Studentar og tilsette fekk i dag informasjon om at det er trygt å opphalde seg på campus. Foto: Ragnhild Vartdal

Truslar mot BI: — Skremmande

Truslar. Studentar ved Handelshøgskulen BI syns det er skremmande at det har blitt framsett alvorlege trugslar mot høgskulen. Dei etterspør betre informasjonsflyt og tryggingstiltak.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Nydalen (Khrono): Dagen etter at det vart kjent at det er blitt framsett alvorlege trugslar mot Handelshøgskulen BI i Oslo den siste tida, har den verste redselen lagt seg. Politiet har kontroll på ein mann i 20-åra som dei mistenker står bak og dei har opplyst at det er trygt og ferdast på campus.

Det er jo skremmande og ekkelt at dette kan skje i vesle Noreg.

Synnøve Dalseng

Likevel har situasjonen gjort inntrykk på fleire.

— Det er jo skremmande og ekkelt at dette kan skje i vesle Noreg, seier Synnøve Dalseng som går første året på eigedomsmegling ved BI. Ho legg til:

— Vi har ein felleschat med fleire i klassa og der var det fleire som sa at dei vart skikkeleg redde.

Ho sit i atriet på eit bord saman med studievennina Maylen Svae.

Maylen Svae (t.v.) og Synnøve Dalseng saknar betre og meir informasjon kring dei alvorlege trugslane som har blitt framsett mot Handelshøgskulen BI. Foto: Ragnhild Vartdal

Dei to er blant fleire Khrono har prata med som fekk nyss i trugslane før leiinga gjekk ut offentleg med informasjon i går. Det verserte rykter blant studentane i sosiale medium.

— Det er vanskeleg å vite kva ein skal tru på og det heile blir jo veldig uklart, seier Svae.

Informerte berørte studentar under forelesning

Trass i at dei er ganske rolege no og opplever at situasjonen er avklart, så skulle dei ynskt at dei fekk meir informasjon kring situasjonen. Dei trur at om dei hadde fått betre informasjon, så hadde det ikkje versert så mange rykter og spekulasjonar kring hendinga.

Ole Petter Syrrist-Leite er kommunikasjonssjef på BI. Han seier det er fleire årsaker til at dei ikkje har hatt moglegheit til å gå ut med like utfyllande informasjon som kanskje fleire etterspør.

Vi ynskjer alltid å vere så raskt ute vi kan med tydeleg og relevant informasjon. Samstundes er det også tilfelle kor vi må rådføre oss med politiet, som gjer at vi ikkje kan gå ut med utfyllande informasjon umiddelbart.

Ole Petter Syrrist-Leite

— Vi ynskjer alltid å vere så raskt ute vi kan med tydeleg og relevant informasjon. Samstundes er det også tilfelle kor vi må rådføre oss med politiet, som gjer at vi ikkje kan gå ut med utfyllande informasjon umiddelbart, seier Syrrist-Leite til Khrono. Han legg til:

— Studentar på det aktuelle kullet (som den antekne gjerningspersonen red. anm.) vart informert for to veker sidan i samband med ei forelesning. BI valte å oppdatere alle studentar og tilsette om situasjonen i går på bakgrunn av ei rekke bekymringsmeldingar frå studentar etter at bilete og meldingar med truslar vart sirkulerte via dei sosiale kanalane Jodel og Snapchat.

Fritt fram på campus

Dei to studentane har fått hendinga litt på avstand, men gjer seg opp nokre tankar kring generell tryggleik på campus.

— Det jo fritt fram her. Alle kan kome inn her, også på biblioteket og i dei ulike romma rundt omkring. Det er litt ekkelt å tenke på i slike situasjonar, seier Synnøve Dalseng.

At BI framleis skal vere opent og fritt i framtida, håper kommunikasjonssjefen at det framleis kan vere.

— Vi følgjer likevel tett dei råda norske tryggingsstyresmakter gir. I rådføring med politiet planlegg vi ikkje nokon umiddelbare endringar utover dei tryggingstiltaka vi allereie har, men er førebudde på å tilpasse oss dersom politiet meiner det er behov for det, seier Syrrist-Leite.

Han opplyser også at BI har beredskapsplanar og rutiner for å handtere ulike krisesituasjonar.

Større bevisstheit

Råd for samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren (Beredskapsrådet) vart oppnevnt og stifta av Kunnskapsdepartementet i 2017. Rådet har eit overordna mål om å styrke arbeidet kring dette i sektoren, at det vert delt erfaringar og praksisar på tvers av institusjonar.

Det er vanskeleg å seie kor langt dei ulike institusjonane har komt i dette arbeidet og ein kan ikkje rekne med at alle har full kontroll på korleis dei skal handtere ei slik hending.

Sindre Bø

I tillegg krev Kunnskapsdepartementet at institusjonane gjennomfører risikoanalyser og utarbeidar kriseplanar for ulike hendingar og ulykker, som til dømes terror eller skyteepisoder.

— Det er vanskeleg å seie kor langt dei ulike institusjonane har komt i dette arbeidet og ein kan ikkje rekne med at alle har full kontroll på korleis dei skal handtere ei slik hending, seier prosjektleir i Beredskapsrådet, Sindre Bø til Khrono. Han legg til:

— Men mitt inntrykk er at det i dei siste åra har blitt mykje større bevisstheit rundt dette. Og det er viktig, for universitetet og høgskular er sårbare arenaar, fordi dei skal vere opne for alle og det skal vere lett å kome seg inn og fram.

Bø peiker på at Kunnskapsdepartementet sist vinter publiserte ei tiltaksliste for førebygging av radikalisering og voldeleg ekstremisme i sektoren, som statsråd Iselin Nybø oppmoda kunnskapssektoren til å nytte i beredskapsarbeidet. Lista vart utarbeida av Beredskapsrådet.

— Denne planen la grunnlaget for oppdateringar på Sikresiden.no kor vi gir råd til korleis ein kan handtere bekymringar kring ekstrem radikalisering blant studenter eller tilsette, seier Bø.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS