Ny rapport

Akademisk fridom under angrep. I Afghanistan, Kina, Irak. Og USA

Omfattande angrep på akademisk fridom, ifølgje rapport. I Afghanistan, Kina, Myanmar – og USA.

Myanmars hovudstad Yangon, 7. juli 2021: Demonstrantar markerer 59. årsdagen for militærregimets blodige angrep på studentdemonstrasjonar i 1962, der meir enn 100 studentar vart drepne. Etter kuppet 1. februar i år, har regimet på nytt slått hardt ned på studentar og opposisjonelle.
Publisert

— Vi er i ein krisetilstand: Medan afghanske akademikarar prøver å komme unna Taliban og det stadig trongare ytringsrommet i Afghanistan, innfører lovgivarane i meir opne samfunn, som USA, restriksjonar på kva det er lov å undervise om i forelesingssalane, seier Robert Quinn, direktør for Scholars at Risk.

Scholars at Risk er eit internasjonalt nettverk av institusjonar og personar som arbeider for vern av forfølgde akademikarar og akademisk fridom mellom anna gjennom overvaking av åtak på akademikarar og institusjonar globalt.

Denne veka vart den årlege rapporten «Free to Think» lagt fram. I den finst undersøkingar av 332 angrep på akademikarar, studentar og høgare- utdanningsinstitusjonar i 65 land i perioden 1. september 2020 til 31. august 2021.

På lista over «verstingar» som står mellom anna Afghanistan, Kina, Myanmar, Kviterussland, Pakistan og Zimbabwe. Men også i demokratiske land med meir fungerande sivilsamfunn, som USA og Storbritannia, er akademisk fridom under press, ifølgje rapporten.

Drap, fengsling, bortføring

Det er ikkje minst Afghanistan, etter Talibans maktovertaking, som utmerkar seg negativt i gjennomgangen av hendingar i den siste rapporten. 20 års framgang står no i fare for å bli nulla ut, heiter det frå Scholars at Risk.

Også før Taliban tok makta, har akademiske institusjonar vore under hardt press i det krigsherja landet. I november 2020 vart 22 menneske drepne og 50 såra i eit angrep på Universitetet i Kabul frå ekstremistgruppa IS.

Det finst talrike døme på bruk av brutal vald, drap, truslar, fengslingar og bortføringar også i fleire andre land:

  • I det nordlege Nigeria har det vore fleire angrep og målretta drap mot studentar og akademikarar.
  • I Irak vart Ahmed al-Sharifi, ein professor ved Universitetet i Amara skoten og drepen av ukjente gjerningsmenn.
  • I Yemen vart dekan Khalid al-Hameidi drepen på veg til universitet, truleg på grunn av kritiske ytringar om islamsk ekstremisme.
  • I Malaysia har studentar mottatt truslar om drap og valdtekt mot seg sjølve etter å ha vore kritisk til monarkiet i landet.
  • I Brasil har statsadvokaten oppretta sak mot ein akademikar som har kritisert arbeidet deira.
  • I India er studentar og akademikarar blitt fengsla for kritikk mot styresmaktene.
  • I Hongkong lever det akademiske samfunnet under konstant fare for å bli offer for den nye tryggleikslova innført av det kinesiske regimet.
  • I Kviterussland har akademikarar og studentar som protesterte då diktatoren Alexander Lukashenko erklærte seg som valvinnar i 2020 blitt suspenderte eller mista jobben.

Dette er berre eit utsnitt av den lange og dystre lista frå Scholars at Risk-rapporten.

USA: Trump og Zoom-bombing

Rapporten har vigd eit heilt kapittel til USA. Der er ikkje drap og forsvinningar ein del av den akademiske kvardagen.

Den aukande politiseringa og polariseringa utgjer derimot ein trussel mot akademisk fridom, meiner ifølgje Scholars at Risk. Rapporten viser mellom anna til såkalla «Zoom-bombing» under pandemien, ei form for kapring av undervisning, møter og arrangement frå utanforståande aktørar. Eitt av mange døme som blir trekt fram er frå Brandeis University, der ein paneldiskusjon med tittelen «Kulturelt folkemord: Eit overblikk over uighurar i Xinjiang, Kina» var sabotert.

Rapporten peikar også på tidlegare presidents Trump forsøk på å avgrense den akademiske fridomen i landet. Delstatar har også innført restriksjonar på undervisning innan enkelte fag og retningar, som kritisk raseteori.

— Dersom vi skal kunne verne om høgare utdanning som unik kraft til å skape løysingar på dei mest presserande utfordringane vi har i dag, må både politikarar, universitetsleiarar og sivilsamfunnet offentleg demonstrere vilje til å hindre åtaka og fremje akademisk fridom, seier Clare Robinson i Scholars at Risk, i ei pressemelding.

Powered by Labrador CMS