Her er bileta frå Holbergbanketten

Holbergprisen. Statsråd Iselin Nybø tok i mot prisvinnarane og andre gjester til Holberg-bankett i Håkonshallen. Sjå bileta her.

Publisert   Sist oppdatert

Til trommeslag frå buekorpsgutar kom dei på rad og rekke til bankett i Håkonshallen i Bergen. Først statsråd Iselin Nybø, deretter Holbergprisen sin styreleiar Sigmund Grønmo, så fagleg leiar Ellen Mortensen saman med Sir David Cannadine, som skulle halda tale under middagen.

Gilroy er ein mentor. Han viser kva som er mogleg, og er i tillegg ein varm og generøs person
Temi Odumosu
Forskar Malmø universitet

— Du har til og med fått på plass sola, smilte Cannadine til Nybø på veg inn.

Fakta

Paul Gilroy

Fødd og oppvaksen i London. Studerte ved Sussex University og tok seinare doktorgraden ved Birmingham Centre for Contemporary Cultural Studies under Stuart Hall og Richard Johnson.

Har hatt professorat innan fleire fagfelt ved mellom anna Yale University, London School of Economics og Goldsmiths College. Er i dag professor ved King’s College i London.

Har mellom anna gitt ut The Black Atlantic: Modernity and Double Conciousness (1993), There Ain’t No Black in the Union Jack (1987/2002), Against Race: Imagining Political Culture Beyond the Color Line (2000) og Darker than Blue: On the Moral Economies of Black Atlantic Culture (2010).

Medlem av British Academy, Royal Society of Literature og American Academy of Arts and Sciences og fleire æresdoktorat. Mottakar av Holbergprisen 2019.

— Ja, for ei kort stund, akkurat når du skal gå inn, svara ho.

Så kom prisvinnarane: Nils Klilm-pris-vinnar Finnur Dellsén og Holbergpris-vinnar Paul Gilroy. Sistnemnde hadde med kona Vron Ware og barna Cora Gilroy-Ware og Marcus Gilroy-Ware. Både Gilroy og Dellsén takka familien sin, særleg konene sine, i talane dei framførte tidlegare på dagen, etter å ha mottatt prisane.

Mange i bunad

— Du veit, den raude løparen er der for deg, smilte Nybø til Gilroy då han kom lett slentrande ut av drosjen.

Praksis er at statsråden og prisvinnarane helser på alle dei inviterte gjestane etterkvart som dei kjem til Håkonshallen. Her er universitetsstyremedlemmer, forskarar, representantar frå UiB og andre institusjonar i sektoren og frå samfunnslivet elles.

— Eg ser fram til å møta representantar for denne prisen og snakka om korleis dei kommuniserer med samfunnet rundt, sa John Grue til På Høyden.

Han er styreleiar for Abelprisen.

Grue stilte i bunad frå Nord-Østerdalen, og var ein av mange bunadskledde. Men få kan skryta på seg å ha gjort det same som Birger Berge frå Holbergprisen sitt sekretariat: Sydd bunaden sin sjølv.

— Eg brukte eit halvt års tid, kunne Berge fortelja.

Han har gjort alt: Sydd bukse, vest og skjorte, brodert, og strikka bunadssokkar, lue og vottar.

— Men sokkebanda har bestemor fletta.

Les også: Stort intervju med Holbergpris-vinnar Paul Gilroy

Gilroy som mentor

— Gilroy er ein mentor. Han viser kva som er mogleg, og er i tillegg ein varm og generøs person, sa Temi Odumosu.

Ho er forskar ved Malmø universitet og kom til banketten saman med Katherine McKittrick, som er førsteamanuensis ved Queens University i Canada. Dei to forskarane var blant dei fire som var inviterte til fagsymposiet som vart arrangert til ære for Gilroy.

Vinnarane av Holbergprisen i skulen vart òg heidra under banketten. Sveinung Arnesen sit i fagjuryen, og synest det var stas å få feira dei unge forskarane.

— Eg tenkjer at det kan vera spadestikk til vidare forsking i nokre av oppgåvene som er levert, sa Arnesen.