Påtroppande rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen (t.v.) og nyleg attvald rektor ved Høgskolen i Molde, Hallgeir Gammelsæter, planlegg allianse for å sleppe tvangsfusjon. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Ventar på date med ny alliansepartnar

Påtroppande rektor i Volda og attvald rektor i Molde ventar spente på ein date med påtroppande rektor i Lillehammer, Kathrine Skretting. Dei har ein allianse å tilby.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Høgskulane i Molde, Volda og Lillehammer har også sendt brev til Undervisningskomiteen på Stortinget, med kopi til Kunnskapsdepartementet, om at dei driv med allianseplanar for dei høgskulane som enno ikkje har fått seg nokon fusjonspartnar. Planane som skal bli konkrete til hausten er ein allianse etter sparbankmodellen, for å heve kvaliteten. Brevet ble sendt etter eit møte i Oslo denne veka. 

Her er brevet til Stortinget. 

Det er ikkje berre rektor Hallgeir Gammelsæter i Molde og påtroppande rektor i Volda, Johann Roppen, som er interesserte i nytilsett rektor ved Høgskolen i Lillehammer, Kathrine Skretting om dagen.

Fleire har tatt til orde for at Innlandsuniversitetet bør få ein sjanse igjen - og då er det Høgskolen i Hedmark og nytilsatt rektor der,  Anna Linnea Ottosen, som er aktuell partnar og ikkje karane i vest. 

Lurt å skunde seg sakte

Heile tiltaket skal handle om å styrke kvaliteten. Og då må ein spørje seg: Kva slag kvalitetar treng vi å styrke oss på, korleis kan vi gjere det og eventuelt i samarbeid med kven?

Kathrine Skretting

Hovudpersonen sjølv, Kathrine Skretting, har enno ikkje nokon meining om kven ho skal goblunke tel. 

— Eg trur det kan vere lurt å skunde seg sakte no. Eg må tenkje meg godt om før eg er klar for ein date. Men eg snakkar gjerne med alle, seier ho til Khrono. 

Etter at regjeringa sin konferanse og framlegging av tilstandsrapport i høgare utdanning var slutt tidlegare denne veka, drog dei fleste rett heim. Men ikkje leiinga ved høgskulane i Lillehammer, Molde og Volda. 

Høgskulealliansen

Dei leigde seg inn på eit møterom på eit hotell i Oslo og hadde møte om ein framtidig høgskuleallianse mellom aust og vest.

Frå Lillehammer var det noverande rektor, Bente Ohnstad, som var med på møtet, saman med høgskuledirektør Geir Berg Kastet og prorektor Jens Uwe Korten. 

I møtet gjekk leiarane ved høgskulane gjennom kvalitetsindikatorane i sektorane og dei ulike høgskulanes produksjon i høve til dette.

Ny leiing i august

Møtet konkluderte med at institusjonane gjennom ein allianse kan beholde ei sterk regional rolle samtidig som dei kan møte utfordringar som krev stordrift på ein meir effektiv måte enn i dag. Dette gjeld særleg styrking av EU-forsking, studentutveksling, pedagogisk utdanning og ph.d.-utdanningane, heiter det i ei melding som er lagt ut etter møtet.

Alle dei tre høgskulane får nye styre og leiing frå 1.august, og derfor tek partane sikte på å konkretisere innhaldet i alliansen til hausten når alle er på plass.

Medieprofessor Johann Roppen (biletet over) i Volda er ein av dei påtroppande rektorane som tiltrer 1.august. Han var også med på alliansemøtet i Oslo. Roppen blei vald til rektor på ei program som gjekk for sjølvstende for Høgskulen i Volda, tidlegare i år.

— Har du ombestemt deg no, og gir opp sjølvstendet? 

— Vi ser jo for oss at vi skal halde fram som sjølvstendige einingar, sjølv om vi skal gå inn i ein allianse, seier Roppen. 

Han seier at dei på møtet tirsdag gikk gjennom regjeringa sine nye kriterium for å halde fram aleine. 

— Alle meinte vi kunne halde fram kvar for oss, men samtidig ser vi at det er sterke vindar som blåser i retning av at vi kan bli tvinga til fusjon– sjølv om politikarene ikkje tar akkurat det ordet i sin munn lenger, seier han, og meiner dermed at ein allianse kan vere ein betre måte å samarbeide på. 

Molde-rektor Hallgeir Gammelsæter (biletet over) seier til nettavisen Panorama at: 

— Sjølv om det er skilnad mellom institusjonane, så føler vi oss likestilte. Dei tre høgskulane har mykje av den same rolla i regionane våre og alle ser at vi vil tape på å bli fjernstyrte.

Han viser til Sparbankmodellen som eit døme på korleis dei vil samarbeide. 

Skreting snakkar med alle

Kathrine Skretting (under), som tiltrer som rektor på Lillehammer 1.august, er open for samtalar både med Volda, Molde og Hedmark. 

— Det kan godt vere at det er lurt å ha møter om hva som kan være fornuftig å gjere. Men heile tiltaket skal handle om å styrke kvaliteten. Og då må ein spørje seg: Kva slag kvalitetar treng vi å styrke oss på, korleis kan vi gjere det og eventuelt i samarbeid med kven, seier Skretting. 

Ho legg til at ho ikkje har sett seg godt nok inn i kva som var grunnen til at prosessen om eit innlandsuniversitet stranda. 

— Eg må lese meg opp på det. Kan hende er Innlandsuniversitetet dødt no når Høgskulen i Gjøvik blir ein del av NTNU i Trondheim, sier ho, og legg til: 

— Det må vere faglege grunnar og bevissthet som ligg til grunn for ein fusjon og for ein allianse.

Alliansen kan bli større

I tillegg til den allereie nemde delegasjonen frå Høgskulen på Lillehammer, samt Roppen og Gammelsæter, var noverande rektor i Volda, Per Halse med på alliansemøtet i Oslo. Det same var Moldedirektør, Gerd Marit Langøy. 

Panorama i Molde har spurt rektor Gammelsæter om det også kan vere aktuelt med fleire alliansepartnarar enn dei tre. 

— Vi er ikkje nødvendigvis avvisande til institusjonar som er i samme situasjon som oss og viser interesse for å bli ein del av alliansen, sier Gammelsæter.

Så langt er Høgskolen i Østfold omtrent i same situasjon som dei potensielle alliansepartnarane; aleine og fusjonsfri. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS