Fantasifulle historier om Tsjernobyl

I år er det 30 år sidan den tragiske ulykka ved kjernekraftverket i Tsjernobyl hende. Jon Samseth trekker fram at det har vore publisert mykje feilinformasjon om konsekvensane av ulykka.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I år er det 30 år sidan den tragiske ulykka ved kjernekraftverket i Tsjernobyl hende. I dei åra som har gått har det vore publisert mange fantasifulle historier om ulike merkelege skapningar og misfoster som eit resultat av strålinga og mange grovt overdrivne tal og direkte feil om effektane av ulykka. Det triste er at mange journalister og politikarar tar dette for god fisk og tydeleg manglar elementære analytiske evner til å vurdere sanningsinnhaldet.

Kva veit vi eigentleg om effektane? Det har vore store internasjonale studiar i etterkant av bombene Hiroshima og Nagasaki. I tillegg har det vore omfattande studiar etter Tsjernobyl. Både IAEA, WHO og UNSCEAR er involvert i dette. UNSCEAR (United Nations Scientific Committee on the Effects of Atomic Radiation) publiserte i 2008 den mest omfattande studien over effektane etter Tsjernobyl så langt.

Ein deler ofte opp i 3 ulike effektar av stråling: Akutte dødsfall som resultat av ekstremt høge stråledosar, langtidseffektar i form av kreft og moglege genetiske skadar. I tillegg kjem at mange ikkje klarar den sosiale og psykiske påkjenninga som det å ha blitt evakuert frå område som har høgare strålenivå enn det styresmaktene tillet. Det syner seg at det kan vere i denne siste gruppa at dødstala er størst.

Akutte dødsfall er lette å registrere, sidan ein veit kven som har vore utsett for sterk stråling og ganske snart vil sjå om dei utviklar strålingssjuke og døyr innan nokre månader. I Tsjernobyl utgjorde denne gruppa dei såkalla ”liquidators”, dei som gjennom sin heltemodige innsats klarte å slokke brannen og dekke restane av reaktorkjernen med sand. Denne gruppa utgjorde om lag 600 personar. Av desse utvikla 106 strålingssjuke og av dei døydde 28 i løpet av dei 4 første månadane. I tillegg døydde 2 ved direkte ulykker i redningsarbeidet.

Når det gjeld langtidseffektane så er det utvikling av ulike formar for kreft som er aktuelt. Dei gruppene som er aktuelle er dei som deltok i redningsarbeidet, dei som vart evakuerte frå området og dei som budde i område der ein fekk nedfall. Totalt reknar ein med at dette utgjorde 5 millionar menneske. I hovudsak er det nedfall av to grunnstoff, radioaktivt jod og cesium som er problemet.

Det har vore publisert mange fantasifulle historier om ulike merkelege skapningar og misfoster som eit resultat av strålinga og mange grovt overdrivne tal og direkte feil om effektane av ulykka. 

Jon Samseth

Det har vore gjort mange epidemiologiske studiar av desse gruppene og ein har funne at det er skjoldbruskkjertelkreft som er den klart største overrepresenterte gruppa. I løpet av dei første 20 åra fram til 2005, som er perioden UNSCEAR såg på, var det i overkant av 6000 registrerte tilfelle hovudsakleg hos barn. Av desse døde 15. Barn er spesielt utsette ved at dei kan få i seg radioaktivt jod gjennom mjølka dei drikk.  I tillegg var det registrert 19 dødsfall mellom «liquidators», men mange av desse hadde andre dødsårsakar enn stråling.

Kor mange som eventuelt vil få forkorta sine liv er umogleg å seie. Dei tala som nasjonale strålevernorgan oppgir er å sjå på som øvre teoretiske grenser og baserer seg på Non-Linear-Threshold hypotesen, men det er mykje som tyder på at ved små stråledoser så gir denne alt for høge dødstal.

Når det gjeld genetiske effektar på menneske har det vore ein fagleg debatt om effekten av små stråledosar. Desse opptrer langt sjeldnare enn kreft og gjer seg utslag i avbrotne svangerskap, dødfødde,  osv. og stort sett ikkje i form av misdanningar. Det ein veit frå atombombene er at det var ufødde foster som vart påverka. Etter Tsjernobyl har det vore gjennomført fleire studiar, men bare ein av desse har ikkje gitt eintydige negative svar.

Om 20 år vil vi vite meir. Vi vil aldri få noko sikkert svar på dette, men eg vil ikkje bli overraska om at det totale talet på døde vil bli estimert til å vere godt under 1000, kan hende så lågt som 100. Dette står derfor i sterk kontrast til den millionen døde av rundt 5 millionar innbyggarar som mange oppgir.

Kjelder:

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS