magnus skal innfinne seg oppe i Olavshallen,— i Argentina var heile straumnettet nede. Det set ting i perspektiv.

Sanning er hardt arbeid

Stephen Fry

Kronprinsen innfinn seg. På scenen sit den berømte Stephen Fry, komikaren, skodespelar forfattar og ein heil del andre ting.

— Er du ein løgnar, spør intervjuar Thomas Seltzer, Fry gnir seg på haka over det sennesgule slipset.

Workshop space

— Fry? Nei. Heilt ukjent.

Endå ein time før kronprinsen har innfunne seg sit fire jenter i «Workshop space». Ikkje at dei har nokon workshop, det var berre eit rom som var ledig. Dei er elevar frå Trondheim katedralskole, og har vore på foredrag om biologisk mangfald, med — nokon.

I workshoprommet har dei tre elevane frå Trondheim katedralskole sett seg ned etter foredraget dei har vore på. Frå venstre: Ingvild Reinton, Katja Høyem og Inga Nestgaard. — Samarbeid er den største utfordringa, meiner Katja Høyem. Foto: Njord V. Svendsen

— Vi har fått vite at urovekkande mange artar er på veg til å døy ut. Men det visste vi eigentleg frå før, seier Katja Høyem. Vitskapsfestivalen Big Challenge visste dei derimot ikkje om, før skulen sendte dei hit. Det høyrest lurt ut, meiner Ingvild Reinton.

— Dei fleste som har eit høgt forbruk og utslepp av CO2 er vel uvitande om konsekvensane, elles ville dei vel ikkje gjort det. De e lettar å gjør nokka gæli når vi ikkje veit at vi gjør nokka gæli.

Kva tenker dei på som den store utfordringa, The Big Challenge? spør vi. Det er i ferd med å utvikleg seg til ein workshop her inne.

— Samarbeid, seier Katja Høyem kontant. – For eksempel hjelper det ikkje å slutte å flyge dersom ingen andre gjer det same.

Sandra Diaz. Ho kjem på kva foredragshaldaren heitte, forskar frå Argentina.

Ingvild Reinton føyer til:

— Ein kan ikkje berre prate og klage og ikkje gjere noko, seier Inga Nestgaard.

Så dei gjer noko. Dei er vegetarianarar. Dei handlar varer som lagar lite søppel. Kjøper brukt.

— Dette er nokså normalisert i vårt miljø, men det gjeld jo ikkje alle. Nokon er pesketarianarar, seier Katja Høyem.

Khrono får beskjed på øyret om at rektor Gunnar Bovim, eit heilt ukjent namn for elevane på katedralskolen, er klar for eit kjapt intervju.

Kunnskapsplattforma

Bovim rekk å svare på spørsmålet om kva han gler seg mest over på festivalen – om ikkje dei har sett han, har han sett dei:

— Det er spesielt hyggeleg å sjå skulebarna her, seier Bovim.

— Og at våre forskingsmiljø er i kontakt med dei største forskingsmiljøa i verda, legg han til. For det er kanskje ikkje til å nekte for at festivalen, med alle sine intensjonar om å samle krefter til global handling, også er ei øving i merkvevarebygging for NTNU, universitetet som «challenger everything».

— Vi vil lage ei kunnskapsplattform som samfunnsdebatten kan stå på. For dei store og viktige spørsmåla, som berekraft. Og han er glad for at dei fekk Edward Snowden, eit førebilete, meiner NTNU-rektoren.

— Han står for det han meiner er rett. Han går ikkje på akkord med eigne meiningar.

NTNUS rektor, Gunnar Bovim er stolt over det dei har fått til i Trondheim, Noregs første internasjonale vitskapsfestival, Big Challenge. Foto: Njord V. Svendsen

— Kva med Julian Assange, kunne du invitert han hit? dett det ut av oss.

— Det har vi ikkje diskutert. Vi ønsker å sjå på ulike sider ved sanning og søken etter sanning.

Så kjem politimeisteren i den flotte uniforma si, unnskylder at han avbryt, det luktar vaflar, han gjer merksam på at kronprinsen er på veg. Bovim henger rektorkjedet rundt halsen.

Vismannen

— Nei, eg er ingen løgnar, seier Stephen Fry. — Eller ja, rettar han. Han har jo skrive romanar.

— Vi finn på ting fordi det er ein betre måte å få fram røyndomen på. På scenen spelar Fry rolla som vismann, ein pessimistisk vismann, til terningkast seks. Han skyt til høgre, nasjonalistane som mekkar si eiga sanning og vinn fram i val etter val i Europa. Til venstre, scenenektarane, no-platformers, eller dei illiberale liberale, som han kallar dei, gror same ulla. Den amerikanske infantiliseringa. Den helvetes sjølvhjelpslitteraturen som innbiller deg at du «plutseleg kan bli Frans av Assisi med para med Buddha».

Som trur sanning er noko som dalar ned i hovudet på ein. Nei, du må jobbe for sanninga, formanar Fry.

Knasande kryp på NTNUs vitenfestival. Besøkande på larvestanden undersøker framtidas mat, både i levande og foredla tilstand. Foto: Njord Svendsen

— Det er som å grave gull. Du må lokalisere, grave, foredle, produsere. Sanning er hardt arbeid.

Lenge før nokon hadde høyrt om internett, fortel Fry, oppdaga han dette fenomenet. Allereie før det kom på lufta i 1993 og berre var noko dei sysla med på fysikklaboratoriet i Cern, hadde Fry sett internettlyset og rekna med at no ville alle opne seg for kvarandre, på tvers av kulturar, hudfargar og kulturelle og politiske skilje, og vi ville alle forstå kvarandre her i verda, bli ein stor familie.

— Men på eit tidspunkt vart det løfta på lokket og alle trolla kom ut …

No er det kombinasjonane av teknologiske framsteg i kunstig intelligens, bioteknologi og nanoteknologi det handlar om – alt som kan redde oss. Teknologien er om ikkje den einaste, så ein viktig del av løysinga på dei aller største utfordringane.

— Til saman er det ein teknologisk tsunami som er på veg mot oss, seier Fry, som ikkje er in the mood for britisk understatement.

Den svarte bilen kjem med kronprins Haakon Magnus i kongeblå dress og blir helst av politimeisteren før han går inn i Olavshallen for å høyre på Stephen Fry. Foto: Njord V. Svendsen

— Og vi må vere klare for den tsunamien. Vi gjekk i søvne inn i internettalderen. Vi må ikkje sovne no igjen, åtvarar Fry. For då vil robotane, eller hybridane, eller humanoidane, eller kva det no blir, gjere kort prosess med oss heilbiologiske menneske, om vi tenner gnisten, gir dei medvit og evne til å bestemme sjølv, og det er Fry redd for at nokon kjem til å gjere.

Dei to oppe på scenen blandar etter kvart ein temmeleg intellektuell salat, det skadar ikkje med mellomfag i litteraturvitskap. Antikke mytar og franske poststrukturalistar gir ein viss tyggemotstand for kronprinsen, politimeisteren og rektor og dei andre i den ikkje heilt fulle Olavshalllen. Stephen Fry, komikaren, skodespelaren, forfattaren (av både skjønnlitteratur og sakprosa), journalisten, programleiaren har vore mindre morosam enn vanleg, men gitt desto meir å tenke på.

Er forresten ikkje festivallogoen ein smule geosentrisk?

Vi tar turen ned på jorda, ned i jorda.

Larvene

— Smake? Smak!

Vi nøler. Larvene er daude, tørre og skal vere salte og gode. Nede i utstilingsområdet vil dei ha oss til å ete insekt. Larver og grashopper. Dei er proteinrike og framtidsretta. Berekraftige. Men ei stor utfordring for nokon.

Vis a vis er ein lakseprodusent på stand, laksen er den potensielt største konsumenten av pulveriserte insekt på kort sikt. På lengre sikt, du og eg.

— Ekkelt? Nei, seier Marian Stavland, nyutdanna historikar frå NTNU som står ved disken og testar smaksprøvene. Ho er oppvaksen på gard, med langt større dyr, som ho fortel ho er glad i, også å ete. På ein speidarleir fekk ho første gong prøvd ut larvene, og det er sikkert den rette staden for å venne seg til slikt.

Framtidas mat. Larvar dyrka på Voss. Foto: Njord V. Svendsen

— Smak! Det er godt! seier seljaren, Jakob Irgens Blakstad.

Det er ei stor utfordring.

På messeområdet Futurum kan ein sjå ein meir optimistisk del av vitskapsfestivalen. Ikkje deprimerande klimamodellar og biologisk katastrofar, men optimistisk handling og framtidsgründeri. Det vil seie, ein kan få lytte til prøver av lydforureininga i havet, rekonstruert av tverrfaglege masterstudentar i musikk, kunst og naturvitskap ved NTNU.

Backstage på Futurum, utstillinga der ulike næringsaktørar og gründarar viser fram framtida, som allereie strekker seg inn i notida. Heidi Bjerkan (til venstre) og Karoline Kaspersen i ein pause frå kompostutstillinga. Foto: Njord V. Svendsen

Men elles kan ein kan lære om jordforbedring på mikronivå. Og makro. Smarte byar. Lære om skilnaden på veganar og flexitarianar. Kva slags tekstilar vi vil, eller i alle fall bør, kle oss i framtida som står og venter på hjørnet. Og om korleis grashopper og larvar kan sikre oss ein meir berekraftig kost.

Men i Olavshallen er nettet nede.

Optimismen

Utanfor, i det eskalerande solskinet, sit Agnes Rogstad Hegvik og Cecilie Ilstad Myhre og venter på å få refundert pengar på ein billett til ein avlyst konsert. Det er den umiddelbare utfordringa.

Dernest?

Agnes Rogstad Hegvik (til venstre) og Cecilie Ilstad Myhre venter på at nettet skal kome tilbake til Olavshallen. Foto: Njord V. Svendsen

Frå scenen inne i Olavshallen blir det meldt at ungane som veks opp i dag neppe kan vente seg å leve fargerike korallrev. Korallreva døyr, medan temperaturen stig og stig. Ein time seinare skal den verdsleiande argentinske forskaren Sandra Diaz tildelast Gunnerusprisen for sitt arbeid på biologisk mangfald.

— Eg trur vi vil smelte som dinosaurane, og så kjem alt til å begynne på nytt, seier Cecilie Myhre.

— Nåja, eg er vel litt meir optimistisk, melder Agnes Hegvik, før dei går inn for sjå om nettet kanskje er oppe igjen no.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS