— Eg synest at eit forlik er eit gode, og at det er bra for dei fem medarbeidarane det gjeld, seier tidlegare styreleiar for Norsk Ordbok, Magnus Rindal. Den 19. juni inngjekk UiO eit rettsforlik med fem av dei oppsagde medlemane i Norsk Ordbok.

Forlik er tap av renommé

Forliket er både eit økonomisk tap og eit renommé-tap for universitetet, meiner tidlegare styreleiar i Norsk Ordbok.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det var tirsdag Uniforum kunne melda at UiO har inngått eit forlik med fem av medarbeidarane i Norsk Ordbok.  Norsk Tenestemannslag varsla i januar at dei ville saksøkja UiO for usakleg oppseiing av seks av sine medlemar i Norsk Ordbok.

Skulda UiO for usakleg oppseiing

Dei var mellom dei 23 tilsette som i juni i fjor alle fekk varsel om oppseiing frå UiO frå og med årsskiftet. Grunngjevinga var at det ikkje lenger var pengar på budsjettet til å halda fram med prosjektet Norsk Ordbok 2014 etter denne datoen. Oppseiinga blei endeleg stadfesta av Universitetsstyret i desember.

Like etterpå gav forbundssekretær Siv Anita Hagen i Norsk Tenestemannslag UiO klar melding om at organisasjonen på vegner av seks av medlemane sine ville skulda UiO for usakleg oppseiing og be Arbeidsretten ta endeleg stilling til saka.

Forlik i juni

Eg er overraska over at UiO ikkje kjenner regelverket i norsk arbeidsliv.

Magnus Rindal

Den 19. juni i år blei det likevel forhandla fram eit rettsforlik i Oslo tingrett mellom UiO og fem av NTL-medlemane i Norsk Ordbok.  Prosjektdirektør Åse Wetås og redaktør Knut Karlsen får begge halda fram i full stilling fram til det siste bandet av ordboka er avslutta desember 2015, samtidig som dei begge får utbetalt ei heil årslønn som kompensasjon.

I 12 år var språkprofessor Magnus Rindal styreleiar for prosjektet Norsk Ordbok 2014.  Han sa opp vervet i fjor haust og grunngav det med at Institutt for lingvistiske og nordiske studium som prosjekteigar sjølv ynskte å overta den reelle styringa av prosjektet.

— Eit godt forlik for dei tilsette

Frå sidelinja har Magnus Rindal (bilete under) no fylgd med på konflikten mellom dei tilsette i Norsk Ordbok og Universitetet i Oslo, som no har enda med eit forlik.

— Universitetet har tapt klart i  denne saka, slik eg tolkar forliket.  Eg synest at eit forlik er eit gode, og at det er bra for dei fem medarbeidarane det gjeld. Det er dei som definitivt har kome best ut av denne saka, seier Magnus Rindal til Uniforum.

Den tidlegare styreleiaren for Norsk Ordbok sa altså opp vervet sitt etter at Institutt for lingvistiske og nordiske studium sjølv ville ha den reelle styringa med prosjektet. Etter at han gjekk av som styreleiar, overtok instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen sjølv styreleiarvervet.

— Taper både renommé og pengar

— Med det forliket som UiO har gått med på, må universitetet betala ut langt meir pengar enn det som det gamle styret for Norsk Ordbok hadde rekna med for 2015.  Det mest alvorlege er likevel tapet av renommé som er påført UiO i denne konflikten, understrekar Magnus Rindal.

Etter hans meining finst det også sider ved saka som gjer at han stiller spørsmål ved dømmekrafta til UiO.

— Eg er overraska over at UiO ikkje kjenner regelverket i norsk arbeidsliv så godt at dei kunne ha unngått å hamna i denne klemma.  Det er ingen gyldig grunn til oppseiing så lenge det finst arbeidsoppgåver og finansiering for dei tilsette. Det var det i dette tilfellet, konstaterer Rindal.

No håpar han at prosjektet Norsk Ordbok 2014 kan losast i hamn til oppsett tid før nyttår.

— Eg ber om at UiO syter for at det tolvte og siste bandet har like høg kvalitet som dei tidlegare banda i ordbokserien, seier Magnus Rindal.

— Ikkje heilt nøgde

Det var LO-advokat Imran Haider som var prosessfullmektig i Oslo tingrett for dei fem tilsette i Norsk Ordbok.

— Begge partar har gitt litt, så me er sjølvsagt ikkje heilt nøgde.  I utgangspunktet ynskte me at både Åse Wetås og Knut Karlsen skulle få tilbod om tilsvarande faste stillingar ved UiO.  Sidan det ikkje var mogleg å få til, var alternativet å lata dei avslutta arbeidet med Norsk Ordbok i fulle mellombelse stillingar fram til nyttår, og så gi dei ei sluttpakke på ei årslønn kvar, fortel Imran Haider til Uniforum.

Dei tre andre saksøkjarane hadde allereie skaffa seg nye stillingar.

— Utbetalinga av 80.000 kroner på deling til dei, må difor sjåast på som ein kompensasjon for den behandlinga dei meiner seg utsette for frå Universitetet i Oslo, understrekar han.

— Oppseiingane var gyldige

Advokat Siri Kristiansen frå Regjeringsadvokaten var prosessfullmektig for Universitetet i Oslo i denne saka.  Ho kjem ikkje med nokon sjølvkritikk av måten Staten og UiO har gått fram i denne saka:

— Staten har heile tida meint - og meiner framleis - at oppseiingane var gyldige, og at ein har gått ryddig og rett fram heile vegen. Forliket blei inngått av pragmatiske omsyn, skriv Siri Kristiansen i ein epost til Uniforrum. Ho hadde også førebudd seg til ei mogleg arbeidsrettssak.

— Me var slik saka stod, klare til å føra den for retten, men det er alltid fint å finna minnelege løysingar - ikkje minst i arbeidsrettssaker som denne med ei stor dokumentmengd og  mange vitne. Saka ville vart over mange dagar og vore svært ressurskrevjande. Me er i så måte nøgd med forliket og ynskjer  saksøkjarane lykke til vidare, seier Siri Kristiansen hos Regjeringsadvokaten.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS