korona

23 svenske forskarar hardt ut mot Tegnell

Svenske forskarar meiner det er på høg tid at Sverige ser til Noreg og dei andre nabolanda for å få ned talet på koronasmitta.

Anders Tegnell på ein av pressekonferansane. Sverige har hatt ei anna tilnærming til koronaviruset enn nabolanda.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ifølgje VG si oversikt har 5370 svenskar døydd av covid-19. I Noreg er talet 250. Danmark har per 1.juli vel 600 døde, Finland i overkant av 300.

Sverige sin strategi har vore annleis enn nabolanda: Det svenske samfunnet har ikkje vore stengt ned på same måte.

Sjefsepidemolog Anders Tegnell har fått mykje kritikk, og no går 23 forskarar, i hovudsak medisinprofessorar, ut mot han i eit innlegg i den svenske avisa Expressen:

«Naboane våre har stengt restaurantar og store forsamingslokale, dei har gjennomført omfattande testing, dei har konsekvent gjennomført smittesporing og dei har isolert dei som har vore i nær kontakt med smitta», skriv forskarane i innlegget med tittelen: «At begrensa antallet döda er ditt jobb, Tegnell».

Tegnell: Få fornuftige forslag

Det er ikkje første gong Tegnell får kritikk frå desse forskane. I eit intervju med Expressen TV sa han at han ikkje har problem med å få kritikk, men at det har vore få fornuftige forslag til kva ein kan gjera annleis.

Han peika på at det både no og til hausten vil vera viktig å ta ansvar og halda avstand til kvarandre.

Det er det Tegnell seier om fornuftige forslag som gjer at forskarane reagerer:

— Når Tegnell hevdar at våre forslag ikkje er fornuftige og kan gjennomførast, underkjenner han det Noreg, Danmark og Finland har gjort med hell.

Meiner ein bør innføra munnbind

Forskarane viser til Verdas helseorganisasjon (WHO), som tilrår bruk av munnbind. I Sverige, der det framleis er så mykje smitte, vil det ha god effekt, skriv dei.

— Me ber om at det, basert på vitskapelege data og røynsler frå andre land, vert innført munnbind, skriv forskarane, og ber om at det òg vert innført karantene for dei som har vore i nærkontakt med smitta personar.

— Dersom Tegnell innfører bruk av munnbind, vil me sjå at talet på smitta, sjuke og døde vil gå dramatisk ned.

Trur fleire kan vera immune

I Noreg var det VG som først skreiv om debattinnlegget.

VG skriv òg at ei ny undersøking frå Karolinska Institutet viser at fleire enn ein har trudd kan vera immun mot covid-19, sjølv om ein berre har hatt lette symptom. UiO-forskar Gunnveig Grødeland seier til VG at denne studien gir grunn til forsiktig optimisme, men at det er for få som har delteke til at ein kan seia noko om kor gyldig han vil vera for heile befolkninga.

Powered by Labrador CMS