til minne
Anne Karen Bjelland (1952-2023)
Det var med stor sorg vi mottok bodskapen om at vår kjære venn og kollega Anne Karen Bjelland, forlet oss 7.januar i år, 70 år gammal. Ho døydde på Haukeland etter lang tids sjukdom. Vi er mange som vil sakne henne.
Anne Karen Bjelland var utdanna sosialantropolog og var det meste av yrkeslivet tilsett ved Institutt for sosialantropologi, Universitetet i Bergen (UiB). Ho starta på hovudfag ved instituttet i 1979. I ei tid der «alle» antropologar i Bergen reiste til Sudan, bestemte Anne Karen – Anka blant venner, kollegaer og store deler av UiB — seg for å studere eldre i Bergen sine vilkår. Ho gjorde langt og grundig feltarbeid på ein bergensk aldersheim, med sosial organisering som sentralt tema. Etter ein periode som stipendiat ved instituttet frå 1982, starta ho på si meir tverrfaglege verksemd, der ho mellom anna samarbeidde med psykologi og medisin. Ho tok doktorgraden i 1990. Ein periode på 90-talet var ho tilsett som førsteamanuensis ved Senter for helse- og sosialpolitikk ved UiB.
Anka kom tilbake som førsteamanuensis ved Institutt for sosialantropologi, og ho fekk opprykk til professor i 1995. Ho vart på instituttet til ho pensjonerte seg i 2019. Ved instituttet har Anka bidratt på svært mange måtar. Som førelesar meistra ho den vanskelege kunsten å vere både underhaldande og gjennomtenkt. Lenge før det var vanleg med særleg mykje biletmateriale i førelesingar hadde Anka bunkar med frodige «overheads» som ho piffa opp framstillinga si med. Ho introduserte også nye studentar for det antropologiske feltarbeidet ved å sende dei ut i byen på minifeltarbeid, noko som var så vellukka at det framleis står på undervisingssplanen. Ho var også ein elska og omsorgsfull rettleiar for mange master- og phd-studentar.
Anka var instituttleiar i fleire periodar. Ho var eit menneske som tok ansvar der ho kom. Den siste perioden ho styrte var med utgangspunkt i at instituttet var prega av ein viss mannskapskrise. Trass i at ho hadde heilt andre planer trødde Anka til for å avhjelpe situasjonen. Ho tok ein for laget.
Også som leiar hadde ho sin eigen stil. Av og til kalla ho seg for «bestyrerinden», kanskje som uttrykk for at å leie ein institusjon som eit institutt på universitetet, krev kompetanse, men også ein viss type omsorg for alle dei ulike individa. Ho var oppteken av å verne om tilsettes forskingstid samstundes som ho var nøye på at reinhaldspersonalet på instituttet vart invitert på julebordet.
Anka engasjerte seg også i universitetspolitikken. Ho hadde stor gjennomslagskraft når ho engasjerte seg i ei sak. Med si tydelege røyst og sin politiske teft representerte ho instituttet på ein glimrande måte, mellom anna i fakultetsstyret.
Anka Bjelland var på fleire område ei føregangskvinne. Ho var den første fagleg tilsette kvinna og den første kvinnelege professoren ved instituttet. Ho var tidleg ute med å arbeide tverrfagleg, og ho bidrog vesentleg til det relativt nye feltet medisinsk antropologi, som etter kvart utvikla seg til eit heilt fagmiljø i Bergen. Med sine analysar av norske helseinstitusjonar bidrog ho til å utvikle antropologien sitt grep på norsk kvardagsliv. Ho har også ytt eit viktig bidrag til fagets refleksjon omkring forskingsetikk, der ho alltid hadde eit godt og pedagogisk utgangspunkt i erfaringar frå eige feltarbeid.
Det antropologiske fagmiljøet blir fattigare utan Anka Bjelland. Ho bidrog ikkje berre med sine faglege og politiske kvalitetar, men med heile sin interesserte og engasjerte person. Ho var flink til å lage festar og underheld gjerne sjølv. Som sjølvtrygg bergensar sette ho gjerne ein støkk i gjestar frå Austlandet, til dømes med sin eigen heimesnekra rap for antropologar. Den svært lite sjølvhøgtidelege og inkluderande stilen kunne gjere underverk for stemninga på faglege samkomer og fekk folk til å senke skuldrane. På rausaste vis stilte ho ferieparadiset sitt «Holmen» utanfor Hjellestad til disposisjon for instituttets sommarfestar, gjerne med overnatting.
Anka var eit raust menneske med eit stort nærvær: ho var til stades for dei ho var i lag med. Våre tankar går til hennar kjære Arne og resten av familien og den store sorga dei no må kjenne på.
Anne Karen vil bli sårt sakna, også som venn og kollega.
Kollegaer og venner ved Institutt for sosialantropologi, UiB: Mary Bente Bringslid, Synnøve Bendixsen, Tone Bringa og Edvard Hviding