Kortnytt

7 nye smitta ved NHH, 3 ved UiB

Sundag ettermiddag melder Bergens Tidende at sju nye studentar ved NHH er smitta av covid-19 siste døgeret. NHH opplyser i ei pressemelding at no er 127 studentar ved høgskulen smitta.

Avisa melder også om tre nye smittetilfelle ved Universitetet i Bergen sidan laurdag. Her er totalt 25 studentar no koronasmitta.

I alt er 192 studentar i Bergen smitta, melder avisa sundag.

(Ragnhild Bjørge/ Khrono)

Powered by Labrador CMS