NTNU Gjøvik

Alle kunne få toppkarakter med enkelt grep — no må alle ta eksamen på nytt

Huka ein av på absolutt alle svar, gav eksamenen toppkarakter til alle dei 123 studentane.

Studenttillitsvalt Even Brujordet seier det er frustrerande for studentane å måtte ta eksamen på nytt, men at det vil bli ei mykje meir rettferdig gjennomføring.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Gjennomføringa av ein såkalla «multiple-choice»-eksamen gjekk skeis ved NTNU i Gjøvik nyleg, skriv NRK Innlandet.

Dei 123 studentane som gjekk opp til heimeeksamen i det nye emnet «IDG2000 – Områdeemne, Velferdsteknologi på tvers av fag», ved Institutt for Design skjønte tidleg at noko ikkje stemte.

— Opplever stor frustrasjon

I «multiple-choice»-eksamenar får ein vanlegvis poeng når ein svarer rett. Men i eksamensteksten i dette høvet stod det:

«Du kan fylle ut flere og får 1 for rett svar og 0 for feil svar. Dette gjelder alle eksamensspørsmål.»

Eksamenstekst

Kryssa ein altså av for alle svaralternativ på alle spørsmål, så var ein i praksis sikra toppkarakter.

Det heile har ført til at dei 123 studentane no må ta eksamen på nytt.

— Det verkar som dei fleste studentane opplever stor frustrasjon rundt hendinga, seier Even Brujordet til NRK Innlandet.

Brujordet er studenttillitsvalt på Institutt for Design og ein av dei 123 studentane som er råka av situasjonen. Han etterlyser betre rutiner.

— Hadde eksamen blitt tilstrekkeleg kvalitetssikra på førehand hadde vi unngått denne situasjonen, seier Brujordet til NRK.

E-post midt i eksamen

Eit forsøk på å gjere noko med problemet vart gjort undervegs.

Ein halvtime inn i eksamen, får studentane ein e-post, kor det blir slått fast at dei sjølvsagt ville få minus-poeng dersom dei svarer feil.

Studentane fullførte den tre timer lange eksamenen med dette i mente. Men nokre timar etter fullført eksamen, kom ein ny e-post der det stod at dei ikkje ville få minus-poeng for å svare feil.

Så dermed var ein tilbake ved start.

Ikkje mange timane etter det igjen, kom beskjeden om at eksamen ville bli annulert og at den må takast på nytt.

— Dette er svært beklageleg for dei som er råka og det blir no gjort ei grundig evaluering, skriv NTNU Gjøvik i ein e-post til NRK.

Universitetet rosar studentane som raskt oppdaga feilen og varsla om det. Dei opplyser at studentane ikkje mistar nokon av sine eksamensforsøk.

Saman med studentane har universitetet funne ny eksamensdato i januar.

Powered by Labrador CMS