Illustrasjonsbilete fra eit bibliotek på OsloMet. Foto: Cicilie S. Andersen
Illustrasjonsbilete fra eit bibliotek på OsloMet. Foto: Cicilie S. Andersen

Brot i forhandlingar om tidsskrift

Tidsskrift. Kunnskapsdepartementet har førebels ikkje klart å få til ein «publisér og les»-avtale med dei store forlaga. Institusjonane har tilgang til tidsskrifta ut året.

Publisert   Sist oppdatert

Abonnement på vitskapelege tidsskrift er dyrt, så dyrt at norske utdannings- og forskingsinstitusjonar ikkje lenger vil betala det forlaga krev. Ved årsskiftet gjekk den eksisterande avtalen med fleire av forlagshusa ut, og Kunnskapsdepartementet sitt tenesteorgan har forhandla med to av dei største forlaga om ein ny avtale.

No skriv Forskerforum at det er brot i forhandlingane, og at det ikkje vert nokon ny avtale i denne omgang. Men institusjonane får ha tilgang til tidsskrifta etter gjeldande avtale ut året.

Publiser og les

Me må innsjå at me ikkje kjem i mål. Tilboda forlaga la på bordet var ikkje akseptable for oss.
Nina Karlstrøm
KD sitt tenesteorgan

I dag må ein betala abonnement for å få lesa tidsskrifta. Institusjonane vil heller ha ein modell der ein betalar for at artiklar skrivne av norske forskarar skal verta gratis tilgjengeleg, altså ein publiser og les-avtale. Open tilgang til forsking har vore på dagsorden dei siste åra, og regjeringa har som mål at alle norske vitskapelege artiklar som er finansiert av offentlege midlar skal vere ope tilgjengelege innan 2024.

Men forlaga vil ikkje.

— Me må innsjå at me ikkje kjem i mål. Tilboda forlaga la på bordet var ikkje akseptable for oss, seier Nina Karlstrøm i Kunnskapsdepartemetet sitt tenesteorgan til Forskerforum.

Denne gongen var det dei store forlagshusa Wiley og Taylor & Francis ein ikkje kom til semje med. Men snart går òg avtalen med mellom anna Elsevier, verdas største vitskapelege forlag, ut.

Tyskland har sagt nei

Nettopp Elsevier har tyske forskings- og utdanningsinstitusjonar allereie forhandla med. 200 institusjonar seier nei til krava frå forlaget. No skal nederlandske institusjonar òg forhandla med forlaget, skriv Forskerforum. Det er allereie varsla at nederlendarane kjem til å koma med same krav som dei tyske naboane har gjort. Også her handlar det om «publisér og les»-avtaler.

Karlstrøm i KD seier til Forskerforum at det kan sjå ut til at maktbalansen er i ferd med å endra seg. Det er større openheit kring forhandlingane enn det var tidlegare, og institusjonane har i større grad samla seg for felles forhandlingar med forlagshusa. Mellom anna har meir enn hundre britiske universitetsbibliotek samla seg om eit protestbrev til Taylor & Francis.

– Det kan tyda på at maktfordelinga i forhandlingane er i ferd med å snu, seier Karlstrøm til Forskerforum.

UiB brukar åleine nærare 50 millionar kroner i året på vitskapelege tidsskrift. I fjor brukte Universitetsbiblioteket meir enn tenkt på mediebudsjettet, først og fremst på grunn av valutakursane. Dette kjem fram i økonomirapporten for 2017.

Ut 2018 har altså norske forskarar tilgang til artiklar skrivne i dei vitskapelege tidsskrifta. Kva som skjer frå 2019 er førebels uvisst.