søkjarliste
27 søkjarar til fire dekanstillingar
Fleire sitjande leiarar står på søkjarlista til fire dekanstillingar ved Høgskolen i Innlandet.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Fire av dei seks fakulteta ved Høgskolen i Innlandet skal ha ny leiar frå nyttår. Då søknadsfristen gjekk ut 1. september, hadde det meldt seg totalt 27 søkjarar. Ved tre av fakulteta er sitjande dekan på søkjarlista. Dette er Ingrid Guldvik, dekan ved fakultet for helse- og sosialvitskap, Morten Ørbeck, dekan ved fakultet for lærarutdanning og pedagogikkvitskap og Karin Julsrud, dekan ved Den norske filmskolen.
Åtte vil verta helsedekan
Ved fakultet for helse- og sosialvitskap har desse meldt seg:
- Ingrid Guldvik (65), dekan ved fakultet for helse- og sosialvitskap
- Liv Ødbehr (56), instituttleiar
- Ine Wigernæs (52), førsteamanuensis/fagenhetsleder/ forskningsgruppeleder
- Eivind Opsahl (50), avdelingssjef
- Raoul Nap-Goedhuis (53), dean, Oldambt, Nederland
- Boye Welde (52), førsteamanuensis
- Per Morten Fredriksen (55), professor
- Ein kvinneleg søkjar er unnateke offentlegheit
Blant akademikarane på lista er Liv Ødbehr er institutttleiar ved Institutt for helse- og sjukepleievitskap ved Høgskolen i Innlandet. Boye Welde er tilsett ved Idrettshøgskolen ved Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet, Ine Wigernæs er tilsett ved Institutt for helsevitskap ved NTNU Gjøvik og Per Morten Fredriksen er professor ved Høyskolen Kristiania.
Seks vil leia lærarutdanninga
Boye Welde har òg søkt stillinga som dekan ved Fakultet for lærerutdanning og pedagogikk. Dei andre på denne søkjarlista er:
- Pavlina Ivanova (51), rektor
- Phalangchok Wanphet (46), professor Nord Universitet
- Marit Honerød Hoveid (61), professor i pedagogikk
- Morten Ørbeck (61), dekan
- Arild Hovland (60), førsteamanuensis
- Ein kvinneleg søkjar er unnateke offentlegheit
Prorektor vil verta dekan
Ved Fakultet for audiovisuelle medier og kreativ teknologi er det tre søkjarar som er unntekne offentlegheit; to menn og ei kvinne. Jens Uwe Korten har òg søkt. Han var tilsett ved Høgskolen i Lillehammer før samanslåinga til Høgskolen i Innlandet, og er no prorektor for samfunnskontakt. Korten var òg blant søkjarane til rektorstillinga ved Høgskolen i Innlandet. Der vart som kjent Peer Jacob Svenkerud tilsett i vår.
Den siste søkjaren er, ifølgje ei pressemelding frå høgskulen, Jo Sondre Moseng. Han er instituttleiar ved TV-skulen.
Fire av dei seks søkjarane til stillinga som dekan for Den norske filmskolen er unntekne offentlegheit. Dei to som er kjende, er sitjande dekan Karin Julsrud og i tillegg Ahmad Alhaffar.
Nøgd rektor
— Me har gode kandidatar til alle dei fire ledige stillingane. Dette er heilt sentrale leiarstillingar som vil bidra sterkt til høgskulen si vidare utvikling, seier rektor Peer Jacob Svenkerud i pressemeldinga.
I sommar var Marit Roland tilsett som dekan ved Svenkerud sitt gamle fakultet Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap. Det siste fakultetet, Fakultet for anvendt økologi, landbruksfag og bioteknologi, er leia av Maria Hörnell Willebrand.