Leiar i Norsk Ordbok og nytilsett direktør i Språkrådet, Åse Wetås,får ei årsløn i kompensasjon etter at ho blei sagt opp av Universitetet i Oslo. Foto: Språkrådet
Leiar i Norsk Ordbok og nytilsett direktør i Språkrådet, Åse Wetås,får ei årsløn i kompensasjon etter at ho blei sagt opp av Universitetet i Oslo. Foto: Språkrådet

Forlik mellom UiO og tilsette i Norsk Ordbok

Universitetet i Oslo har inngått forlik med fem tilsette i Norsk Ordbok som varsla søksmål mot universitetet for usakleg oppseiing.

Publisert   Sist oppdatert

I forliket frå Oslo tingrett seier Universitetet i Oslo (UiO) seg lei for at oppseiingsprosessen i Norsk Ordbok har vore belastande for saksøkjarane, skriv Uniforum

Mellom saksøkjarane er prosjektdirektør for Norsk Ordbok, Åse Wetås, som nyleg blei utnemnt til ny direktør for Språkrådet.

I forliket understrekar Universitetet i Oslo (UiO) at Åse Wetås som prosjektleiar har tatt ansvar og hatt god prosjektstyring.  Både Åse Wetås og redaktør Knut Karlsen blir i forliket tilbydd nye og sjølvstendige mellombelse heile stillingar som prosjektleiar og redaktør ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium fram til 31. desember 2015.

Oppdraget

Oppdraget deira blir å hjelpa til med fullføringa av det tolvte papirbaserte bandet av Norsk Ordbok, som etter reviderte planar skal vera ferdig 31.12.2015.

Etter denne datoen blir arbeidsforholdet til UiO avslutta, og dei to har plikt på seg til å slutta utan oppseiing, også om arbeidet blir fullført før den datoen. Wetås og Karlsen får begge utbetalt eit sluttvederlag som tilsvarar tolv månader løn. Om dei to sluttar tidlegare, skal sluttvederlaget reduserast til ni månader med løn.

Dei tre andre medarbeidarane som hadde gått til sak mot UiO får ei samla erstatning på 80.000 kroner, som dei må dela seg i mellom.

Skulda UiO for usakleg oppseiing

Det var den 22. januar i år Norsk Tenestemannslag varsla at organisasjonen på vegner av seks av medarbeidarane i Norsk Ordbok, ville gå til sak mot UiO for usakleg oppseiing.

Alle dei 23 tilsette i Norsk Ordbok fekk i juni i fjor varsel om at dei ville mista jobben frå 31. desember 2014. Grunngjevinga var at det var så langt fram det var pengar på budsjettet til Norsk Ordbok, sjølv om prosjektet etter planen skulle avsluttast 1. mars 2015.

Frå nyttår blei oppseiinga av 23 tilsette i Norsk Ordbok gjort gjeldande. Nokre av dei har fått jobbar andre stader, medan seks av medlemane i NTL altså ville gå til søksmål mot UiO fordi dei meinte at oppseiingane ikkje hadde gått rett føre seg. Fem av desse medarbeidarane har no inngått eit forlik med UiO. Dermed blir det ingen arbeidsrettssak mellom UiO og dei tidlegare tilsette i Norsk Ordbok.

Kan ikkje kommentera avtalen

Rettsforliket inneber også at ingen av partane kan kommentera innhaldet i avtalen. Samtidig vil alle partane framover gjera det dei kan for å skapa ro rundt prosjektet, slik at dette kan bli ferdig innan 31. desember 2015.

Under rettsforkliket representerte personaldirektør Irene Sandlie Universitetet i Oslo.  Seniorrådgjevar Greta Holm stilte opp på vegner av Det humanistiske fakultetet, medan instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen møtte for Institutt for lingvistiske og nordiske studium. UiO stilte opp med advokat Siri Kristiansen som prosessfullmektig.

Alle dei fem saksøkjarane var også til stades under forhandlingane om rettsforliket.  Dei hadde alle LO-advokat Imran Haider som prosessfullmektig.  I tillegg deltok også forbundssekretær Siv Anita Hagen frå Norsk Tenestemannslag under møtet i Oslo tingrett den 19. juni i år.