Høgskolen i Østfold
Banka gjennom strategi for dei neste åtte åra
Internasjonalt engasjement og lokal forankring skal bli anker for Høgskolen i Østfold fram til 2030. I dag vedtok styret forslag til ny strategi.
Prosessen har gått i snart eit år for å spikre det som skal bli retninga for Høgskolen i Østfold (HiØ) i dei komande åra. Etter høyringsrundar og revisjonar er ny strategi no lagt fram for styret til vedtak.
Strategien dannar ifølgje saksframstillinga «grunnlag for institusjonens arbeid med mål, styringsparametere, resultatkrav og prioriteringer i kortsiktige og langsiktige aktivitetsplaner». Allereie frå budsjettet for 2023 vil det ifølgje HiO bli sett av pengar for å «stimulere til oppnåelse av strategiens ambisjoner».
Den faglege profilen og satsingsområda til høgskulen skal ifølgje strategien byggast på tre pilarar: Det digitale samfunn, språk (i opplæring) – og ein så langt ukjent pilar omtalt som x. Tanken er at denne skal reflektere «viktigheten av å være åpen, søkende og lydhør i forhold til fagområder som vokser frem (…)».